Hopp til hovedinnholdet

Verda vil ha den norske kombikua

NRF på utmarksbeite i Nord-Fron, Oppland_Foto Kari Stensgaard

NRF på utmarksbeite i Nord-Fron, Oppland. Foto: Kari Stensgaard.

Ho har hatt det tøft i det siste, kua. Avstanden frå ‘kua mi, eg takkar deg,’ til klimaversting er stor. Like fullt er det eit faktum at sæd frå Norsk Rødt Fe i dag blir eksportert til rundt 30 land verda rundt.

Umiddelbart høyres dette ut som ei suksesshistorie, og slik er det. Korleis har det seg så at ei norsk ku er blitt så etterspurd? Det handlar om avl og kva eiegenskapar ein har prioritert.

Gener frå Norsk Rødt Fe, NRF, blir no stadig oftare kryssa inn i Holstein-kua, den dominerande og mest-produserande mjølkekua i verda. Ei Holstein-ku i USA mjølkar 12-15 000 liter i året, mens ei NRF ku i Noreg gir cirka 8 000 liter.
 

Modige val

Leiaren av Norsk genressurssenter i NIBIO, Nina Sæther, har høg respekt for dei vala som det norske avlsmiljøet tok tidleg på 1970-talet. Saman med rådgjevarar og veterinærar valde norske storfebønder annleis enn i andre land da dei sette seg mål for avlsarbeidet:

- Dei vektla helse og fruktbarheit på linje med produksjonsevne fordi dei skjønte at ei ku som mjølkar mykje, men lett blir sjuk eller ikkje lett blir drektig, er ei ulønsam ku, fortel Sæther.

- I det internasjonale avlsmiljøet vart dei norske bøndene ledd av. Mange meinte dei tok sorgene på forskot da dei valde å prioritere helse så høgt. Dessutan framsto den norske kua som ei sinke, nettopp fordi fleire eigenskapar enn yteevne skulle vere med i avlsarbeidet.

Den rådande haldninga internasjonalt var at det var for kostbart å avle på eigenskapar med svak kopling til arv  - som helse og frukbarheit er døme på. Det tar lenger tid, og er hefta med større usikkerheit ein dei med sterkare arvegrad.

Likevel heldt det norske avlsarbeidet på NRF-kua fram utover 1980-talet, til ein på 1990-talet kunne dokumentere at ein hadde lukkast med å utvikle ei ku som var sunn, produktiv og fruktbar.

DNA ku_Foto Geno
I Noreg er det avlsorganisasjonen Geno som har ansvar for utviklinga av NRF, i tillegg til uttak og sal av sæd. Foto: Geno.

Eksportvennlege gener

For nokre tiår sidan var Holsteinkua og Norsk Rødt Fe relativt like og mjølka kring 5 000 liter i året begge to. I dag er dei svært ulike som følgje av ulike avlsmål som har styrt selektering av eigenskapar.

Holstein er verdas høgstytande mjølkeku. NRF-kua kan på si side skilte med god helse, fruktbarheit og lette kalvingar. Nina Sæther held fram:

- Høg yteevne har ein pris. Holsteinkua brukar så mykje av energien sin på å lage all mjølka, at ho slit med dårleg helse og låg fruktbarheit.

- Det forklarer at gener frå NRF no er svært etterspurde av utanlandske bønder for å kryssast inn med Holstein, seier ho.  

Genressurssenteret har ansvaret for å følgje opp dei seks bevaringsverdige, norske kurasane som til saman utgjer ein viktig del av opphavet til den yngre NRF-kua. Nina Sæther ser koplinga mellom genressursarbeidet og avl på NRF-kua slik:

- Vi treng slagkrafta til NRF-kua, ei ku som i seg sjølv er mangfaldig, robust og sterk. Ho har arva positive eigenskapar frå mange velfungerande forgjengarar, mellom anna frå dei seks norske – no bevaringsverdige – rasane.

Sæther er nøye med å presisere behovet for å hegne om mangfaldet som ligg i opphavet:

- Det handlar om å ta vare på nødvendig variasjon for avl, og det handlar om å vere budd på ukjende utfordringar som kan møte oss i morgon, seier ho.  

frossen sæd fra Geno
Strå med sæduttak for lagring på flytande nitrogen - ved laboratoriet til Geno på Store Ree. Foto: Geno.

Sæd er handelsvare

I Noreg er det avlsorganisasjonen Geno som har ansvar for utviklinga av NRF, i tillegg til uttak og sal av sæd, som sidan 2000-talet er blitt ei suksessrik handelsvare. Kommunikasjonsansvarleg Mari Bjørke i Geno stadfester at NRF-sæd for tida blir eksportert til meir enn 30 land.

- I fjor selde vi fleire sæddosar internasjonalt enn vi omsette her til lands. Det er spesielt dei siste åra at eksporten har fått fart, seier Bjørke.

Ho fortel om ein tydeleg auke i eksporten etter at Geno i 2016 inngjekk distribusjonsavtale med det amerikanske selskapet ABS som er verdsleiande innan storfegenetikk.

