Hopp til hovedinnholdet

Nye utfordringar med tørrote i potet

IMG_6926

Forskar Håvard Eikemo og seniorforskar Arne Hermansen ved NIBIO fortel at det er eit problem at tørrotesoppen tilpassar seg, og er resistent mot fleire kjemiske middel. Foto: Siri Elise Dybdal

Tørrote er den største utfordringa for potetdyrkarar i Noreg. I år har potetbøndene i Trøndelag og Nord-Noreg opplevd lite tørrote, medan situasjonen har vore meir problematisk i Sør-Noreg. Eit strengt sprøyteregime i regi av Norsk landbruksrådgiving (NLR) ser ut til å ha hatt god effekt på å utrydde den resistente genotypen EU43.

I Noreg er tørrote den viktigaste utfordringa for potetdyrkarane. Talet på sprøytingar har fordobla seg i løpet av dei siste 20 åra, og mange sprøyter no potetåkrane sine meir enn 10 gonger per sesong mot denne sjukdommen.

Det er eit problem at tørrotesoppen tilpassar seg, og er resistent mot fleire kjemiske midlar. Det gjer det utfordrande å kontrollere den. Tørrote er delt inn i ulike genotypar, og i Danmark blei det i 2018 funne ein genotype (EU43) som er resistent mot mandipropamid i Revus - eit av dei viktigaste sprøytemidlane vi har. Denne genotypen blei også funnen i Noreg i 2022.

Dei to siste åra har eit strengt sprøyteregime i regi av Norsk Landbruksrådgiving (NLR) prøvd å ta knekken på denne resistensen.

I tørt ver vil utviklinga av tørrote-sjukdommen stoppe opp, men han held fram å utvikle seg straks det igjen blir fuktige forhold. Under vedvarande gunstige forhold for sjukdomsutvikling vil alle overjordiske delar av plantene rotne bort og gje ein karakteristisk lukt. Foto: Erling Fløistad
I tørt ver vil utviklinga av tørrote-sjukdommen stoppe opp, men han held fram å utvikle seg straks det igjen blir fuktige forhold. Under vedvarande gunstige forhold for sjukdomsutvikling vil alle overjordiske delar av plantene rotne bort og gje ein karakteristisk lukt. Foto: Erling Fløistad

 

Ser lovande ut

– Tørrote er hovudsjukdommen på potet i heile verda, og den har stått høgt på agendaen i mange år, men no endå høgare, seier Håvard Eikemo, forskar ved NIBIO.

– Vi har vore med på møter med næring og NLR kvar veke heile sommaren, og bransjen legg ikkje skjul på at det har vore hard skyts mot tørroten i år. I Sør-Noreg har det vore opp mot ti sprøytingar og nokon stader fleire, avhengig av sort og kor intensivt det drivast, fortel han.

Arne Hermansen, seniorforskar ved NIBIO, forklarar at det er ikkje nok med eitt enkelt middel, ein må alltid kombinere fleire verkemekanismar – minimum tre over to sprøytingar i snitt, og ein må derfor  blanda fleire midlar.

– Dette kjem av at vi har oppdaga den resistente genotypen EU43, noko som har skapt problem med resistens.

– Over fleire år har NLR samla inn prøver, blant anna kort der flekkar av tørrote blir pressa på papir og sendt til Skottland for analyse. Det er stor variasjon, og ikkje ein einskapleg type. Tidlegare var EU41 dominerande, men no er det EU43. Dette kan vere eit problem fordi den genotypen  kan vere motstandsdyktig mot eit av dei mest brukte midla. For å slå ned problemet har det blitt køyrt eit hardt regime både i fjor og i år, og vi håpar å bli kvitt denne resistens-typen, seier Hermansen.

Samarbeidsprosjektet NoBlight skal kartlegge og overvake sjukdomane tørrote og tørrflekksjuke  hos potet i Noreg, med mål om betre å kunne kontrollere sjukdomane  og redusere bruk av plantevernmiddel. Prosjektet samlar inn prøver frå åkrar over heile landet og analyserer dei for ulike genotypar av tørrote. NIBIO står for kartlegginga, medan NLR samlar inn prøver.

– Vi har testa den første delen av sesongen i år og fann ingen EU43. Kanskje har tiltaket verka - men det er framleis mange prøver som skal analyserast. Vi får snart svar på om det har vore så vellukka som det ser ut, påpeikar han.

I samarbeidsprosjektet NoBlight skal forskarane kartlegge og overvake sjukdomane tørrote og tørrflekksjuke  hos potet i Noreg. Foto: Siri Elise Dybdal
I samarbeidsprosjektet NoBlight skal forskarane kartlegge og overvake sjukdomane tørrote og tørrflekksjuke hos potet i Noreg. Foto: Siri Elise Dybdal

 

Best i nord

– Potetsesongen har likevel hatt ein del tilfelle av tørrote, sjølv om vi har hatt ein brukbar sommar, seier Håvard Eikemo.

