Hopp til hovedinnholdet

Utmark i endring – ein velferdsindikator

mg202007_DSC_6398

Sidan etterkrigstida har bruken av norsk utmark vore i endring. For stadig fleire symboliserer utmarka rekreasjon og fritid, framfor næring og matauk. Foto: Morten Günther

Utmarka er eit sær-skandinavisk omgrep. Dei siste hundre åra har likevel moderniseringa og velstanden gjort noko med korleis vi brukar og forstår utmarka. Dette har forskarar frå NIBIO og Ruralis sett nærare på i ei ny bok med tittelen «Utmark i endring».

– I tusenvis av år har utmarka inngått som ein viktig del av bondehushaldet sin økonomi. Men med tida har bondefamiliane blitt færre, og både landbruket og andre brukarar ser no på utmarka med andre auge, fortel NIBIO-forskar Bjørn Egil Flø.

Dette var bakgrunnen for eit prosjekt der brukarar, forvaltning, forskarar og folk flest møttest til fagseminar for å drøfte aktuelle og sentrale tema i utmarka, som beiteproblematikk, industriutbygging, natur- og kulturmangold og rekreasjon.

Inspirert av desse fagseminara har ei rekkje sentrale norske utmarksforskarar skreve ei bok om tida og tilhøva i utmarka. Flø er medforfattar og redaktør for boka, saman med kollega Frode Flemsæter frå Ruralis.

 

Då utmarka forma vår identitet

– Utmarka har vore ei forlenging av innmarka så lenge me har hatt landbruk og bufaste bønder i Noreg. Utmarka har vore ein felles ressurs kor folk samarbeidde som best dei kunne om bruken og forvaltinga av den. Men samarbeidet var sjeldan berre harmonisk.

Flø referer til dei gamle lovtekstane, som Magnus Lagabøters landslov frå 1274 og Christian IVs Norske Lov av 1604, der rettar og plikter knytt til utmarksbruken vert detaljert skildra.

– Så detaljerte lover kan fungere som eit prov på at det har vore konfliktar i og om utmark til alle tider, seier Flø.

Sidan den tid har utmarka og fjellandbruket vorte viktige symbol i bygginga av det norske.

– Då me nordmenn skulle finne oss sjølve, etter at både danskar og svenskar hadde herja med oss ei tid, spelte utmarka ei viktig rolle i forminga av kven me var og kven me meinte å vere, fortel Flø.

– Me gjekk langt ut av Christiania på leit etter det norske, og måla og dikta om det me såg. Slik skapte me ideen om den staute nordmann, om lag like fóret og vêrbiten som landet me var ein del av.  

Norske kunstnarar blei lagt merke til utanlands, blant anna i Tyskland, og dei nasjonalromantiske skildringane frå Noreg vaks fram som noko unikt i europeisk samanheng.

– Her oppe levde folk tett på naturen, me blei mest som naturmenneske å rekne. Og me trudde også på det sjølve.

 

Moderniteten kom til Noreg

Moderniteten nådde også Noreg, med vegar, industri og fritid. «Det store hamskiftet» skildrar dei omfattande økonomiske og kulturelle omveltingane det norske bondesamfunnet gjekk igjennom rundt midten av 1800-talet. Flø fortel vidare:

– Mot slutten av 1950-talet og fyrst på 1960-talet, tok landet for alvor steget inn i ein forbruksdriven økonomi. Me fekk det andre hamskiftet då traktoren skifta ut hesten på gardane, og folk flest fekk fleire timar i døgnet som dei kunne fylle med andre aktivitetar. Aktivitetar som før var for adel og fritenkjarar på kunstnarstipend, vart no gradvis folkeaktivitetar. Mange fekk etter kvart også interesse for å finne sin eigen stad der dei kunne dyrke sin kjærleik til naturen og det landlege.

– Framover på 1970-talet kunne me sjå at naust, sjøbuer og stølshus fekk gardiner i vindauga, noko som vitna om ny bruk. Seterdrift gjaldt ikkje lenger no, for no skulle mjølkekyrne stå på bås i fjøset heile året.

