Hopp til hovedinnholdet

Fjellbeitet er viktig for Vestlandsbonden

CIMG1801

Sauene til Svein Misje er nyleg sluppe på fjellbeite i området ved Kvitingen i Samnanger kommune. Dei kastar seg hovudstups i matfatet. Frå Neverkleiva på vel 400 moh. trekkjer dei vidare opp i 700 -1000 m høgd. Foto: Svein Misje.

Mange sauebønder flytter dyra sine til fjells når snøen slepp taket og utmarka er blitt eit matfat av godt beite. Vekselbruket mellom innmark og utmark har alltid vore viktig for bonden – og er det framleis.

Den typiske sauebonden på Vestlandet slepp sauer og lam på innmarksbeite rett etter lamminga. Når innmarksbeitet treng kvile før ny bruk, kjem fjellbeitet til sin rett. Vanlegvis er utmarksbeitet på fjellet klart for beiting ein månads tid etter lamming, men i år har  dei store mengdene med snø i fjellet forseinka sauesleppet for dei fleste sauebøndene vest i landet med nokre veker.

Uansett om våren kjem seint eller tidleg, så veit fagfolk og bønder at det i midtre og indre strok på Vestlandet er mykje fjellbeite av god kvalitet.

Sau_Holskardvatnet Beinhelleren_Vaksdal_150819_Yngve Rekdal.JPG
Her beiter sauen i grøderik skredmark ved Holskardvatnet, Vaksdal. Foto: Yngve Rekdal.

Nyttig kunnskap om beite

Ifølgje ein fersk rapport, er mykje av utmarksbeita i midtre og indre strok på Vestlandet kvalitetsrikt fjellbeite. Beitetraktene her er velkjende for beitekartleggjar Yngve Rekdal i NIBIO.

Hausten 2019 vart to sentrale beiteområde i Hordalandsfjella, Beinhellaren og Kvitingen, synfart for å vurdere vegetasjon og beitekvalitet på oppdrag frå Hordaland landbruksselskap. Slik kunnskap er nyttig for beitenæringa når dei skal prioritere beiteområde og -bruk.

- Dei to områda er representative for fjellstroka i midtre delar av Hordaland, med nedbørrike fjell og snøleie som framtredande, og næringsrike, i vegetasjonen, seier Yngve Rekdal.

Han fortel at dette står i kontrast til utmarksbeita i ytre strok av Vestlandet som ofte er av vekslande kvalitet:

- Dårleg beitekvalitet gir mange stader låg tilvekst på lamma. I tillegg er flogemakk, flått og alveld utfordringar knytt til bruk av låglandsbeite. Derfor nyttar mange bønder ved kysten seg av beita lenger inn i landet.

YNR-Landskap-3.jpg
Yngve Rekdal tek pause i beitekartlegginga. Foto: Geir Harald Strand.

Utmark kan vere så mykje

Begge beiteområda er mest snaufjell og ligg i det som kallast lågfjellsona, mellom 700 og 1200 moh. Mindre delar av områda når ned under skoggrensa. Høgdene er godt runda, stadvis med bratte sider. Mellom høgdene ligg botnar, vatn og mange skar, kløfter, bekkedalar og holer. Rekdal skildrar eit samansett landskap.

- Utmarka er ikkje noko eins fôrgrunnlag anten ho ligg høgt eller lågt. Naturtypar og beitekvalitet varierer med berggrunn, topografi og klima.

Marktypane snøleie og skredmark er høgtliggande og næringsrike innslag i fjellbeitet.

Kvitingen_orto.jpg
Flyfoto av beiteområdet Kvitingen. Vegetasjonslause område kjem klart ut, og dei frodige skredmarkene er grønare enn annan vegetasjon. www.norgeibilder.no

Marginale ressursar med høg verdi

Snøleie inneber at snøen smeltar ut så seint i sesongen at vekstperioden blir for kort for mange planter. Lyng, bregnar og høge urter finst ikkje her. Det gjer derimot starr, låge gras og urter – og den vesle vierarten musøyre.

