Hopp til hovedinnholdet

Tusenvis av tal fortel om beitebruk i norsk utmark

D1_IMG_3776
Ein tredel av norske gardsbruk slepp sau på utmarksbeite. Desse sauene tilhøyrer Erlend Moberg som er med i Vossestrand og Nærøydalen Beitelag. Vikafjellet mellom Voss og Sognefjorden i bakgrunnen her. Foto: Kjersti Kildahl

På nettsidene til NIBIO finst no temasider med tal for kor mange sauer som årleg blir sleppte og sanka i utmarka. Statistikken går 40 år tilbake i tid og er sortert på kommunar og fylke.

Tala på sau som beitar i utmark er henta frå beitelaga sine årsrapportar til Landbruksdirektoratet. Der melder laga inn kor mange sauer og lam dei har sleppt på utmarksbeite det året og kor mange dei har sanka.  Differansen utgjer tapet. Dessverre er det alltid dyr som ikkje kjem heim. I tala er det ikkje skild mellom ulike tapsårsaker. Årsakene er mange, samansette og varierer regionalt og over tid.

Beitestatistikken blir brukt som grunnlag for planlegging, sakshandsaming og utgreiingar innan statsforvaltning, kommunar og beitenæringa. 

Klikk og ‘komponér’ 

Kvart år blir rundt 1,5 millionar sau registrerte i beitestatistikken. Den fortel kor sauane er sleppte, og korleis dyra er fordelt geografisk rundt i landet – sortert på kommune eller fylke. Data frå det enkelte beitelag er også lagt ut, om ein ønskjer å fordjupe seg. Frå 1981 til i dag er det blitt eit omfattande statistisk materiale. 

– Totalt er rundt 61 400 000 sauer og lam registrerte inn i det samla datagrunnlaget. Det utgjer 36 000 datalinjer, eller ‘records,’ med bitar av informasjon. Ein stor del er overført manuelt frå eldre papirutskrifter, fortel prosjektleiar og beitekartleggjar Michael Angeloff i NIBIO. 

Arkiva til Norsk Sau og Geit har vore svært viktige for å sikre dei eldste årgangane av materialet. I seinare tid er data ‘heldigvis’ blitt overført elektronisk frå Landbruksdirektoratet. 

– Vi speglar tala som blir rapportert inn til Landbruksdirektoratet. Beitestatistikken er mykje brukt også av dei, seier Angeloff.  

Prosjektleiaren er tydeleg letta over at puslespelet av tal og teknologi no heng saman. Han viser rundt i databanken og peikar på korleis ein kan ‘komponera’ eigne spørjingar. 

– Her er det berre å boltre seg. I den digitale beitestatistikken kan alle velje data som passar med eigne oppgåver. Utvalet kan gjerast stort eller lite, nasjonalt eller lokalt. Systemet er fleksibelt. Brukaren og bruken bestemmer. 

E_20210531_Michael-Angeloff_kontorsituasjon_Foto Oskar Puschmann.jpg
Prosjektleiar og beitekartleggjar Michael Angeloff har tasta inn mange tal frå beitestatistikken før den no kan presenterast digitalt. Foto: Oskar Puschmann

Etterspurd og mykje brukt 

Når tala finst på nettet, er dei mykje enklare å få tak i, til dømes for Landbruksdirektoratet eller landbruksavdelingane til Statsforvaltaren rundt i landet. 

– Mange innan forvaltninga brukar data herifrå dagleg, som når søknadar om produksjonsstøtte eller tilskot til tiltak i beiteområde blir vurdert av landbrukskontoret.

– Hos Statsforvaltaren kan ei typisk oppgåve vere at dei treng dokumentasjon for tap av sau, eller generell oppfølging av bestandsmåla for rovdyr, fortel Angeloff. 

Som det framgår, er den digitalilserte beitestatistikken etterspurd av fagmiljøa med ansvar for forvaltninga av ressursane i norsk utmark.  Vi har snakka med to av dei om nytten av tala i eigen arbeidskvardag. 

Pysjrapport.jpg
Tilgang til gamle papirarkiv har vore viktig for å kunne presentere 40 års beitestatistikk på nettet.

Synleggjer verdien av utmarka 

Seniorrådgjevar Eva Dybwad Alstad hos Statsforvaltaren i Trøndelag er først ute:  

– Eg synes det er veldig bra at NIBIO no har lagt beitelags-statistikken ut på nett. Da blir det enklare å synleggjere at utmarksareala er i bruk og på kva måte.  

Alstad seier den organiserte beitebruken står sterkt i Trøndelag. I 2020 slapp dei 92 beitelaga i fylket rundt 190 000 sau og lam og over 8000 storfe på utmarksbeite.

– Vi bruker statistikken ofte og i forskjellig samanheng. Talet på sau sleppte i eit område over tid fortel om verdien av areala, og kan seie noko om korleis bruken endrar seg. Slik informasjon er verdfull å ha, til dømes ved spørsmål om endra arealbruk, som ved utbygging, seier ho. 

– Når ein må prioritere, trengst dokumentasjon på verdien av det ein har, og korleis areala faktisk er i bruk i dag. 

Statistikk frå beitelaga er og viktig for kommunane. Eit eksempel er ved utarbeiding av kommunale beiteplanar som kommunane er anbefalt av statsforvaltninga å ha.  

– Eg trur tilgang på informasjon som syner endringar i talet på dyr sleppte på beite, tapsprosentar og medlemmar i beitelaga motiverer til auka merksemd på beitebruken i utmarka, kommenterer Alstad. På denne måten blir og nytten av planar som tar vare på beitebruken framover, meir synleg.  