 

Utmarka, den nye møteplassen

Oppgjennom heile etterkrigstida har det vore ein jamn vekst i det forskarane kallar ei diversifisering av bruken av utmarka.

– Ikkje berre har brukarane blitt meir ulike kvarandre i interesser og idear om kva utmarka er og skal vere, også bruken har teke fleire og andre former.

– I heile landet kan me sjå at i takt med nedlegging av grendeskular og butikkar, har den nære utmarka vakse fram til å bli dei nye lokale møteplassane. Her er det utbetra stiar også for dei som ikkje er like gode til beins som dei ein gong var. Og du kan raste på ein av dei mange rasteplassane og snakke med folk som kjem forbi. For det er her bygdefolket møtest no, fortel Flø.

 

Kunnskapen om god framferd

Frå 1970- og 1980-talet gjekk sjølv bygdefolk på fjellet berre for å gå.

– Me gjekk på toppane for å nyte utsikta og for å la tankane fare. Men me visste framleis reglane for framferd i utmarka. Me visste risikoen med å gå med bikkja ved foten mellom ku og kalv. Me visste faren med forsøpling som kunne ende i fôrhaustaren og som dyra kunne ete og skade seg stygt på. Me visste å late att grinda etter oss når me gjekk gjennom utgardane. For sjølv om utmarka ikkje lenger berre var ein utvida del av jordbruket, så kjente me likevel kodane for korleis me skulle te oss, fortel Flø.

Utfordringane oppstår når rekreasjonsbruken kjem i konflikt med det moderne landbruket.

– Somtid skjer det at gjestane har parkert slik at bonden ikkje kjem forbi med traktor og reiskap, bikkjer spring laus i beiteområde og grinder blir ståande opne etter sistemann. Det kan synast som ikkje alle lenger har den same forståinga for korleis ein som fritidsbrukar skal te seg overfor yrkesbrukarane.

 

Å skape god kultur

Gjennom tida som forskar på bruken av utmarka, har Flø aldri møtt nokon som ikkje ynsker at folk skal bruke utmarka. Han meiner konflikten mellom ulike brukarar av utmarka kan løysast gjennom betre samarbeid mellom dei sterke interesseorganisasjonane.

– Dei seinare åra har me sett at Norsk Friluftsliv, så vel som medlemsorganisasjonane, har stressa det som gjerne vert kalla allemanns-pliktene. Ryttarar, scooterkøyrarar, syklistar, jegerar, padlarar og andre vert heile tida minte på pliktene dei har som utmarksbrukarar.

Kunnskap om god framferd kan skapast gjennom strukturar der aktørane deltek i danninga av seg sjølve og sine like. Det handlar om å ta vare på eit felles gode og å stimulere kulturen til å vekse framfor ukulturen.

Utmark i endring_V3_corr-1.jpg

Her kan du følge boklanseringa frå 
Litteraturhuset i Trondheim
onsdag 1. desember 2021 - kl.09:00.

AndersBryn_Atna-Stor-Elvdal_2017-kopi.jpg
Då Noreg skulle forme ein eigen identitet, gjekk kunstnarar ut av storbyen og langt inn i naturen på søk etter det norske. Der fann dei nasjonalromantikken som bygger på folka som levde av og i naturen. Foto: Anders Bryn
2021-09-25 09.09.11.jpg
Frå 1960- og 1970-talet, auka ønsket om å finna seg sin eigen fristad tett på naturen. Sidan den gong har det vakse fram hyttelandsbyar rundt om i utmarka, med den samen luksusen som heime, med kjøleskap, tv og straumuttak til el-bil. Foto: Morten Günther
2020-07-19 13.51.30.jpg
Vindmøller er eit av dei mest konfliktfylte temaa i Noregs utmark. Spørsmålet det blir stridt om, er om det er miljøvennleg straumproduksjon, eller om me kan driva miljøvern som kostar natur og dyreliv. Foto: Morten Günther

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.