– Sjukdommen har dukka opp fleire stader i Sør-Noreg, medan Trøndelag har sloppe billigast unna. I Nord-Noreg har det ikkje vore tørrote i det heile tatt.

– Men i Sør-Noreg har ein brukt ganske massivt med kjemikaliar. Det har som sagt vore ekstraordinært på grunn av resistens, og derfor har vi slått hardt ned på det.

Han fortel at dei var overraska over at det likevel var såpass mange funn i aust, ettersom sommaren var varm og tørr.

– Det er litt overraskande at det har vore så mange funn i juli. Det har ikkje vore ein problematisk sommar, men mange stader finn ein litt tørrote. Mange vatnar, og delar av åkrane har ein del nattedogg, så forholda har framleis vore gode nok for tørrote. Sprøyteregimet held det i sjakk, og vi har hatt ting under kontroll, påpeikar han.

Talet på tilgjengelege middel mot tørrrote minkar, og det set endå større press på alternative metodar og sortsresistens. Foto Siri Elise Dybdal
Talet på tilgjengelege middel mot tørrrote minkar, og det set endå større press på alternative metodar og sortsresistens. Foto Siri Elise Dybdal

 

Framleis usikkert

– Ein ting er den tørrota ein ser på blada, men det mest spennande er korleis det blir i potetknollane. Det er ikkje tatt opp så mykje av det som skal lagrast enno, men vi trur ikkje det blir eit stort problem sidan smitten er låg i år, kommenterer forskaren.

Han påpeikar at spesielt for i år er at potetene kjem til å stå lenger i åkeren enn normalt og det kan gi utslag i meir tørrote.

– Graveprøver tidleg i sesongen viste at avlingane kom til å bli lågare enn normalt. Eg trur det har vore for varmt med tretti grader over lang tid, og litt for lite nedbør. Når potetene står utover hausten aukar risikoen for tørrote, og ein slappar gjerne av litt med nedkjempinga mot slutten, påpeikar Eikemo.

– Dersom vi ikkje finn meir av EU43-genotypen resten av sesongen, er det mindre naudsynt å køyre same regime framover, seier NIBIO-forskaren.

Tørrote startar med små, uregelmessige, mørkegrøne til gråbrune flekkar på blada, som raskt kan spreie seg og bli større. Foto: Arne Hermansen
Tørrote startar med små, uregelmessige, mørkegrøne til gråbrune flekkar på blada, som raskt kan spreie seg og bli større. Foto: Arne Hermansen

 

Hårete mål

Arne Hermansen fortel at sprøyteregimet er ein stor jobb for bøndene, og påpeikar at det er forferdeleg dyrt å kjøpe inn plantevernmiddel.

Gjennom NoBlight-prosjektet håper Hermansen at dei også kan finne andre tiltak som kan vere effektive mot tørrote.

– Vi har ambisiøse mål om å redusere bruken av plantevernmiddel fram mot 2035 med 50 %. Fleire plantevernmiddel kan bli forbodne. Ingenting tyder på at det kjem nye middel, og det vi har tilgjengeleg i dag er alt vi har. Vi må lære oss å greie oss med det, og få til ein strategi som kan unngå nye genotypar og motverke resistensutvikling. Dette prosjektet skal gi svar på det.

Seniorforskaren fortel at tørrote er ein svært vanskeleg sjukdom å jobbe med, men han trur at eitt av verkemidla som kan ha ein stor effekt er sortsresistens.

- Talet på tilgjengelege middel minkar, og det set endå større press på alternative metodar og sortsresistens. Vi samarbeider med Graminor i prosjektet som ønskjer å  foredle nye sortar med høg grad av resistens. Graminor har allereie aktivitet innan dette, men vi må få opp farten og også sikre at dei bruker dei mest aktuelle genotypane av smitte i sitt arbeid. Utan sortsresistens klarer ein ikkje å redusere sprøytebruken vesentleg, og difor er dette eit stort fokus som treng støtte, meiner Hermansen.

Når det gjeld alternative middel har Eikemo eit lite forsøk på gong med  nokre såkalla lavrisiko-middel.

– Det er både spennande og krevjande. Lite tyder på at slike middel kan løyse problemet aleine.

Ifølgje Hermansen er det også knyta utfordringar til sortsval:

– Problemet med sortsresistens er at han kan brytast ned av nye genotypar. Difor satsar ein i dag på sortar som inneheld fleire ulike resistensgen, som er meir robuste mot tørrote.

– Det vert òg jobba med genredigering, til dømes CRISPR, for å utvikle tørroteresistens. Likevel er dette ikkje ein «silver bullet». Eit enkelt gen eller ei lita endring i poteten kan lett overvinnast, og ein må nok bruke meir enn eitt resistensgen også her, trur han.

