Pærebrann – invaderande plantesjukdom under oppsyn

ef-20050926-130216

Pilemispel med pærebrann i Bergen sentrum. Foto: Erling Fløistad.

Gjennom overvaking, kartlegging og tiltak held “Aksjon pærebrann” denne frykta plantesjukdomen unna dei viktigaste fruktområda i landet. Likevel, i byar som Ålesund, Bergen, Kristiansand og Stavanger, er sjukdomen ikkje lenger mogleg å utrydda.

Saman med Mattilsynet la NIBIO nyleg fram prosjektrapporten til “Aksjon Pærebrann” om overvaking, kartlegging og tiltak mot pærebrann i Noreg i 2019. Pærebrann vart i fjor funne i fire nye kommunar.

Pærebrann er ein bakteriesjukdom som angrip planter i rosefamilien, mellom anna eple og pære, men også prydbuskar som pile- og bulkemispel.  Sjukdomen infiserer og drep både blad, blomar og bark på skot, greiner og stamme. Han er ein av verdas mest skadelege sjukdomar på eple og pære. Det finst ikkje effektive, kjemiske middel mot pærebrann, angripne busker og tre må fjernast. Den europeiske plantehelseorganisasjonen EPPO rådar medlemslanda til å handtera pærebrann som ein karanteneskadegjerar. Med det følgjer strengt vern mot import av vertplanter frå område der sjukdomen finst, slik at pærebrann ikkje vert importert til landet.

- Norge har følgt alle anbefalingar, likevel har vi kjempa mot innanlands spreiing av pærebrann sidan 1986, seier pensjonert seniorforskar Arild Sletten i NIBIO, framleis aktiv i kampen mot pærebrann.

DSC06294.JPG
Framleis er ingen kontrollerte eple- og pæretre i norske frukthagar smitta av pærebrann. Foto: Venche Talgø.

Lyspunkt

– Det gledelege er at vi i dei 33 åra som har passert etter at sjukdomen først kom til landet, har klart å halde den borte frå norske frukthagar. Dette reknar vi som ein stor siger, for det er i eple- og pæredyrkinga vi frykter størst skade. Det viser at innsatsen har gitt positive resultat, seier Sletten.

Då sjukdomen vart påvist i Noreg i 1986, starta Mattilsynet og NIBIO (tidligare Bioforsk) “Aksjon Pærebrann”. Føremålet var å overvaka, kartlegga og setja i verk tiltak mot pærebrann i Noreg. I 1993 såg sjukdomen ut til å vera utrydda, men i august 2000 vart bakterien igjen påvist, og seinare har det årleg vore registrert utbrot på prydplanter.

- I prosjektet er NIBIO for det meste fagleg rådgjevar for Mattilsynet. Men vi deltek også i arbeidet med overvaking saman med Mattilsynet i store deler av landet, fortel forskar Venche Talgø i NIBIO.

- For å effektivisera registreringa av pærebrann i felt har NIBIO utarbeida ein web-basert kartportal med programvare som til ei kvar tid gir full oversikt over kor pærebrann finst, på kva planteart og kor mange vertplanter det er på staden. Web-portalen kan brukast på pc, nettbrett eller smarttelefon, og er eit godt verktøy i feltarbeidet, forsikrar Talgø.

Mattilsynet har ansvar for kva for tiltak som blir sette i verk der pærebrann vert påvist: fjerning av sjuke planter og eventuelt førebyggjande fjerning av friske planter i nærleiken.

Den praktiske overvakinga går dels til fots, men hovudsakeleg frå bil. Det blir søkt etter symptom på vertplanter i frukthagar, planteskular, hagesenter, private hagar, leplantningar, friområde og andre  plantningar. I første rekke undersøkjer ein bulke- og pilemispel som er svært mottakelege. Dei er indikatorplanter på pærebrannangrep. Kommersielle frukthagar med eple og pære vert gått gjennom, spesielt der det er planta nye, importerte tre dei siste åra. Diagnosen på pærebrann vert ofte stilt ut frå symptom på planta, men planteprøvar sendes også til eit laboratorium ved NIBIO for analyse.

DSC06350.JPG
Bulkemispel smitta med pærebrann, vart fjerna av Mattilsynet. Foto: Venche Talgø.

Systematisk kontroll

Det vert kvart år gjort stikkprøvekontrollar i mange område i Sør-Noreg med spesiell vekt på frukthagar og planteskular.  Til saman vart det utført 10 355 inspeksjonar av vertplanteførekomstar fordelt på 12 fylke og 136 kommunar i 2019.

På 1 488 eigendomar vart vertplanter rydda. I dei fleste områda med påvist smitte av pærebrann vart alle sjuke planter fjerna.

I kommunane Ålesund, Klepp, Gjesdal, Sandnes, Stavanger, Karmøy, Haugesund, Askøy, Os, Bergen og Kristiansand er pærebrann no så vanleg at det ikkje finst ressursar nok til å fjerne alle planter med smitte. Dels skuldast dette at forvilla hageplanter som bulkemispel finst nær sagt over alt fordi dei vert spreidde med fugl som et bæra, seier Venche Talgø.

I Bergen, Stavanger og Kristiansand vert rydde- innsatsen samla rundt planteskular, planteutsal og frukthagar, der mottakelege vertplanter vert fjerna som førebyggjande tiltak.

Arild Sletten fortel at prosjektarbeidet er organisert i tre soner rundt utbrota av pærebrann: “Det er ei tiltakssone som omfattar område av landet der det har vorte påvist pærebrann og ein driv aktiv rydding av vertplanter. Utanfor ligg ein observasjonssone der ein føretek ei intensivovervaking. Til slutt er det definert ei vernesone som omfattar resten av landet der overvakinga altså skjer på stikkprøvebasis.

Rapporten syner at pærebrann vart påvist i fire nye kommunar i 2019: Ørsta, Volda, Suldal og Lillesand. Dei tre første reknar ein med er smitta ved flytting av bikubar frå pærebranninfiserte område.

- Mattilsynet brukar kvart år store ressursar på overvaking av slike flyttingar, men dessverre er ureglementert flytting, med påfølgande spreiing av smitte ikkje sjeldan, seier Arild Sletten.

 

Status ved starten på ein ny sesong

– Pærebrann er til no ikkje funnen i område med fruktdyrking i Noreg, fortel Arild Sletten, men einskilde tre av eple og pære i små hagar har vorte smitta.

– Dei aller fleste angrepa av sjukdomen i Noreg har vore på bulkemispel og pilemispel, men også sprikemispel og krypmispel vert sterkt skadd. I USA og mange andre land har fruktbønder store økonomiske tap etter angrep av pærebrann, avsluttar han.

KONTAKTPERSON
IYPH_Web_Button_Vertical_210x210px_EN.png
Frisk bulkemispel i eplehage 2019 - tilrådd å fjerna DSC06287.JPG
Denne friske bulkemispelen vart funnen ved ein eplehage i 2019, tilrådd fjerna. Foto: Venche Talgø.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Sammendrag

” Aksjon pærebrann” ble etter den første påvisning av pærebrann i Norge i 1986 opprettet som et samarbeidsprosjekt mellom Mattilsynet og NIBIO (Norsk Institutt for Bioøkonomi, Divisjon for Bioteknologi og Plantehelse). Formålet med prosjektet er å overvåke, kartlegge og bekjempe pærebrann. For å oppnå et best mulig resultat i dette arbeidet er landet blitt delt opp i tre soner..... Kommune- og fylkesinndeling er som i 2019. Fra 01.01 2020 trer det i kraft en en ny inndeling av kommuner og fylker med nye navn..