- Høgt innslag av snøleie er karakteristisk for fjella på Vestlandet, og særleg for tidlegare Hordaland, fortel Rekdal.

- Der er 25 prosent av snaufjellsarealet snøleie, medan gjennomsnittet for landet er 14 prosent.

For dyra som beiter her, er snøleia viktige for næring og tilvekst. Når annan vegetasjon er i ferd med å mista vokster og kvalitet, kjem snøleieplantene sauen til hjelp. Av same grunn er snøleia verdfulle for bonden. Men fordi dette er lite produktiv mark, er det nødvendig å tilpasse dyretal og beitetrykk der snøleia utgjer store areal.

Kva som er passande dyretal i ulike beiteområde er det ofte ein del av oppgåva til beitekartleggjarane å seie noko om. Rapporten om Fjellbeite i midtre delar av Hordaland har derfor gjort ei vurdering av kor mange sau arealet vurdert som nyttbart beite i det kartlagde området gir grunnlag for.

Snøleiegradient 1.jpg
Snøleiegradient viser fordeling av vegetasjon etter snødjupn. Der snøen er djupast og ligg lengst, er vekstsesongen kortast. For mange planter er vekstperioden for kort. Låge gras, starr og urter – og den vesle vierarten musøyre trivst her. Når annan vegetasjon er i ferd med å mista vokster og kvalitet, finn sauen friskt beite her.

Fjellbeitet betyr fleire dyr

- Utan fjellbeite hadde flokken vore nær halvparten. Det seier sauebonde Svein Misje. Han driv småbruk på øya Misje i Øygarden, nordvest for Bergen. Vest for Misje er Nordsjøen.

Svein Misje er ein av 23 medlemmer i Ytre Midthordland beitelag som til saman har 1700-1800 dyr. Vel 1700 sau vart sleppte i det eine av dei to områda NIBIO kartla i fjor.

I år er sauesleppet forseinka med to-tre veker.

- Sauene mine vart køyrde til fjells i månadsskiftet juni-juli, fortel Misje.

DSCF8992.JPG
Kystlynghei pregar utmarksbeitet Misje har tilgang på nær garden. I ei rute på 1 m2 viser han fram røsslyng, krekling, klokkelyng, blokkebær og blåbærlyng. Foto: Kjersti Kildahl.

Hans flokk er på vel 80 dyr, små og store. 35 av dei er vinterfôra. Halve besetninga reiser til fjells. Til garden høyrer 23 dekar innmark som Misje slår med to-hjula slåmaskin og fôrhaustar. I tillegg til eige innmarksbeite på 50 dekar, leiger han nær 100 dekar med kystlynghei av ein nabo.

- Eg kunne ikkje hatt meir enn vel halvparten så mange dyr om eg skulle klart meg med fôrgrunnlaget eg sjølv har her på øya.

- Fjellbeitet er avgjerande for at eg kan ha denne flokken, seier sauebonde Misje.

Han fortel at utmarksbeitet der hans sauer går på fjellet, er variert og tidvis ‘skrint,’ men at sauene er flinke å finne mat der han finst. Dei vert sleppte på rundt 400 moh. og går opp i 700-1000 moh. Der vandrar dei og driv matauk gjennom sommaren.

- Sauen vil vandra, veit du. Slik er det med dyra anten dei vert sleppte i prima beiteområde eller skrinnare terreng. Så korleis dei legg på seg vil variere og jamne seg ut på snitt, tenkjer eg.

- Eg er vel nøgd med tilveksta på sauene som har vore til fjells.

Misje har køyrt sauene sine til det same fjellbeitet, ti mil innover i landet til Samnanger og Kvitingen-området, sidan 1993. Det har han tenkt å halde fram med.

- Det handlar ikkje berre om kjøtvekt. Det handlar og om trivsel – både for dyra og meg som bonde,  legg sauebonden til.

