Bløming og bier styrer frukt og frø

IMG_2329_cropped

Honningbie i epleblom på Lutro i Hardanger. Frukthagen er ein av 12 felt som er med i forskingsprosjektet Pollinering i fruktdyrking. Felta er fordelte med seks hagar i Sogn og seks i Hardanger. Foto: Kjersti Kildahl.

Samanhengen mellom bier og blomar er velkjend. Kor mange bier som trengst for god avling er mindre kjend. Kor mykje artsrikdom i pollinatorar og landskapet rundt betyr, ønskjer fruktbønder og forskarar å vite meir om.

Fruktdyrkar Eva Aga Baas har travle dagar. Saman med gode hjelparar er ho i innspurten med å tynne eplekart på 40 dekar med 6500 frukttre.

- Tynninga er avgjerande for at trea skal bere fram den beste frukta. På kvar grein handlar det om å la dei best eigna karta for lys og vekst stå igjen.

- Kvart tre bør gje rundt hundre eple, avhengig av sort, alder og planteavstand. Då har me fjerna ein stor del av knytingane (eplekarta) som treet sjølv hadde lagt opp til.

IMG_2726.jpg
NIBIO-forskar og biolog Bjørn Arild Hatteland og fruktdyrkar Eva Aga Baas i eplehagen hennar på Aga i Hardanger. I 2019 vart produksjonen 63 tonn eple frå nær 40 dekar med frukttre. Foto: Kjersti Kildahl.

Pollinering - eit kritisk punkt

Tynning er viktig. Viktig er og pollineringa tidlegare i sesongen. Frøsettinga inni eplet fortel sitt:

- Mange frø i kjernehuset betyr at pollineringa har vore god. Pollinering og frøsetting heng positivt saman, fortel NIBIO-forskar og biolog, Bjørn Arild Hatteland.

Til god pollinering trengst tilgang på ulike typar pollinatorar. Hatteland seier det truleg ikkje berre er mengda som betyr noko, men og artssamansettinga. Studiar viser at ville bier ofte kan vere meir effektive i pollinering av frukttre enn tamme honningbier.

- Tamme og ville bier opptrer ulikt, dei har ulik ‘smak’ for blømande planter og dei arbeider forskjellig. Humler er til dømes meir aktive enn tambier under ugunstige verforhold, og dei fyk meir på kryss og tvers, seier forskaren.

Talet på ville bier kan bli påverka av kor mange tamme bier dei har å konkurrere med, og kva nærliggande vegetasjon dei har tilgang på.

DSCF8472.JPG
Student og prosjektassistent Katja Kilian samler og registrerer pollinerande insekt, tamme og ville, i eplehage på Lutro i Hardanger, på austsida av Sørfjorden. Frukthagen er med i forskingsprosjektet Pollinering i fruktdyrking. Foto: Kjersti Kildahl.

Nytt prosjekt kan gi svar

Summen av mange faktorar avgjer pollineringa. Sjølv om ein del samanhengar er kjende, trengst ny forsking for å vite meir om korleis alt heng saman. Eit treårig prosjekt om Pollinering i fruktdyrking skal gi innsikt. Prosjektleiar Hatteland seier at betydninga av biomangfald står sentralt.

- Kor mykje betyr artsrikdom i pollinerande insekt for god pollinering? I kor stor grad spelar vegetasjon i kantsoner og nærliggande areal inn på dette mangfaldet? spør han.

Prosjektet skal og undersøke korleis integrert plantevern påverkar pollinerande insekt. Honningbier og humler skal analyserast ved NIBIO sitt laboratorium for pesticid og naturstoffkjemi for å vurdere samanheng mellom opptak av insektmiddel på ulike sprøytetidspunkt. 

I mai og juni vart pollinerande insekt registrert i to hovudområde for fruktdyrking, Hardanger og Sogn. Seks frukthagar er plukka ut som forskingsfelt i kvart distrikt. Første året var 2019.  

Målet er ny kunnskap om korleis eigenskapar i landskapet og integrert plantevern påverkar tal og variasjon i pollinatorar.  

Eva Aga Baas er ikkje sjølv med i prosjektet, men ho ser fram til å få tilgang til resultata.

- Dette prosjektet er viktig for både dyrkarar og landbruksrådgjevarar. Vi ønskjer jo å drive på ein best mogleg måte for naturen vi er avhengige av, seier fruktbonde Aga Baas.

IMG_2705.jpg
Undervegs i tynningsarbeidet brukar fruktdyrkar Eva Aga Baas kniven og skjer over eit kart her og der for å sjekke frøsettinga i kjernehuset. Tre frø som her, er bra. Fem er full pott.  Mange frø betyr at pollineringa har vore god. Dei små gule karta er ikkje blitt pollinerte og vil såleis stoppa opp i veksten og falla av.
Foto: Kjersti Kildahl.

Variert kantvegetasjon

For å vere på lag med naturen, lar Eva Aga Baas vegetasjonen som grensar til frukthagen vere ein del av drifta. Langs bekken ved det eine feltet veks selje og bjørk, villbringebær og markblomar:

- Dei lar eg stå og blomstra ferdig før eg slår. Blomane er nyttige for pollinerande insekt,  og forbipasserande set pris på bringebæra, ler ho.

Forskaren nikkar anerkjennande. Hatteland poengterer kor viktig det er å tenke heilheit.

- Fruktbløminga pågår nokre hektiske veker. Da er tilgang på pollinerande insekt avgjerande for fruktutviklinga.

- Skal ‘reknestykket’ henge saman økologisk, må insekta finne næring gjennom heile sesongen for å sikre at dei er der neste gong frukttrea blømer.

Arbeidet til forskar og fruktdyrkar heng saman. Det dyrkarar erfarer, kan forskaren undersøke nærare for å seie kva som skal til for å halde på den fine balansen mellom natur og  fruktproduksjon.

KONTAKTPERSON
12-15.jpg
Fakta

Prosjekt om Pollinering i fruktdyrking er leia av NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, NINA (Norsk institutt for naturforsking) og Norsk Landbruksrådgiving (NLR). To masterstudentar og to bachelorstudentar frå Universitetet i Bergen er tilknytt prosjektet og ein bachelorstudent frå Nord Universitetet. 

Tamme bier = honningbier. Dei har vore kultiverte som husdyr i fleire hundre år. 

Ville pollinatorar = humler, solitære bier, blomsterfluger

IMG_2707.JPG
Kven skal ut? Tynning handlar om å finne fram til det kartet som er best eigna til å gi best frukt. Vekst hittil, og plassering på greina med omsyn til lys, avgjer ‘bli’ eller ‘ut.’ Foto: Kjersti Kildahl.
IMG_2755.jpg
NIBIO-forskar og biolog Bjørn Arild Hatteland og fruktdyrkar Eva Aga Baas slår av ein prat på naboarealet til frukthagen - synleg til venstre midt i bildet. Kantsona med markblomar og lauvtre er viktig for pollinatorane gjennom sesongen. Foto: Kjersti Kildahl.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.