- Helse, fruktbarheit og god mjølkeevne står sentralt i marknadsføringa av NRF i den globale marknaden, fortel Genorepresentanten.

Spesielt i USA har den norske kua slått an. NRF mjølkar ikkje meir enn sine artsfrendar i USA, men amerikanske bønder ser at økonomien blir betre som følgje av sparte kostnader til medisinar og veterinær.

- Og ikkje minst set dei pris på levedyktige, friske kalvar, legg ho til.

avlsmål 2
I framtida blir kanskje utslepp av metan ein del av avlsmålet på linje med mjølkeevne, helse og andre eigenskapar. Kjelde: Geno.

Kombiku og klimaku?

Den norske kombikua er verdas mest klimavennlege ku, viser forsking. I mange andre land blir kyrne avla fram for enten å produsera mest mogleg mjølk, eller for mest mogleg kjøt. NRF-kua har spesialisert seg på å levere begge deler.

- Fordelane med ei slik ku er god ressurs- og fôrutnytting. Ho omset gras til mat for menneske, og ho produserer både mjølk og musklar på ei og same ku, seier Mari Bjørke.

- Det gjer at produksjonen blir meir berekraftig. NRF-kyrne har færre sjukedagar, lite bruk av antibiotika og annan medisin, og  blir dermed effektiv i produksjonen.

Ifølgje Bjørke blir klimaavtrykket meir positivt enn i annan storfeproduksjon fordi kua er middels stor,  og fôr- og vassforbruk er lågare per kilo mjølk og kjøt enn tilsvarande produksjonar med andre kyr.

2-13.jpg
Samarbeid Norsk genressurssenter og Geno

Geno har ansvar for uttak, lagring og distribusjon av sæd frå dei seks bevaringsverdige norske kurasane. Inntak av utvalde oksar for avl skjer etter vurdering av Norsk genressurssenter i samarbeid med Geno og representant for raselaga.

Geno er eit samvirkeføretak eigd av 9 000 norske storfebønder. Hovudoppgåvene er avlsarbeid og utvikling av NRF-populasjonen, Norsk Rødt Fe, og å tilby inseminering av kyr og kviger over heile landet, samt tenester i tilknyting til dette.

Norsk Genressurssenter
Mari Bjørke_Foto Privat.jpg
Kommunikasjonsansvarleg i Geno, Mari Bjørke. Foto: Privat.

SÆDDOSAR SELD

  Noreg Eksport
2001 532 000 80 000
2018 390 000 516 000

 

Metanutslepp som avlsmål

Heilt utsleppsfri er likevel ikkje den norske kombikua. Fordi ho er drøvtyggjar og kan fordøye gras, slepp ho ut metan. Ein rap eller ‘luft’ frå magen til kua er ikkje berre luft, men rett og slett klimagass.

Men kven veit. Om det går etter planen til Geno og prosjektleiar Sverre Lang-Ree, kan mindre metanutslepp bli ein del av målstyringa innan avl i framtida.

- For tida driv vi pionèrarbeid med utprøving av instrument som skal måle klimagassutslepp frå kyrne individuelt. Metangassmålarar er installert i fjøs på Mære Landbruksskule i Trøndelag og NMBU på Ås, seier LangRee.

- Her skal vi teste utstyret før eventuelt fleire besetningar blir utstyrt med teknologien.

Målet er å bruke informasjonen i avlsarbeidet, for på sikt å få ned metanutsleppet med inntil 20 prosent.

- For første gong i historien kan vi bli i stand til å kople utsleppsdata med genetiske data og andre variablar for dei same dyra, seier leiaren av prosjekt Greenfeed.

Det vil gi grunnlag for vidare avlsarbeid med reduksjon av metanutslepp som mål. Kanskje er metan om ti år ein del av avlsmålet – like sjølvsagt som mjølkeproduksjon er i dag.

I NIBIO er seniorrådgjevar Ivar Pettersen opptatt av dei same spørsmåla. Som fagperson med god oversikt over norsk matindustri og forbrukartrendar, kommenterer han slik:

-  Inntil vidare ser det ut til at produksjon av storfekjøt vil halde seg på eit relativt høgt nivå. Spørsmålet om NRF-kua skal vere konkurransedyktig framover, vil truleg vere like mykje knytt til å oppnå lågare klimautslepp i produksjonen, som til kor mykje storfekjøt og mjølk vi vil konsumere.

- Koplinga mellom utslepp og etterspurnad kan nok gjere seg enda meir gjeldande enn i dag. Da blir det berre enda viktigare å gjennomføre utsleppskutta, legg han til.

Greenfeed prosjektleiar Sverre Lang Ree og fjøsmester Arnulv Vestrum_Foto Tove Hatling Jystad.jpg
Prosjektleiar for Greenfeed Sverre Lang Ree og fjøsmester Arnulv Vestrum. Foto: Tove Hatling Jystad.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.