På sporet av fôret

20180726-OSP-9152_nedlagt-jord_Kalvika_Sørfold_Nordland__kl-1527

Rundt i landet ligg mykje jordbruksareal gøymt under eit kaos av ville plantar - mjødurt, geitrams, høymole og andre. Dei fyller fort igjen dyrka mark som er ute av bruk. Fleire tar no til orde for å etablere ein jordbank for slikt areal, som ein reserve å trekke på når krisa er der. Foto: Oskar Puschmann.

Kan jord ute av bruk bli ein del av vår nasjonale matberedskap? Årets tørkesommar viste at vi treng oversikt over grasareal som ikkje blir nytta. Fagfolk i NIBIO tok på seg oppgåva.

Fasiten er at rundt ni prosent av all dyrka mark i Noreg, eller 800 000 dekar, kan vere slikt areal. Men ute av bruk, betyr ikkje ubrukeleg eller verdilaus. Tvert imot. Slike areal kan utgjere eit nasjonalt reservelager for gras. Altså vere ein del av vår matberedskap.


Ein sommar er over

Tørkesommar og fôrkrise sette klima på dagsorden i ein samanheng som var ny for mange. Media var prega av brunsvidde jorder og dyr som mangla gras.

Det vart jakta på gras overalt. Areal som ikkje hadde vore i bruk på mange år kom til ny nytte. Kantslått fekk ny verdi. Til og med ljåslått fekk sin renessanse.

For bøndene som ikkje vart redda av ein god tredjeslått, vart løysinga import av grovfôr, luta halm og rundballar som fann vegen frå nord til sør i landet. Sommaren pregar og bondens økonomi. Fôrkostnadene kan bli langt høgare framover enn vanleg.

 

Areal med  graspotensial

Bakteppet ovanfor var det som sette to NIBIO talknusarar på sporet av fôret. Samfunnsgeograf Henrik Mathiesen ved avdeling for geomatikk fortel:

- Vi veit ikkje når noko liknande kan skje igjen. Om ikkje det er tørke, så kan mykje regn gi same behov, at vi treng alternative område å hauste mat av når krisa rammer.
- Da treng vi og å vite kor denne jorda finst. I sommar var det ingen som visste kor det var ledige areal å bruka til auka grasproduksjon. Derfor ønska vi å finne ut kor slike areal finst rundt i landet, og kor store dei er, seier han.

 

Fann svar i ulike kjelder

For å få svar måtte dei kople saman ulike datakjelder. Først henta dei inn tal for dyrka mark, frå nasjonale arealressurskart, AR5. Så kopla dei desse mot eigedomsdata frå Statens kartverk for å finne jordbruksareal per landbrukseigedom.

Koplinga til areal per eigedom var nødvendig for å kunne sortere ut jordbruksareal i drift frå summen av alt jordbruksareal. For det var jordbruksareal ute av drift ein jakta på.

For å komme dit måtte dei gå vegen innom registeret for bøndene sine årlege søknader om produksjonstilskot, såkalla PT-data på stammespråket.

- Når bøndene søkjer om produksjonstilskot, oppgir dei samtidig kor areala er som dei søkjer støtte for å drive, og kor store desse er. PT-søknadene gir dermed eit bilete av jordbruksareal i drift, forklarer Mathiesen.

- Areal ute av drift fekk vi fram som differansen mellom totalt jordbruksareal i landet minus summen av arealet bøndene har søkt om tilskot for.

Mathiesen presiserer at eit jordbruksareal ikkje treng å vere ute av drift sjølv om det ikkje finst i PT-registeret. Til dømes blir det ikkje gitt tilskot til beite for hest.

- Som du forstår, må lokalkunnskap til for å kvalitetssikre anslaga, legg samfunnsgeograf Mathiesen til.

 

Oversikt bør vere nasjonalt ansvar

Hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane heldt dei på med ei utgreiing om forureining frå landbruket i fylket da tørkesommaren kom. Brått fekk bøndene akutt behov for å finne nye område som kunne gi mat til dyra.

- Vi snudde oss rundt og brukte same datamateriale som utgangspunkt for å sette saman ei oversikt over ‘ledige’ jordbruksarealareal, fortel seniorrådgjevar Enisa Saracevic. Ho er geodata-ansvarleg og jobber mykje med kartdata.