Eva Dybwad Alstad_Foto Privat.jpg
Seniorrådgjevar Eva Dybwad Alstad hos Statsforvaltaren i Trøndelag. Foto: Privat

Nyttig i rovviltforvaltninga 

Også i rovdyrforvaltninga er beitestatistikken mykje brukt, noko naturforvaltar Jonny Storbråten hos Statsforvaltaren i Oslo og Viken kan bekrefte.  

– Vårt ansvarsområde er delt i beiteprioriterte område og ei ulvesone der ulven skal ha strengt vern. Det er utfordrande å prioritere beiteinteresser og rovdyr når områda har felles grenser slik tilfellet er i våre fylke. 

Som følgje av denne inndelinga, og fordi mange ulveangrep skjer i beiteprioritert utmark i randsona til ulvesona, er det viktig å følgje tapsutviklinga og eventuelle endringar i bruken av utmarka:

– Høge tapstal kan ha årsak i auka rovviltskadar. Dokumentasjon er derfor viktig for vurderingane som vi i forvaltninga gjer, seier Storbråten.  

I Oslo og Viken finst 40 organiserte beitelag. Dei slepp omkring 99 000 sau og 9 000 storfe fritt på fjellbeite og på skogsbeite i låglandet.  

I området Østfold, ligg alt areal innanfor ulvesona. Her blir beitedyr stort sett kun sleppte fritt på beite som finst på øyane i fjord, elv og vatn.  

 

Verdfulle tal 

Det er beitelaga organisert under tilskotsordninga Organisert beitebruk som står bak tala som utgjer statistikken.  Kring 75 prosent av all sau sleppt i norsk utmark er inkludert.  

– Beitelaga er som ei grunnstamme i beitenæringa, og organisering av utmarksbeitebruk ser ut til å vere minst like viktig i framtida, seier Michael Angeloff.  

Han peikar på samarbeidskultur innan og mellom beitelag som avgjerande for fornuftig utnytting av utmarksressursen. Beitelaga gir fagmiljø og fellesskap.  Å dele på oppgåver som tilsyn, sanking og gjerding er ein del av dette. Andre gonger skal spørsmål innan næringa svarast på. 

– Gjennom enkel tilgang til talmaterialet frå beitelaga, aukar nytteverdien både for næringsdrivande og dei som forvaltar stønadsordningar og lovverk knytt til utmarksbruk. Skal ein ta kloke val, trengst gode tal, avsluttar prosjektleiaren. 

Fakta om Organisert beitebruk (OBB)

Tilskotsordninga Organisert beitebruk (OBB) vart oppretta i 1970 med mål om meir rasjonell utnytting av utmarksbeita og for å  redusere tap. Bønder som samarbeider i beitelag kan søkje tilskot for dyr sleppte på beite i utmark. Kring 75 prosent av sau sleppt i norsk utmark er med i Organisert beitebruk. Organiserte beitelag brukar 35 prosent av norsk landareal. Det var 753 beitelag i 2020.

Sidan 1970 har beitelaga i OBB levert årlege rapportar om drifta. Frå dei første tiåra er det ikkje samordna statistikk, men frå 1981 er alt no tilrettelagt digitalt og bearbeidd for enkel synleggjering av sauetal som er sleppt og sanka i utmark. Det er ikkje skild mellom ulike tapsårsaker.

IMG_3086.jpg
Tilsyn er ein viktig del av pliktene når ein slepp dyr på utmarksbeite. Da er det godt å ha eit beitelag å dele på oppgåva med. Foto: Kjersti Kildahl
Tilskot til drift av beitelag (OBB)

Til organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak knytt til utmarksbeite. Ordninga gjeld for sau, geit og storfe som beiter i utmark i minst 8 veker.

Red.anm. – fellestiltak kan til dømes vere sperregjerde, sankekveer (inngjerding for fe), salsteinsautomatar, elektronisk sporingsutstyr.

Kjelde: Landbruksdirektoratet

H_Beitelagsmosaikk_Kilden viser kartfesta beitelag og talet på dyr sleppte på beite_sau_geit_storfe.JPG
Kartfesting av organiserte beitelag finst på NIBIO si kartteneste, Kilden. Skjermbildet viser omriss av beitelaga i ein del av Noreg. Ulike fargar for ulike tal på sau frå ulike beitelag. Beitestatistikken er lenka opp til beitelagskarta i Kilden.
IMG_3385.jpg
Sauehaldet hentar rundt halvparten av gjennomsnittleg mengd årsfôr frå utmaka. Ein reknar at 35 prosent av landarealet i Noreg er i bruk til utmarksbeite gjennom organiserte beitelag.
Oversikt over sauer og lam i Oppdal kommune_Noregs største sauekommune.jpg
Skjermbilde av spørjing i beitestatistikken. Grafen viser utvikling i dyretal og tapsprosent for beitelaga i Oppdal. Søylene i lys farge viser talet på heimsanka sau og lam, den mørke delen viser tapte dyr. Den raude linja viser utviklinga i samla tap av sau og lam, medan dei to gule viser tap av sau og lam kvar for seg.
Jonny Storbråten_Fagtur med fylkesagronomer_Vestfold_Foto Michael Angeloff.jpg
Naturforvaltar Jonny Storbråten hos Statsforvaltaren i Oslo og Viken. Foto: Privat

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.