Ni fakta om norsk landbruk

Utsyn over jordbrukslandskapet i Strandebarm i Hardanger, Vestland_Foto Kjersti Kildahl

Utsyn over jordbrukslandskapet i Strandebarm i Hardanger, Vestland. Foto: Kjersti Kildahl.

I dag drikk kvar av oss 89 liter mjølk årleg. For vel 30 år sidan drakk vi nesten 90 liter meir. Vi et 18 kilo ost og 67 kilo kjøt. Det er 5 kilo meir ost, og nesten 20 kilo meir kjøt enn i 1988. Økologisk jordbruksareal går ned medan sal av økologiske matvarer berre aukar.

Slike tal og mange fleire er samla i NIBIO si årlege oppsummering av statistikk om norsk landbruk, Utsyn, som gir både overblikk og innblikk. I år blir Utsyn gitt ut som ein populærvitskapleg publikasjon – ein NIBIO POP. Tala fortel om tilstand og utviklingstrekk.

Aller først kan det vere nyttig å sjå på samansettinga av inntektene i norsk jordbruk:

kakediagram.png
Figuren viser korleis inntektene er forventa å fordele seg på ulike produksjonar i 2019

Status i ni fakta

1 - Halvering av gardsbruk på 30 år

På tretti år, frå 1989 til 2018, blei talet på gardsbruk meir enn halvert frå 99 400 til 39 600. 

Produksjonen blir konsentrert på færre einingar utan at samla produksjonsvolum går ned. Strukturutviklinga i jordbruket er kjenneteikna ved at talet på jordbruksbedrifter med husdyr har gått kraftig ned. 

 

2 - Stadig større bruk

I 1999 hadde gjennomsnittsbruket 147 dekar jordbruksareal. I 2018 var talet 249 dekar.

Gjennomsnittleg jordbruksareal på bruka som er i drift, blir stadig større.

 

3 - Leigejord er viktig

Omtrent 45 prosent av jordbruksarealet er leigejord.

Leigejord har hatt aukande betydning gjennom heile etterkrigstida. Dette heng saman med at driftseiningane er blitt større, og ein treng større areal enn det garden har sjølv.
 

4 - Mindre mjølkeforbruk

Talet på mjølkekyr har gått jamt nedover: Frå 391 100 kyr i 1980, til 217 500 i 2018.

Nedgangen heng saman med redusert mjølkeforbruk. I 2018 var forbruket 89 liter per person – 88 liter lågare enn i 1988.  Ytinga per ku har vore stigande sidan tusenårsskiftet. I same periode har mjølkeproduksjonen vore stabil – med ca. 1 500 mill. liter årleg.

Mjølkebruk på Oma_Hardanger_Vestland_Foto Kjersti Kildahl2.jpg
Talet på kyr per mjølkebruk har gått opp frå 11,7 kyr per bruk i 1989 til 27,8 i 2018. I europeisk samanheng er dei norske besetningane små. På bildet er eit mjølkebruk og samdriftsfjøs på Oma ved Hardangerfjorden, Vestland. Foto: Kjersti Kildahl.

5 - Dobling av kjøtforbruk på 40 år

Forbruket av kjøt frå storfe og kalv, sau/lam, svin og fjørfe var historisk høgt i 2017 med nær 370 000 tonn, omtrent ei dobling frå tidleg på 1980-tallet. Størst forbruk er det av svinekjøt med 25,5 kg per innbyggjar. Til saman åt kvar person 67 kilo kjøt i 2018, mot 48 kilo 30 år før. I same periode auka forbruket av fjørfe (les: kylling) frå 4,5 kilo til 18,5 kilo per innbyggjar.

Totalforbruk og produksjon av kjøtt har auka meir eller mindre samanhengande dei tre-fire siste tiåra, særleg pga. auke i fjørfekjøt. Forbruket av fjørfekjøt gjekk noko ned etter toppåret 2013, og var i 2018 omtrent på nivå med forbruket av storfekjøt. Merksemd rundt bruk av antibiotika (narasin) i fôret, ga sterk nedgang i forbruket av kylling i 2014 og 2015.

Svinebestanden varierer ein del frå år til år. I periodar med overproduksjon eller underdekning av svinekjøt blir det sett i verk tiltak for å bringe marknaden i balanse. For 2019 og 2020 tilseier prognosane overproduksjon av svinekjøtt.