- Resultatet gjorde vi tilgjengeleg for alle og la det ut på fylkesatlas.no. Gardbrukarane vart glade for oversikten, seier ho.

Den same oversikten er flittig brukt av bønder som planlegg å utvide produksjonen og derfor søker etter leigeareal.

Snart skal Enisa Saracevic og kollegaene lage tilsvarande oversikt for Hordaland fylke. Naturleg nok, kanskje, sidan dei fylka snart skal bli til eitt.   

Saracevic og fungerande landbruksdirektør Bjørn-Harald Haugsvær er samstemde i at det bør vere eit nasjonalt ansvar å produsere slik oversikt for heile landet. Spesielt sett i lys av klimaendringar, og at det ofte kjem spørsmål om alternative jordbruksareal.
 

Jordbank under etablering

Også i Finnmark er dei i gang med å skaffe seg oversikt over jordbruksareal ute av drift. Det skjer i regi av prosjektet Mer jord i drift i Finnmark – vinkla mot bondens driveplikt.

- Vi meiner driveplikta er heilt sentral for å halde jordbruksareal i hevd, seier rådgjevar Eli Cora Myrseth ved Landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Finnmark.

- Målet vårt er at fleire skal forstå verdien av driveplikta, og derfor ta vare på jordbruksareala i større grad enn no.

I dialog med bonden handlar det om ta vare på dyrka mark anten jorda er i bruk eller ikkje. Jordbank kallar dei oversikta over areala som er ute av bruk. Myrseth forklarer:

- Alt er i endring. Sjølv om marka ikkje er i bruk i dag, kan det godt bli aktuelt i ein annan samanheng. Da treng vi å ha jordbruksareal i banken.

 

Forsikring for framtida

Myrseth meiner og det bør vere eit nasjonalt ansvar å utarbeide tilsvarande oversikt for landet, på fast basis.

Fagleg koordinator i NIBIO, Geir Harald Strand, er open for tanken.

- Statistikk som den vi har utarbeidd kan inngå som grunnlag for politikkutforming og val av virkemiddel for å møte framtidige fôrkriser, seier han.

Strand meiner ‘øvinga’ som han kallar det, viser at det er mogleg å etablere beredskap for framtidige hendingar. Det er samtidig eit argument for at statistikken bør produserast rutinemessig. Kart ned på eigedomsnivå kan leggjast ut på nett.

- Ei slik teneste kan hjelpe lokal landbruksforvaltning og interesserte bønder med å finna areal som kan vere ledige for auka produksjon, seier fagkoordinatoren.

- I ein krisesituasjon som den i 2018, kan kartet og brukast til å identifisera areal som ein bør ta initiativ til å hauste sjølv om det ikkje blir drive aktivt jordbruk der, avsluttar Geir Harald Strand.

KONTAKTPERSON
Om produksjonstilskot

- Produksjonstilskudd er en fellesbetegnelse for en rekke tilskuddsordninger som foretak som driver vanlig jordbruksproduksjon kan søke på.

Formålet med produksjonstilskudd er "å bidra til et aktivt og bærekraftig jordbruk innenfor de målsettinger Stortinget har trukket opp."

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Klassifisering av jordbruksareal

Alt jordbruksareal i Norge er registrert i tre klassar som fortel kva jorda er eigna til:

  • Fulldyrka jord - det folk flest vil kalle ein åker.
  • Overflatedyrka jord - er jordbruksareal som ikkje kan pløyast, men kan haustast maskinelt. Typisk grasareal.
  • Innmarksbeite - kan vere bratt, steinete og ha tre som gjer maskinell hausting umogleg. Må haustast av beitedyr.

 

Denne saka handlar om areal i dei to første kategoriane.

Geodata-ansvarleg Enisa Saracevic og fungerande landbruksdirektør Bjørn-Harald Haugsvær, begge ved landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Bildet viser dyrka mark som er delvis slått og delvis ikkje slått. Det viser kor lite som skal til før ein ser at noko er jordbruksareal, og før marka ser stelt ut. Foto: Kjetil Fadnes.
- Vi veit ikkje når noko liknande kan skje igjen, fortel samfunnsgeograf Henrik Forsberg Mathiesen i NIBIO. Om ikkje det er tørke, så kan mykje regn gi same behov, at vi treng alternative område å hauste mat av når krisa rammer. Foto: Kjersti Kildahl.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.