Hopp til hovedinnholdet

Samarbeid om beite for å halde kulturlandskapet ope

Gjengroing på beite_fellesfjøs til høyre-U-B

Her vart det bygd eit stort felles fjøs for om lag 10 år sidan. Beitene nær det store fjøset til høgre er godt beita.

Foto: Ulrike Bayr.

Nedlagde bruk, meir samdrift og færre beitedyr er nokre av årsakene til at Noreg gror igjen. Kan meir samarbeid om beiteareal førebyggje gjengroing?

NIBIO-forskar Ulrike Bayr viser fram bilete frå eit gardsbruk i Hemsedal.

 - Her vart det bygd eit stort felles fjøs for om lag 10 år sidan, og her ser vi at beitene nær det store fjøset er godt beita.

Ho forklarar at fleire bønder har slutta  med jordbruk i dette området, og mange har slått seg saman.

- Utfordringa er at dei andre areala, der det ikkje lengre er dyr, eller der det blir beita med mindre intensitet, gror att.

Analysen av området i Hemsedal er basert på mastergraden hennar om gjengroing, der ho samanlikna laserdata frå den nasjonale høgdemodellen til Kartverket med eigne målingar på bakken, og bilete frå landskapsfotograf- og seniorrådgjevar i NIBIO, Oskar Puschmann. I tillegg har ho intervjua ein del bønder i bygda.

- Det blir ofte nemnt at vi totalt sett har nok beitedyr i Noreg, men det er den geografiske fordelinga som er skeiv, og mange dyr blir flytta inn i store fjøs. I tillegg blir det stadig færre aktive bønder, noko som kjem til å skape store utfordringar framover. Det trengst meir støtte til beiting, både i inn- og utmarka, meiner Bayr.

Meir samarbeid om beite

I mastergraden tek ho til orde for meir samarbeid om beiteareal og at dyra helst bør kunne bevege seg på tvers av eigedomar.

Ho får støtte frå kollega Puschmann.

- Eg har absolutt tru på sambeite. Det kunne vore brukt mykje meir. Gjerda mellom eigedomane ligg mange stader mest der som minne frå gammalt av. Det kunne med fordel vore opna opp fleire stader, slik at dyra kan bevege seg på tvers av eigedomsgrenser, seier Puschmann.

- Vi såg at det er stor skilnad i kor tett vegetasjonen er på dei ulike eigedomane. Nokon har mange dyr, andre har få. Det hadde vore fint å flytte dyra litt meir rundt, og samarbeide om areal, men eg har nok inntrykk av at ein del bønder ikkje ynskjer det, seier Bayr.

Ho vedgår samstundes at det er komplisert å få til løysingar. I mastergraden understrekar ho at noko slikt vil krevja god koordinering og tett samarbeid mellom grunneigarar. 

Utfordrande logistikk med sambeiting

Stemmer det at bønder ikkje ynskjer å samarbeide om beiting, og korleis kan samarbeid om beiting løysast? Vi spør landbruksrådgjevar i Hemsedal, Kia Sandra Simonsen. Ho meiner at nokon grunneigarar har for høge forventningar i høve til kva ein kan få i leige, noko som kan gjera det vanskeleg å få leigetakarar.

- Det er forståeleg at ein ynskjer høg godtgjering for bortleige av areal, men får ein ikkje leigetakarar gror det igjen. Og det er viktig å halde beiteareal i hevd og gjerder i orden for å vedlikehalde verdien på eigedommen med tanke på neste generasjon, seier Simonsen.

Då ho gjorde feltarbeid til masteroppgåva snakka Bayr med fleire bønder i området. Ho trekkjer fram eit døme som ho meiner illustrerer godt korleis beiteareal kan utnyttast betre.

- Ein bonde i Hemsedal har 100 sauer og flyttar seg rundt på områda han har leigd av dei som har slutta. Han brukar òg bygdetunet. Der er det veldig god skjøtsel på grunn av ganske intensiv beiting, og enkelte tiltak for å rydde kratt manuelt.

Simonsen er veldig positiv til samarbeid om beite, men ho trekk frem det same som Bayr har observert, at det er ein del større samdrifter i bygda. I samdriftene har fleire gardsbruk gått saman og det blir i sum mange større og mindre beiter som skal haldast i hevd. Ho meiner det kan bli utfordrande med logistikken om dyra skal flyttast rundt på alle dei ulike beitene.

- Vi har mange kyr i samdrift, og mange har mjølkerobot. Då blir kyrne som mjølkar gåande tett på fjøset, og det er i hovudsak kalvar og ungdyrdyr som beitar på beiteareal som ligg meir spreidd. Det er store drifter med mange dyr, og det blir mykje jobb å skulle halde gjerding og flytte dyra rundt på alle beitene. Mindre og meir perifere beiteareal går då gjerne ut av bruk.

Samansette årsaker til gjengroing

Det finst altså ingen rask løysing for å få meir opne landskap, og årskane til gjengroing er samansette.

