Hopp til hovedinnholdet

Utmarksbeite – næringsrikt matfat for firbeinte

DSCF0078_cropped

Storfe- og sauebonde Erlend Moberg ser verdien i utmarksbeitet. Han køyrer dyra sine 15 mil til sommarbeite ved Vikafjellet nord for Voss. Foto: Kjersti Kildahl.

Matproduksjon og biologisk mangfald er trua av intensiv bruk verda rundt. Norsk utmark er på si side i endring som følgje av minkande beitebruk og ressursutnytting.

- Synd, seier storfe- og sauebonde Erlend Moberg. Sidan 2013 har han hatt dyra sine på sommarbeite i frodige Kvassdalen, ved foten av Vikafjellet mellom Voss og Sognefjorden.

Bratte fjellsider ned mot ein grøderik dalbotn serverer sikringskost til drøvtyggjarar. Ikkje berre til sau og kyr, men og til hjorten som det blir stadig fleire av.

Likevel er det nok ressursar å ta av.

DSCF0202.JPG
Dyra til Moberg er blitt eit populært motiv som mange stoppar for å ta bilde av. Foto: Kjersti Kildahl.

Pengar å tene

Sjølv køyrer Moberg årleg dyra sine 15 mil frå heimegarden i Os, sørvest for Bergen, til fjellbeita han har tilgang til:

- Eg meiner vi i næringa har pengar å tene på større bruk av fôr frå utmarka. Økonomisk, fordi dyra der lever på ein ‘gratis’ ressurs som ikkje ville blitt hausta, og helsemessig – fordi dei mosjonerer og trivst når dei får vandre fritt, seier han.

Slik beitebruk er og i takt med forbrukarane sitt ønskje om rein og kortreist mat frå dyr som har hatt gode liv.

- Det ligg eit uforløyst potensial både i den direkte nytten av utmarksressursen og i forteljinga om dyra i vår marknadskommunikasjon, kommenterer Moberg.

DSCF0151.JPG
Amming, beiting og drøvtygging er kvardagen for ku og kalv. Beitet ligg på begge sider av Rv 13 over Vikafjellet. Moberg har ikkje opplevd uhell eller skade knytt til dette. Foto: Kjersti Kildahl.

Mykje unytta beite

- 45 prosent av landarealet i Noreg reknar vi er nyttbart beiteareal, fortel beitekartleggjar Yngve Rekdal i NIBIO. Her finst fôr som er eigna for å gi tilvekst til beitedyr. Ti prosent er svært godt beite, det vil seie beste beiteklasse.  Som del av prosjektet Bærekraftig storfeproduksjon basert på grovfôr har Rekdal hatt ansvar for å talfeste fôrpotensialet i utmarka, med spesiell vekt på storfe. Arbeidet er samanfatta i rapporten Kjøtfe på utmarksbeite.

Ressursgrunnlag og beitebruk er kartlagt regionvis landet rundt. Datafangsten er frå ulike statistiske kjelder om naturtypar, utmarksareal og bruken av dei.

- Dei siste åra har det vore ei stor satsing på storfekjøt med bakgrunn i underskot av norskprodusert kjøt. Mange som startar med kjøtfe ser nytten av produksjonsgrunnlaget i utmarka, seier Rekdal.

- Det er mogleg å auke denne delen av norsk matproduksjon gjennom ny kunnskap om grovfôrressursar som ikkje kan haustast maskinelt, kun av beitedyr.

- Berre kring halvparten av denne beiteressursen er i bruk i dag, legg han til.

Den ledige ressursen er utrekna som differansen mellom kor mange beitedyr alt nyttbart beite potensielt kan gi fôr til minus dagens beitetrykk. Sjå faktaboks.

2020-07-22 13.57.08_cropped.jpg
Fleire av kyrne er utstyrte med GPS slik at Moberg kan følgje med per mobil kor dyra vandrar og fanga opp om noko ‘unormalt’ skjer. Han har folk i nærområdet som kan rykke ut om han sjølv er lengre unna. Foto: Kjersti Kildahl.