6 - Lam/sau = svak økonomi

Talet på vinterfôra sau auka med 9 prosent fra 2014 til 2017, etter tiltak for å stimulere til auka produksjon.

Resultatet er overproduksjon, redusert lønsemd og nedgang i dyretalet på 12 prosent sidan 2017.
 

7 - Importavhengig

Forbruk av frukt og bær var nær 120 kilo per innbyggjar i 2018. Norsk frukt- og bærproduksjon utgjorde om lag 30 kilo av desse.

Import dekker størstedelen av forbruket pga. avgrensa naturgitte forhold for produksjon i Noreg.
 

8 - Økologisk paradoks

Frå 2012 til 2018 gjekk økologisk jordbruksareal ned med nær 17 prosent. I same periode har etterspurnad etter økologiske varer auka frå år til år. Daglegvarehandelen melde om åtte prosent større omsetning av økologiske varer i 2018 enn i 2017.

Av det totale jordbruksarealet i Noreg, vart 4,2 prosent drive økologisk i 2018, ca. 418 000 dekar i 2018. Trøndelag, Østfold og Buskerud har størst del økologisk jordbruksareal.


9 - 1 % eig 1/3 av all skog

Ca. 39 prosent av landarealet i Noreg, eller 126 mill. dekar, er skogkledd. Talet var det same for ti år sidan. Skogen endrar seg sakte. Arealet omfatter skog både under og over barskoggrensa. Vel 25 prosent av dette arealet er produktiv skog. Ein prosent av eigarane, 1 200 av totalt 127 000, har hand om 1/3 av det produktive skogarealet.  84 prosent er private eigarar.

Skogbruket i Norge blir stadig mer en ren kapital­inntektskilde for eierne, og ca. 90 prosent av salgs­kvan­tumet blir felt og kvistet med hogst­maskin. På 32 230 av skog­eige­domane vart skogbruk drive i kombinasjon med aktivt jord­bruk i 2016.

Sprøyting av gulrotåker_Vestfold_Foto Kjersti Kildahl2.JPG
Sprøyting av gulrotåker i Vestfold. Foto: Kjersti Kildahl.

Å drive jordbruk i Noreg

Fagfolk vil seie at topografi, geologi og biologi skapar næringsgrunnlaget for plantevekstar. Klimaet avgjer kva vekstar som kan dyrkast kor, og kor stort avlingsvolumet blir.

- Noreg ligg heilt i ytter­kanten av dyrkingsområdet for mange viktige vekstar og er eit av få euro­peiske land som ikkje dyrkar sukker­vekster, fortel landbruksøkonom Heidi Knutsen.

Ho er redaktør for den vesle statistiske årboka «Utsyn». Skal vi seie noko om norsk landbruk, er det naturleg å begynne med utgangspunktet, at Noreg har eit jordbruk så langt mot nord at det i enkelte deler av landet er definert som arktisk, og generelt ligg i ytterkanten av det moglege.

- Klimaet gjer og sitt til at korn­avlingane per arealeining er mindre enn i mange andre europeiske land. I store deler av landet er fôr­dyrking, hoved­sakeleg gras, langt på veg einaste moglege plante­produksjon, seier ho.

Grovfôrbasert hus­dyr­produksjon har der­for stor betydning i norsk jordbruk. Også ein stor del av korn­avlingane blir brukt til hus­dyr­fôr. Plussida av det kjølege klimaet er at førekomst av plante­sjukdomar og skade­dyr er avgrensa.

Desse naturgitte avgrensingane gir rammevilkåra for jordbruket i landet vårt. Jordsmonn, breiddegrad og klima – alt heng saman med alt.
 

Mjølkeproduksjon – eit økonomisk nav

Noreg som ‘grasland’ har gitt oss eit jordbruk der utnytting av grasressursen, grovfôr, har vore sentral. Det forklarer og kvifor mjølkekua er blitt den økonomisk viktigaste produksjonen.  Dagros har gitt mjølk, kjøt og ofte landskapspleie i same dyret.

For tida er det tøft både for mjølkeku og bonde. Den norske kua mjølkar som aldri før, men konkurransen er hard. Importen av ost og andre meieriprodukt er større enn nokon gong, og kjøtfri-trenden breier om seg blant forbrukarane.