Han kunne sikkert lagt til at det handlar om fornuftig ressursutnytting. Enkelte areal er det berre sau og anna småfe som kan omsette til mat.

DSCF8877.JPG
Utsyn mot vest frå utmarksbeitet som sauene til Misje har i heimeområdet sitt. Kystlynghei utgjer det meste av beitet. Foto: Kjersti Kildahl.

Eit landskap forma av bruk

For beitekartleggjar Yngve Rekdal i NIBIO er beiteområda i fjella på Vestlandet døme på at ressursutnytting og landskapsskjøtsel går hand i hand. Bonusen er kulturlandskapet vi ofte tenkjer på som ‘vår natur.’

- I mange av dei viktigaste reiselivsmåla som Lofoten og fjordane på Vestlandet, er landskapet i endring på grunn av lågt haustingstrykk.

- Skal dagens landskap haldast i hevd, krevst god kultivering av utmarka, høgt dyretal og lang beitesesong, seier han.

Rekdal legg særleg vekt på at tidleg slepp er viktig for at dyra skal ete mest mogleg av knoppar og skot slik at tre, buskar og bregnar blir hemma i vekst. 

Slik gir beitespesialisten ei oppskrift mot attgroing og eit vink til det politiske målet om «bedre utnytting av beitearealer i inn- og utmark».

2-12-15.jpg
Fakta

Landbrukspolitikken i Noreg har fire overordna mål: matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.

Eit samla storting står bak  måla som er nedfelt i landbruksmeldinga: Endring og utvikling—
En fremtidsrettet jordbruksproduksjon
. (Meld. St. 11 (2016–2017))

I meldinga les vi og dette:

  • Aktiv drift i landbruket utvikler kulturlandskapet og holder det ved like slik at ressursgrunnlaget, naturtyper og areal med høyt naturmangfold også blir ivaretatt. Eksempler på dette er naturtyper som slåttemark, naturbeiter og kystlynghei som er avhengig av beitebruk og slått for å hindre gjengroing.
  • Samtidig må det grasbaserte husdyrholdet økes i grasområdene, med vekt på bedre grovfôr og bedre utnytting av beitearealer i inn- og utmark.
  • Ved behandlingen av de siste årenes jordbruksoppgjør har Stortinget lagt vekt på at økt produksjon, så langt som mulig, skal skje med grunnlag i norske ressurser.

YNR-Portrett-1.jpg
Seniorrådgjevar Yngve Rekdal. Foto: Geir Harald Strand.
DSCF9014.JPG
Sauebonde Svein Misje i Øygarden. Foto: Kjersti Kildahl.
Saueslepp 2020_2177_Foto Kjersti Kildahl.jpg
KVAR GÅR BEITEDYRA? Svaret finn du i Kilden på http://kilden.nibio.no. Klikk på kartlaget: Beitelag. Der ligg ferske tal for sau, lam, geit og storfe som vart sleppte på utmarksbeite i ulike delar av landet i 2019. Namn på beitelaga med geografisk plassering er også teikna inn. I Noreg var det 749 beitelag i 2019. Til saman hadde laga 1,44 mill. sau, 85 500 storfe og 16 000 geit. Basis for tala er søknadar innsendt til stønadsordninga Organisert beitebruk (OBB). Tilslutninga til OBB varierer frå 95 % av sauen i Oppland og til 40 % i Rogaland.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Denne rapporten gjev ein omtale av vegetasjon og beitekvalitet, og tilhøve elles som har betydning for beitebruken i to beiteområde i midtre delar av Hordaland. Dette er gjort med grunnlag i synfaring og tilgjengelege naturgrunnlagsdata for områda. Beiteområda er gode typeområde for det ein finn i fjellstrok i midtre delar av Vestlandet, som har nedbørrike fjell der snøleie er framtredande i vegetasjonen. Rapporten beskriv metode for arbeidet, viktige vegetasjonstypar og beiteplanter, og gjev ei skildring av vegetasjon og beite. Det er også gjeve ei vurdering av beitekapasitet.