Kartlag som viser myr

I Noreg har vi fleire kartlag som viser utbreiing av myr og våtmark. Kartlaga skal dekke forskjellige føremål og har ulik utbreiing, deltaljeringsgrad og definisjonar av myr.

Skjermbilde heimeside
Foto:
KONTAKTPERSON

Arealtype myr viser areal som er definert som myr i arealressurskartet AR5. Dette er eit detaljert kart med dekning for alt areal som er produktivt i jord- og skogbrukssamanheng. Kartet dekker ikkje fjellområda. I tillegg er detaljeringsgraden mindre i området opp mot tregrensa. Kartet bygger på feltarbeid gjort i samband med etablering av Økonomisk kartverk og er laga for bruk i målestokk rundt 1:5 000. I AR5 er myr definert som «areal med myrvegetasjon og minst 30 cm torvlag».

Myrinformasjon (DMK) inneheld opplysningar om torvdjupne, omdanningsgrad og vegetasjon på myr og torvmark som under feltarbeidet for Økonomisk kartverk vart rekna som nyttbare til jord- eller skogbruk. Kartlaget er laga for bruk i målestokk rundt 1:5 000 og dekker berre areal opp til tregrensa.

Arealdekke myr i N50 er henta frå Statens kartverk sitt kart over arealdekke. Kartet er landsdekkande og er laga for bruk i målestokk mellom 1:25 000 og 1:100 000. N50 bygger på fotogrammetrisk tolking, det vil seie tolking av flyfoto. I N50 er myr definert som «åpent og ikkje skogvokst område med myrvegetasjon». Det er ikkje krav til torvlag.

Myr og våtmark frå vegetasjonskart viser område med som har myr- eller sumpvegetasjon. I definisjonar av vegetasjonstypane er det ikkje krav til tjukkleik på torvlaget. Kartlaget bygger på feltarbeid og er tilpassa målestokkar mellom 1:20 000 og 1:50 000. Om lag 10 % av utmarka i Noreg er dekka.