Nye funksjonar i Gårdskart oppfyller ønsker frå brukarar
Dagfinn Rike på Lerestvedt gard i Arendal studerer tenesta Gårdskart. Foto: Erling Fløistad, NIBIO
Brukarar av karttenesta Gårdskart har sagt meininga si. No har tenesta fått fleire nye funksjonar. Mellom nyheitene er adressesøk, delbare kartlenkjer og høve til å lagra fleire eigedommar samstundes.
Sidan 2005 har NIBIO si kartteneste Gårdskart vore eit vindauge inn til ei enkel oversikt over arealressursar og arealtal for landbrukseigedommar. Tenesta er mykje brukt av mellom anna bønder, landbruksrådgjevarar og tilsette ved landbrukskontor.
Våren 2025 prøvde utviklarane av Gårdskart noko nytt. Dei gjennomførte ei undersøking der dei oppmoda brukarane til å gi tilbakemeldingar og komma med forslag som kunne gjera Gårdskart endå betre. Responsen var overveldande, med meir enn 1 800 deltakarar.
Dei sette særleg pris på at tenesta er enkel å bruka, gjev rask tilgang til informasjon og god oversikt. Dette er noko NIBIO legg vekt på å ivareta, også når det vert lagt til nye moglegheiter.
Ønskeliste frå brukarane
Det kom inn mange gode forslag til oppdateringar, og NIBIO måtte velja ut nokre få som fleire hadde på ønskelista.
– Ein gjengangar var ønsket om å kunna søkja på adressa til eigedomen, ikkje berre på gards og bruksnummer. Dette er no mogleg, forklarar Ingrid Tenge, prosjektleiar og seniorrådgjevar i NIBIO.
– Ein annan etterspurd funksjon var høvet til å kopiera og vidaresenda ei lenkje slik at mottakaren får opp same kart, med same innhald. No er også dette på plass.
Det er òg blitt mogleg å lagra eigedomssøk som gjeld fleire eigedommar. Denne funksjonen er tilgjengeleg ved å logga inn med BankID og lagra på eigen Gårdskart-brukar. Dette er særleg aktuelt for dei som leiger jord frå fleire ulike gardar.
– Oppdateringa har også gjort det mogleg å klikka i kartet og lesa av koordinatar i eit punkt. Dette er nyttig til dokumentasjon eller for å finna att punktet ved hjelp av GPS ute i marka.
Vanskelege ønske og skjulte funksjonar
Ønske om å få fram eigaren av ein oppsøkt landbrukseigedom kunne ikkje verta innfridd på grunn av personvernregelverket, GDPR. Namn, adresse og liknande er personopplysningar. Slike opplysningar finst i Grunnboka og er offentleg tilgjengelege, men må handsamast i tråd med regelverket. Det vert stilt andre krav til ei teneste som viser personopplysingar enn til ei open kartteneste.
– Undersøkinga synte også at NIBIO ikkje har nådd godt nok ut til brukarane med alle moglegheitene som ligg i Gårdskart‑tenesta. Fleire av ønskja som kom inn, handla om funksjonalitet som har vore i Gårdskart i fleire år, fortel Tenge.
– Døme er vising av eigedomsgrenser og gards‑ og bruksnummer i nærområdet, vising av delar av ein landbrukseigedom som består av fleire gards‑ og bruksnummer. Moglegheita for å lagra ei teikning og redigera henne seinare, har også vore der i fleire år, opplyser ho.
«Ein dag utan Gårdskart er … meiningslaus!»
Fleire bønder la igjen kommentarar om erfaringane sine med Gårdskart:
«Veldig enkelt å bruka, nyttig verktøy i dagleg bruk, fungerer bra på smarttelefon.»
«Vi er heilt avhengige av Gårdskart på nett ved søknader om arealstøtte, RMP med meir.»
«Ein dag utan Gårdskart er som ein dag utan finn.no. Heilt meiningslaus!»
Nokre bønder ga uttrykk for frustrasjon over mykje skjema og papirarbeid.
Tilsette i kommunal landbruksforvalting var også tydelege i omtala si:
«Gårdskart er heilt uunnverleg i saksbehandlinga i offentleg forvalting. Utan Gårdskart klarer vi ikkje å kommunisera med grunneigarane.»
– Med så mange positive tilbakemeldingar om faktisk bruk og nytte, er me veldig inspirerte til å utvikla karttenesta vidare, avsluttar ein nøgd Tenge.
Utviklarane opplyser at fleire forbetringar allereie vert vurderte, og at nye brukarinnspel vil liggja til grunn for komande oppdateringar også.
Vil du vita meir om ny og nyttig funksjonalitet i Gårdskart, finn du ei god oversikt på nettsida «Nytt i Gårdskart» hos NIBIO. Sida er også lenkja frå søkesida i karttenesta.
KONTAKTPERSON
Ingrid Tenge
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 901 04 465 ingrid.tenge@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Seks fakta om Gårdskart
- Gårdskart er ei kartløysing som samanstiller informasjon frå fleire kjelder.
- Tenesta hadde i snitt nær 12 000 besøk per dag i fjor, med rekord på 31 153 besøk 14. oktober 2025.
- Det viktigaste temakartet i Gårdskart byggjer på det detaljerte arealressurskartet AR5.
- Data frå AR5 vert nytta til å rekna ut jordbruksareal og skogareal på landbrukseigedommar.
- Brukar kan velja mellom fleire ulike bakgrunnskart, inkludert flyfoto. I tillegg kan ein sjå på ei rekkje temakart frå ulike nasjonale kartleverandørar, som mellom anna erosjonsrisiko, kulturminnekart og kart over naturtypar.
- Det er mogleg å lagra både teikningar og eigedommar i tenesta.
KONTAKTPERSON
Ingrid Tenge
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 901 04 465 ingrid.tenge@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.