Hopp til hovedinnholdet

Må treffe matkvalitet i 60 prosent av åra for å tene på matkveite

20030807ef0048

Lønnsemda i dyrking av haustkveite avheng av om kornet oppnår matkvalitet. Det er store regionale forskjellar i kor ofte ein lukkast med dette. Foto: Erling Fløistad

For at det skal lønne seg å dyrke haustkveite til mat, må bønder oppnå matkvalitet i minst tre av fem år. Samtidig er det store regionale forskjellar i kor lett det er å lukkast.

Det er eit politisk mål å auke sjølvforsyninga i Noreg, og då  treng vi meir matkorn.

Kveite er den viktigaste kornarten til mat, og haustkveite har eit høgare avlingspotensial enn vårkveite. Samstundes kan haustkveite til fôr bidra til å auke norskdelen i kraftfôret.

– Funna våre viser at kornbonden må lukkast med matkvalitet i om lag 60 prosent av tilfella for at det skal lønne seg å satse på matkorn, seier NIBIO-forskar Valborg Kvakkestad.

 

 

Store regionale forskjellar

Analysar av leveransar av haustkveite frå perioden 2014–2022 viser store skilnader mellom regionane.

Delen matkveite var høgast i ytre Østfold (75 prosent) og Follo (73 prosent), medan delar av Hedmark og Oppland låg lågast med rundt 50 prosent. I Trøndelag var delen 58 prosent.

I dei fleste regionar er for lågt proteininnhald den viktigaste årsaka til at kveite blir nedklassifisert frå mat til fôr. I Trøndelag er også lågt falltal ei stor utfordring.

– Resultata viser at område med høg del matkveite i hovudsak ligg i eit belte frå Oslofjorden, gjennom Romerike og vidare mot Mjøsa. Det er i desse regionane det vil vere mest lønnsamt å satse på å dyrke matkveite, seier Kvakkestad.

 

Matkvalitet gir høgast lønsemd

Utrekningar av dekningsbidrag viser at haustkveite dyrka med mål om matkvalitet gir klart best økonomisk resultat – men berre i dei åra kvaliteten blir oppnådd.

Dersom kornet ikkje held matkvalitet, er det meir lønnsamt å satse på fôrkveite. Fôrsortar gir gjerne høgare og meir stabile avlingar, og er enklare å dyrke.

Ei spørjeundersøking blant produsentar viser at mange likevel meiner det er mest lønnsamt å sikte mot matkveite. Samstundes peikar dei på at dette krev meir presis drift, særleg når det gjeld gjødsling, rett tidspunkt og arbeidsinnsats.

 

Usikkerheit om dyrkingsmetodar

For å auke produksjonen av haustkveite har forskarane også sett på alternative dyrkingsmetodar, som direktesåing – der ein sår utan pløying.

Mange bønder er likevel usikre på effekten:

  • 16 prosent trur avlinga kan auke
  • 72 prosent trur ho vil gå ned
  • 16 prosent er usikre

– Dette viser at det er behov for meir kunnskap om korleis slike metodar påverkar avling og lønsemd, seier Kvakkestad.

 

Viktig for framtidig kveiteproduksjon

Krav om redusert jordarbeiding har allereie påverka dyrkinga. Over 40 prosent av bøndene oppgir at dei har redusert eller slutta med haustkveite som følgje av slike krav.

Skal produksjonen oppretthaldast eller aukast, peikar forskarane på fleire viktige tiltak:

  • betre kunnskap om dyrkingsmetodar
  • tilgang på eigna sortar
  • føreseielege og akseptable gjødselprisar
  • økonomiske insentiv for å dyrke kveite framfor bygg

– Kvaliteten på norsk mathaustkveite treffer ikkje alltid det industrien treng når det gjeld protein og gluten. Endringar i korleis matkveite klassifiserast kan gjere det lettare å bruke meir norsk haustkveite til mat og styrke sjølvforsyninga.

– Dersom ein ønskjer meir norsk matkveite, må det vere attraktivt for bøndene å satse. avsluttar Kvakkestad.

Korn
Haustkveite med matkvalitet

For at haustkveite skal klassifiserast som matkvalitet i Noreg, må han oppfylle strenge kvalitetskrav som sikrar kvalifikasjonar for baking og matproduksjon.

Proteininnhaldet må vere minst 11,5 prosent. Proteininnhaldet gir deig styrke og elastitet.

Falltal må vere minimum 200 sekund for matkvalitet. Enzymaktiviteten i kornet er kritisk for bakeeigenskapar.

Rekna om hektolitervekt må vere på minimum 76 kg/hl. tettleiken til Kornet er viktig for modningsgrad og kornfyll.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Sammendrag

Formålet med rapporten har vært å undersøke hvordan kornprodusenter vurderer fordeler og ulemper med å produsere høsthvete for mat og fôr og å undersøke andelen av høsthvete som tilfredsstiller matkvalitet og hva som er viktige årsaker til nedklassifisering av høsthvete. Kornprodusentenes vurderinger ble undersøkt ved å gjennomføre en spørreundersøkelse til et representativt utvalg av høsthvetedyrkere. Resultatene fra spørreundersøkelsen viser at siste tre år (2020-2023) hadde 46 prosent planlagt hele høsthvetearealet for å oppnå matkvalitet, mens 23 prosent hadde planlagt hele arealet for å produsere fôrhvete. De resterende hadde planlagt for begge deler. Høsthveteprodusentene vurderte at behovet for å gjøre ting til rett tid og at nitrogen gjødsling og arbeidsinnsatsen per deker er noe høyere ved å sikte mot matkorn for høsthvete. Lønnsomheten (uten arbeidsinnsats) ved å dyrke høsthvete for å oppnå matkvalitet ble vurdert som høyere enn ved å dyrke til fôr av 64 prosent av respondentene. 23 prosent vurderte det som omtrent likt og 13 prosent vurderte at lønnsomheten var bedre ved å dyrke til fôr. Andelen av høsthvete som tilfredsstiller matkvalitet og hva som er viktige årsaker til nedklassifisering av høsthvete ble beregnet ved å sammenstille data for leveranser av høsthvetematsorter fra kornprodusenter til kornkjøper. I perioden 2014-2022 har 70 % av leveransene blitt klassifisert som mathvete. Regionale forskjeller var tydelige, med høyest andel mathvete i Ytre Østfold og lavest i Hedmark/Oppland (eksklusive Hedmarken og Østre Toten). I samme periode tilfredsstilte 75 % av leveransene proteinkravet, 97 % falltallskravet og 95 % kravet til hektolitervekt. For lavt proteininnhold har vært hovedårsak til nedklassifisering i alle regioner, med unntak av Trøndelag hvor lavt falltall var like viktig som lavt protein. Det var særlig i 2014 og 2015 at protein var en stor utfordring for å oppnå matkvalitet.