Stor variasjon

Dei mange naturtypane som møter beitedyra gir ulike moglegheiter og utfordringar for den som driv beitenæring.

- Utmarka er ikkje noko eins fôrgrunnlag. Natur og beitekvalitet vil variere med berggrunn, topografi og klima. Innan dei ulike sonene vi har kartlagt, er variasjonen stor, seier Rekdal.

Til dømes gir rik berggrunn store areal med beste beiteklasse i Nordland, Troms og låglandsbygdene kring Oslofjorden, medan fattig grunnfjell i Agder gir skrinnare beite.

Typisk for fjord- og dalstrok på Vestlandet, i Trøndelag, Nordland og Troms, er bratte dalsider som endar i dalbotnar og strandflater. I sidene finst lausmassar (skredmark) danna av forvitra fjell.

- Slike skredsider er ofte svært frodige fordi dei blir overrisla av vatn på veg ned, og gjødsla av snøskred som tar med næringsrikt vitringsmateriale frå fjellet høgare oppe.

DSCF0224.JPG
Flokken på ti Limousin-kyr med kalvar finn roen mellom øktene der dei beiter på frodige elveflater og skredmarker. Beiting gjennom lange tider har gjort vegetasjonen svært grasrik. Foto: Kjersti Kildahl.

Prima tilvekst 800 moh.

Bratt skredmark og eit frodig dalføre er akkurat det beitet som møter Erlend Moberg sine ti Limousin-kyr med kalvar. Rundt tre månader skal dei vere her, frå juni til august-september.

- Ingen tvil om at utmarksbeitet gjer dyra godt. Ofte blir eg overraska over kor mykje dei har lagt på seg, seier han engasjert.

Han samanliknar med resten av flokken heime. Dei beiter delvis i skog og delvis på innmark ute av drift.

- Det kunne vere interessant å «forska» meir på samanhengen mellom gode utmarksbeite og tilvekst, reflekterer Moberg.

12-15.jpg
Fakta

Samla nyttbart beiteareal i Noreg utgjer fôrgrunnlag for 8 millionar sau, eller såkalla saueeiningar. Ei saueeining er eit gjennomsnittleg stort dyr i ein flokk med normalt lammetal. Dette dyret vil ha eit forbehov på omlag 1 fôreining (f.e.) per dag. Ei fôreining er eit uttrykk for næringsverdi i fôret. 1 f.e. = 1 kilo bygg med 14 % vatn.

Ved å omrekne all faktisk beiting – frå sau, storfe, hjort, elg og rein – til saueeiningar, finn ein at dagens bruk utgjer 4,3 millionar. Det vil seie at berre om lag halvparten  av beiteressursen i utmark er i  bruk.

 

Andre dyreslag:

  • 1 storfe = 5 saueeiningar (s.e.)

Ei storfeeining er her ungdyr av NRF-rase i vekst ved 1-2 års alder. Ammeku vil liggje noko høgare.

  • 1 geit = 1,5 s.e.
  • 1 hest = 5 s.e.

Budsjettproposisjon

 «Å stimulere til auka bruk av utmarksressursane er eitt av måla i jordbrukspolitikken. Beiting i utmark utnyttar fôrressursane til matproduksjon samstundes som det òg bidreg til vedlikehald av eit ope og artsrikt kulturlandskap».


Kjelde: Landbruks- og matdepartementet sin budsjettproposisjon 2018-2019

DSCF0141.JPG
Mellom stein og blokk i gamal skredmark veks graset godt fordi husdyr har beita her i lange tider. Denne kalven er fødd i vår. Foto: Kjersti Kildahl.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

For prosjektet «Bærekraftig storfeproduksjon basert på grovfôr», er det i denne rapporten gjeve omtale av ressursgrunnlaget for utmarksbeite og ulike tilhøve kring bruk av beite, med særleg vekt på storfe, knytt til soner for arealtilskot (AK-soner). Det er også berekna grove tal for kapasitet og beitetrykk ut frå dagens beitebruk. Ressursar på innmarksbeite i sonene er også omtala.