- Eit problem er også at vi har for få geiter, for dei et alt, òg kratt. Sau og ku er meir kresne og et stort sett berre gras og urter. Dei et ikkje kratt viss dei ikkje må. Innmarksbeitene vert ikkje så mykje brukt lenger, og vi har færre beitedyr særleg på bratte areal langt unna frå fjøsa, seier Bayr. Ho legg til at gjengroing òg vert påverka av kva type ku eller sau bonden har.

- Til dømes er nokre av dei moderne kurasene tunge dyr som kan forårsaka meir tråkkskader på beitene. Slike tråkkskader opnar muligheit for buskar og trær å utvikle seg innanfor tett grasvegetasjon. Gamle kuraser derimot, er mindre og dermed lettare. I tillegg nøyer dei seg med litt mindre næringsrik beitevegetasjon og utnyttar difor område med lav beiteverdi meir effektivt.

Simonsen seier at i tillegg til at det er færre beitedyr kan ein annan årsak til at det gror att vera at vi stiller større krav til areala vi haustar.

- Større maskinar og auka nydyrking av større og flatare område gjer at små og bratte fulldyrka areal no oftare vert beita og ikkje hausta. Dette gjer at det blir meir beite rundt gardane der delar av arealet før vart hausta, og mindre beite i utmark og på meir perifere beiteareal. Færre beitedyr gjer også at dei minst tilgjengelege innmarksbeita og utmarksbeite ikkje lenger vert brukt som før.

Beiting åleine er ikkje nok

Sjølv godt beita areal er ikkje fri for gjengroing.

- Eg fann ut at deler av innmarka var beita ganske godt, likevel gror mykje att. Einar er ofte knytt til steinrøys og fungerer som vern mot beiting. Dei fleste beitedyr et ikkje einar. På denne måten gir dei eit godt grunnlag for oppslag av lauvtrær som bjørk – også på beita areal, seier Bayr. I tillegg ser vi at Tyrihjelm, ein av dei giftigaste planteartane vi har i Noreg, spreiar seg på mange areal.

Kollega Oskar Puschmann i NIBIO påpeikar at beite åleine ikkje er nok. Det må i tillegg og ryddast manuelt.

- Mange bønder har nærast slutta med kratt- og einerydding i beitemarka. Tidlegare vart denne rydda og stelt om våren, mellom anna fordi ein også trong trevirke når gjerdet skulde vedlikehaldas. No gror ofte einar godt i beitemarka, og over tid blir sjølve beitet då dårlegare for dyra.

Alt i alt er det mange utfordringar, så kva skal ein gjere?

- Gjengroing er mange stadar så overveldande omfattande. Eg meiner difor at det er naudsynt å prioritere kva område som er viktige å halde opne, i tillegg til at det ofte må beitast tidlegare og hardare, og skjøttast meir manuelt, seier Puschmann.

- For det fyrste må det vera lagt til rette og liv laga å drive landbruk, slik at dyretalet aukar og ikkje går ytterlegare ned. Vi i landbruket og også reiselivsnæringa må samarbeide og hjelpe kvarandre slik at det blir minst mogleg konflikt rundt beitedyra og beitebruken, seier Simonsen.

Ho seier at landbrukskontoret gjerne bidreg med rettleiing for å finne gode løysingar lokalt i Hemsedal.

20140627-OSP-103139_OG_2004-1994_langs-Kongeveien-i-Heimdalen-Hemsedal_Buskerud.jpg
Landskapsfotograf og seniorforskar i NIBIO, Oskar Puschmann, har sidan 2002 dokumentert endringar i landskapet over tid gjennom prosjektet «Tilbakeblikk - norske landskap i endring». - Vi har god dokumentasjon på kor og korleis gjengroing skjer, seier Puschmann. Her frå Kongevegen i Heimdalen i Hemsedal, fotografert i 1994, 2004 og 2014. Foto: Oskar Puschmann.
Les mer om: Tilbakeblikk - norske landskap i endring

  

Hemsedal.JPG
Det er stor skilnad i kor tett vegetasjon det er på ulike eigedomar. I mastergraden tek Ulrike Bayr til orde for meir samarbeid om beiteareal og fjerning av fysiske skilje mellom eigedomar, slik at dyra kan bevege seg på tvers av eigedomar. Foto: Ulrike Bayr.
B3_1994-2004-2014_3x-OSP_tilgroing-gml-innmark_Grøte-nordre-53-13_Hemsedal_Buskerud.jpg
Bilete viser eit gardsbruk i Hemsedal og dokumenterer godt korleis vegetasjonen har blitt tettare over tid. Fotografia er frå 1994, 2004 og 2014. Foto: Oskar Puschmann.
B6_gjengroing_utvikling.jpg
Einar er ofte knytt til steinrøys og fungerer som vern mot beiting. Dei fleste beitedyr et ikkje einar. På denne måten gir einar eit godt grunnlag for oppslag av lauvtrær som bjørk også på beita areal. Illustrasjon: Ulrike Bayr.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Jordbruksareal som går ut av drift gror etterhvert igjen med busker og kratt. Gjengroing medfører ikke bare tap av viktige arealressurser, men også kulturelle verdier og biologisk mangfold. Laserteknologi kan gjøre det mulig å registrere framvekst av busker og trær allerede i et tidlig stadium. Dette gir muligheter til å sette i gang tiltak for å motvirke denne utviklingen.