Hopp til hovedinnholdet

Varmt vatn kan vere løysinga mot utløparar i jordbæråkeren

Fuglem 6_cropped

Jordbærdyrkar Jan Ole Fuglem i Valldal, seier det er ei utfordring at godkjenninga på Reglone no er trekt tilbake. No er behovet for nye, gode løysingar stort. Foto: Siri Elise Dybdal 

Jordbærplanter har utløparar som fort fyller åkeren og gjev gode vilkår for sopp om dei ikkje blir fjerna. Reglone er eit effektivt svimiddel mot utløparar i jordbæråkeren, men det har mista godkjenninga i EU. No ser forskarar på om varmevatn kan vere eit alternativ.

Plantevernmiddelet Reglone har blitt nytta i jordbærproduksjonen for å kontrollere utløparar. Dette er eit svimiddel som «brenn bort» den delen av planta det er i kontakt med. Difor har det vært eit enkelt og effektivt tiltak for å ta utløparar frå jordbærplanta. I 2020 kom det forbod mot dikvat - eit av verkemidla i Reglone. Dette er ei utfordring for jordbærdyrkarane.

– Dersom ein ikkje fjernar utløparane, blir det ikkje rader, men eit teppe i jordbæråkeren. Det gjev gode vilkår for gråskimmel og andre soppsjukdomar. Dessutan kan ein ikkje navigere åkeren, forklarar Wiktoria Kaczmarek-Derda, forskar ved NIBIO.

Som ein del av prosjektet SOLUTIONS, skal ho og forskarkollegaer frå NIBIO, NLR Innlandet og Heatweed, no finne nye, praktiske løysningar for å fjerne utløparar og kontrollere ugras i jordbær på friland.

Jordbærfelt og arbeider_cropped.jpg
Handtering av ugras og andre plantevernutfordringar er viktig for å unngå avlingstap i landbruket. Tilbodet av norske råvarer påverkast av at bonden lykkast med innsatsen i åker og frukthagar. Foto: Siri Elise Dybdal

Testar ut varmt vatn

– I år har vi lagt opp eit forsøk i nyetablert felt med dobbeltrad på Ridabu ved Hamar. Vi brukar varmt vatn for å svi både utløparar og koke bort vegetasjonen i dobbelrada og i gangane, fortel Kaczmarek-Derda.

Forskarane studerer verknaden av gjentatte behandlingar med varmt vatn kombinert med mekanisk radrensing. Behandlinga samanliknast med kjemisk sprøyting, inkludert nye ikkje-godkjente middel i jordbærkulturen.

– I varmtvassbehandlinga undersøker vi mellom anna kor nært vi kan kome med kokande vatn til nyplanta jordbærplanter, og kva slags mengder vatn kan brukast, utan å skade kulturplanta. Vi testar to avstandar til jordbærplantene på 2 cm og 4 cm, kombinert med 3 og 6 liter per kvadratmeter, forklarar ho.

– Vi ser også på kor effektiv behandlinga er ved bruk av ulike mengder vatn. Dette for å finne riktig dose for å behandle ugrasflora og jordbærutløparane i eit nyetablert jordbærfelt.

Forskarane er ikkje ferdig med alle behandlingane som er planlagt for i år, men så langt er resultata med varmevatn lovande.

Det er utstyr frå Heatweed Technologies AS som prøves ut i forsøka. Johan Ruud frå Heatweed, Jørn Haslestad og Kristin Rofstad frå NLR Innlandet, deltar aktivt i forsøka.

 

Har brukt plenklipparen

Jan Ole Fuglem er jordbærdyrkar i Valldal. Han bekreftar at det er ei utfordring at godkjenninga på Reglone no er trekt tilbake, og meiner behovet for nye, gode løysingar er stort.

– I år har vi brukt plenklippar for å fjerne utløparane, men dette blir veldig krevjande og ikkje særleg effektivt, fortel Fuglem

2020 var det første året svimiddelet ikkje var tilgjengeleg, og Fuglem trur effekten av dette berre vil auke dei neste åra.

– Vi har ikkje sett den fulle konsekvensen av forbodet enno. I år to og tre vil utløparar bli eit enda større problem.

Han påpeikar samstundes at utfordringar er ein del av det å vere jordbærdyrkar.

– Det er viktig å vere tilpassingsdyktig. Mitt mantra er at vi må følgje reglane - vi må berre ta omsyn til at kjemiske middel blir borte frå marknaden. Problemet er at vi sjeldan er i forkant med nye metodar. Difor er det svært viktig å ha med oss forskinga til NIBIO og NLR, understrekar han.

Sjølv testar Fuglem i år ut produksjon av jordbær i tunell. Der det ikkje har vore naudsynt med noko som helst sprøyting.

– Dyrking i tunell er spennande, og så langt ser produksjonen veldig lovande ut, fortel han.

 

 

 

12.jpg

 

 

SOLUTIONS

Handtering av ugras og andre plantevernutfordringar er viktig for å unngå avlingstap i landbruket. Tilbodet av norske råvarer, både til mat og dyrefôr, påverkast av at bonden lykkast med innsatsen. Eit nyleg forbod mot plantevernmiddelet dikvat, og den usikre framtida til glyfosat – begge viktige innsatsfaktorar i norsk jord- og hagebruk – fordrar nye løysningar. Gode alternativ til ordinære plantevernmiddel er dessutan velkomne som verktøy i integrert plantevern (IPV). Norske dyrkarar er sidan 2015 pålagt å følgje IPV. Formålet med IPV er mellom anna redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel på helse og miljø.

Prosjektet SOLUTIONS skal finne nye praktiske løysingar for nedvisning av potetris, og kjempe mot ugras og utløparar i jordbær på friland, og ugras i eplehagar.

SOLUTIONS er koordinert av NIBIO. Prosjektet er finansiert av Forskingsmidlane for jordbruk og matindustri (FFL/JA), Grofondet AS, samt eigeninnsatsen til prosjektpartnarane A-K maskiner AS, Heatweed Technologies AS, Kilter AS, Norsk Landbruksrådgiving og norske dyrkarar av potet, jordbær og eple. NLR Innlandet, NLR Vest, NLR Viken og NLR Øst deltek også.

Fuglem med jordbær i tunell.JPG
Viktig å vere tilpassingsdyktig: Fuglem testar i år ut produksjon av jordbær i tunell, der det ikkje har vore naudsynt med noko som helst sprøyting. Foto: Siri Elise Dybdal

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.