Potet angrepet av tørrote: Tørrote hovudsjukdommen på potet i heile verda, og den har stått høgt på agendaen i mange år, men no endå høgare. Foto: Erling Fløistad
Potet angrepet av tørrote: Tørrote hovudsjukdommen på potet i heile verda, og den har stått høgt på agendaen i mange år, men no endå høgare. Foto: Erling Fløistad

 

Kva med private potetdyrkarar?

Når det gjeld poteter i kjøkkenhagen meiner forskarane at ein også her bør vere obs på sortsval.

– I hagane bør ein velje sortar med ein høg  grad av resistens. Lys-gro gjerne potetene i vinduskarmen før planting, så dei får en god start. Det kan også vere endå viktigare å velje ein sort som er tidleg, slik at potetene er ferdige før tørroten kjem for fullt. Set ein tidleg, kan ein fjerne riset når sjukdommen kjem og likevel få ein brukbar avling, men dette er heilt avhengig av kvar ein bur, påpeiker Hermansen.

Han seier det har vore diskutert kor mykje smitte i småhagar kan ha å seie for potetbønder.

– Eg trur ikkje det har så stor påverknad om det kjem litt ekstra smitte ut i sesongen dersom bonden likevel sprøyter.

Tørrotesongen har hatt ein del tilfelle av sjukdommen, sjølv om vi har hatt ein brukbar sommar, seier NIBIO-forskar Håvard Eikemo. Foto: Erling Fløistad
Tørrotesongen har hatt ein del tilfelle av sjukdommen, sjølv om vi har hatt ein brukbar sommar, seier NIBIO-forskar Håvard Eikemo. Foto: Erling Fløistad

 

Kva vil skje framover

Hermansen seier det må bli fokus på utfordringa med tørrote i alle ledd i dei komande åra:

– Foredlingsfirma må ha fokus på resistens både på blada og på knollane. Det er særleg viktig med meir resistens på knollane. Det kan framleis bli tørrote på blada, men då blir ikkje avlinga øydelagd. Samstundes kan andre eigenskapar gå tapt, og då blir det eit val mellom pest og kolera, innrømmer han.

Seniorforskaren trur tida framover blir eit kappløp.

– Dersom vi mistar fleire kjemiske middel og utviklinga held fram som no, må vi velje andre sortar, og det skjer ikkje over natta. Industrien har mange ulike krav, og det er mange ting som må endrast. Ein kan ikkje berre bestemme seg før sesongen 2026. Dette må sjåast i eit lengre perspektiv, påpeikar han.

– Andre sjukdomar og eigenskapar er òg viktige, som «skall-finish» og generell kvalitet. I butikken er det viktig at potetene ser pene ut. Ein veldig resistent sort som ser stygg ut, blir vanskeleg å selje. Det er mange faktorar å balansere og dei nye sortane må også klare seg godt under dei nye klimaendringane vi ser, forklarar han.

Men for sprøyteregimet vil det vere mykje å spare for bøndene med meir resistente sortar.

– Eg vil tru at ein resistent sort berre treng å sprøytast fem gongar, medan ein sort som ser fin ut, kanskje må sprøytast ti gongar. Økonomien blir vanskeleg, og ingen har lyst til å sprøyte meir enn naudsynt, både på grunn av kostnader og arbeid. Så vi trenger nye løysingar, avsluttar Hermansen.

Potet og plantehelse
Potettørråte

Potettørrote (Phytophthora infestans) er den viktigaste sjukdommen i potet i Noreg. Den kjem av ein soppliknande organisme som angrip både blad, stenglar og knollar.

Skadegjeraren overvintrar i setjepoteter eller i jorda og gjer mest skade i varmt og fuktig vêr. Om lag halvparten av soppmiddelforbruket i landbruket blir nytta til å få bukt med "tørròtesoppen".

Det har vore varslingsteneste for denne skadegjeraren sidan slutten av 1950-talet.

I butikken er det viktig at potetene ser pene ut. Ein veldig resistent sort som ser stygg ut, blir vanskeleg å selje, seier NIBIO-forskarane. Foto: Siri Elise Dybdal
I butikken er det viktig at potetene ser pene ut. Ein veldig resistent sort som ser stygg ut, blir vanskeleg å selje, seier NIBIO-forskarane. Foto: Siri Elise Dybdal
Tørrote er også eit problem for private potetdyrkarar. I privathagen er det viktig å velje ein sort som er  tidleg, slik at dei er ferdige før tørroten kjem for fullt. Foto: Anette Tjomsland Spilling
Tørrote er også eit problem for private potetdyrkarar. I privathagen er det viktig å velje ein sort som er tidleg, slik at dei er ferdige før tørroten kjem for fullt. Foto: Anette Tjomsland Spilling

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.