Dagros som lenge har vore eit barometer på tilstanden i norsk jordbruk, må tilpasse seg – i takt med tida, som så mykje anna.

kornengannet2.png
Figuren viser jordbruksareal fordelt på ulike vekstar i ulike landsdelar. (Eng = gras, grovfôr.)

Typisk norsk å vere effektiv

Av grunnane nemnd ovanfor, er Noreg eit tungdrive jordbruksland. Likevel har produktiviteten i jordbruket auka jamt i forhold til ressursbruken.

Sjølv innanfor same jordbruksareal og med færre årsverk i sving, har produksjonsvolumet auka eller halde seg stabilt – altså høgare effektivitet. Kapital i ulike former erstattar arbeidsinnsats.

Plasten blir tatt av gulrotåker på Brunlanes ved Nevlunghavn i Vestfold. God temperatur og væte i vente._Foto Kjersti Kildahl.jpg
Plasten blir tatt av gulrotåker på Brunlanes ved Nevlunghavn i Larvik. Foto: Kjersti Kildahl.

 

KONTAKTPERSON
Fakta om norsk jordbruk

Berre 3 prosent av samla landareal i Noreg er dyrka jord. Skog dekker 39 prosent. Til samanlikning utgjer by- og industriområde 0,5 prosent av landarealet. Ifølgje Budsjettnemnda for jordbruket var 9,86 mill. dekar jordbruksareal i drift i 2018.

I perioden 2004 – 2015 vart knappe 100 000 dekar matjord bygd ned i Noreg:

- 71 prosent av jorda som blei bygd ned var av høgste kvalitet. Kvalitet betyr her at jorda er lettdriven, gir gode avlingar av plantevekster og har liten hellingsgrad.

- Meir enn 2/3 av det nedbygde arealet, 69 prosent, var i, eller innan 3 km frå, tettstader.

 

Bruttoprodukt i jordbruket var på 16,1 mrd. kroner i 2017 medan brutto­produktet i nærings- og nytingsmiddelindustrien var 45,7 mrd. kr.

Sysselsettinga i jordbruket var på 45 890 personar i 2017, og 52 900 personar i nærings- og nytelses­middelindustrien.

Bruttoprodukt er eit uttrykk for «økonomisk merverdi «opptjent gjennom innenlandsk produksjonsaktivitet i en næring eller sektor (eller totalt for alle næringer/sektorer), avledet og definert som produksjon minus produktinnsats,» ifølgje SSB.

«Den jordbruksbaserte verdikjeden er en av Norges få komplette verdikjeder. Regjeringen arbeider for å styrke konkurransekraften og effektiviteten på alle ledd slik at verdikjeden blir mindre politisk styrt og mer markedsrettet. Verdikjeden for jordbruk har store muligheter til å utvikle seg videre og jordbruksnæringen må bidra til den grønne omstillingen det norske samfunnet er i gang med.

Jordbrukspolitikken skal legge til rette for økt matproduksjon, mer mangfold, økt effektivitet og styrket konkurransekraft for jordbruksnæringen og tilhørende verdikjede. Norsk matproduksjon har mange konkurransefortrinn som gjør produktene konkurransedyktige på kvalitet både innenlands og utenlands. Samtidig er Norge et høykostland og med klima og topografi som påvirker økonomien i matproduksjonen. Disse kostnadsulempene medfører at norsk matproduksjon må bli mer effektiv for å være konkurransedyktig, samtidig som vi ivaretar særpreget i norsk matproduksjon.»

Kjelde: Stortingsmelding 11 (2016–2017): Endring og utvikling— En fremtidsrettet jordbruksproduksjon

storfe.png
Produksjon og forbruk av storfekjøt.
Forklaring til grafar.JPG
Forklaring av grafer.
sauoglam.png
Produksjon og forbruk av sau/lammekjøt.
Svinekjøt.JPG
Produksjon og forbruk av svinekjøt.
Fjørfekjøt.JPG
Produksjon og forbruk av fjørfekjøt.
SnipImage.JPG
Forbruk av mjølk.
produksjonimporteksportlandbruksvarer.png
Produksjon, import og eksport av utvalde landbruksvarer, mill. kg, 2018.
Typisk for vestlandsk jordbrukslandskap, ei uteløe i slåtteeng nokre kilometer frå heimegarden_Foto Kjersti Kildahl.JPG
Typisk for vestlandsk jordbrukslandskap, ei uteløe i slåtteeng nokre kilometer frå heimegarden. Foto: Kjersti Kildahl.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.