Nye bøker med detaljert kunnskap om norske fruktsortar

Seniorforskar Mekjell Meland i sin eigen eplehage i Sørfjorden i Hardanger. Foto: Hege Ulfeng
To nye bøker dokumenterer eigenskapane til over 200 gamle eple- og plommesortar. Forskingsarbeidet avdekker gøymde kvalitetar som kan vera gull verd for framtida.
– Dette er dei mest omfattande sortsskildringane me nokon gong har hatt i Noreg, fortel seniorforskar Mekjell Meland. Han leia det femårige forskingsprosjektet «Fruit-N-Quality» som bøkene bygger på.
Bøkene inneheld bland anna detaljerte målingar av søtleik, syre og antioksidantar, informasjon om når eplet mognast, lagringsevne, trefasong, tendens til vekselbæring og fruktfarge.
– Internasjonalt er det vanlegare med denne typen sortsskildringar, men ein kan seia at det er litt banebrytande her heime på berget, legg han til.
Meland har meir enn tretti års erfaring som fruktforskar ved NIBIO Ullensvang. Etter at han slutta i NIBIO våren 2025, held han fram med forskingsarbeid innan frukt gjennom sitt eige firma med base i Ullensvang.
I «Fruit-N-Quality» prosjektet, som var fullfinansiert av Noregs forskingsråd, samarbeidde han med kollegaer og fagpersonar både i Noreg og ved Universitetet i Beograd i Serbia. Dei skildra 139 eplesortar og 65 plommesortar som har vakse på norsk jord i generasjonar. Mange av sortane er no bevart i klonarkiv ved NIBIO Ullensvang, Njøs frukt og bærsenter, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås og Hjeltnes kompetansesenter i Ulvik.

Gamle eigenskapar for framtidig bruk
– Motivasjonen var å betra dokumentasjonen av den genetiske skatten me har i form av gamle eple- og plommesortar. Me har også sett på bringebærsortar, men dei har ikkje fått si eiga bok enno. At plantematerialet er tilgjengeleg, og at det finst kunnskap om det, er viktig for den framtidige bevaringa og bruken, seier Meland.
– Dette er ikkje berre sortar som passar for eit museum, me ser ein nytteverdi her.
Gjennom tre år vart frukttre og avling følgt opp med detaljerte registreringar og kjemiske analysar.
– Universitetet i Beograd har bidratt med høg kompetanse. Dei gjennomførde dei fleste kjemiske analysane. Me har hatt eit veldig godt samarbeid som har resultert i mange internasjonale publikasjonar med resultat frå prosjektet, seier Meland.

Med fruktprøver i bagasjen
Forskingsteamet valde ut 30 ulike kriterium dei skulle skildra basert på kva som er viktig både for dyrking og bruk. Dei tok utgangspunkt i ein internasjonal standard laga av EUFRIN, European Fruit Research Institutes Network.
– Me har undersøkt både veldig tidlege og veldig seine sortar, veldig sure og veldig søte. Det er til og med samla inn informasjon om innhaldsstoff i frøa. Det er eit stort spenn i eigenskapar, fortel Meland.
– Me oppdaga til og med seksten eplesortar som aldri tidlegare har vore skildra vitskapeleg. Det er sortar som berre har eksistert lokalt, med namn som Bananeple, Søteple og Tokheimseple.
For å få samla informasjon om sortar frå mange ulike lokalitetar til rett tid, har god planlegging og godt samarbeid vore avgjerande. Frukta har vorte hausta til rett tid og lagra på rett vis. Meland fortel at laboratoria både på Ås, Ullensvang og i Beograd har gjort ein framifrå jobb.
– Det har vorte mykje reising fram og tilbake til Beograd med fruktprøvar i bagasjen. Me kunne ikkje risikera at noko vart borte i posten, smiler han.
– Dette er eit av dei kjekkaste prosjekta eg har hatt. Det har vore godt samarbeid og lystbetont. Det er det som er drivkrafta, seier Meland.

Sortsinformasjon til både private og næringsliv
Etter å ha publisert ei rekkje vitskaplege artiklar frå prosjektet, bestemde forskargruppa seg for at informasjonen også skulle gjerast tilgjengeleg for eit større publikum. Derfor er bøkene utgitt på engelsk. Medforfattar og NIBIO-forskar Darius Kviklys har samanstilt den omfattande sortsinformasjonen for publisering i bokform.
– Ut frå resultata, har me laga anbefalingar for ulik bruk. Nokre sortar er framifrå spiseeple. Den gamle sorten Rondestveit fekk aller høgste karakter for fruktkvalitet, fortel Kviklys.
Eplesortar med svært høgt syreinnhald kan nyttast som ingrediensar i konsentrat eller som tilsetting der syreinnhaldet er for lågt. Andre sortar er eigna som råvare for juice og kanskje syltetøy på grunn av god balanse mellom sukker og syre. Det fanst også sortar som kan vera aktuelle som såkalla funksjonell mat – det vil seia at dei har ein spesiell helseeffekt.
– Nokre av dei gamle eplesortane har veldig høgt innhald av fenolstoff samanlikna med nyare sortar. Dette er interessant for helseorienterte forbrukarar. Eit dømer er Paradiseple. Desse sortane kan vera interessante for utvikling av helsefremjande produkt, seier Kviklys.

Plommemangfald for helse og gane
Boka om plommesortar har liknande anbefalingar.
– Tretten plommesortar fekk veldig høg karakter for smak, utsjånad og aroma. Mellom desse var dei eldre sortane Helgøyplomme, Reine Claude d’Althanns og Mallard som alle er fyrsteklasses spiseplommer. Fleire eldre plommesortar hadde også eit høgt innhald av fenolstoff. Reine Claude var ein av dei, fortel Kviklys.
– Ein kuriositet er kanskje at me har plommesortar som kan få frukt på opptil 90 gram – dei er på størrelse med små eple. Storfrukta eldre sortar er mellom anna Edwards og Thames Cross.
Njøs frukt- og bærsenter har vore sentrale i kartleggingsarbeidet av plommesortar.

Utmaningar ved dyrking
Kviklys jobbar mykje med utprøving og utvikling av dyrkingssystem for nye fruktsortar i Noreg. Han fortel at det ikkje alltid er så enkelt å dyrka dei gamle sortane. Mange har gått ut av produksjon fordi dei er utsette for sjukdomar, har varierande fruktkvalitet eller fordi frukta faller av treet før ein rekk å hausta dei. Nye sortar vert kryssa fram for å møta krav til effektive dyrkingssystem, betre lagring og moderne smakspreferansar – ofte med gamle sortar som genetisk grunnlag.
– Med betre tilpassa dyrkingssystem kan me kanskje finna løysingar på nokre av utmaningane til dei gamle sortane, fortel Kviklys.
– Mange gamle sortar eignar seg uansett ikkje for produksjon i stor skala, men dersom dei er sterke mot sjukdom, kan dei verta eit spennande innslag i nisjeproduksjon, avsluttar han.
Kviklys og hans kollegaar forskar no vidare på både gamle og nyare sortar med tanke på spesifikke behov. Til dømes ser forskarane på sortar med høgt innhald av særskilde aminosyrer som er viktige for ein god gjæringsprosess i siderproduksjon.
Frå fortid til notid og framtid
Dei to bøkene representerer årevis med detaljert forskingsarbeid og dokumenterer ein viktig genetisk arv.
– Dette er ikkje berre forskingsdata – det er dokumentasjon av korleis norske gardsbruk og foredlarar gjennom generasjonar har bevart og utvikla fruktsortar som passar til vårt klima og vår kultur.
– Dette er kunnskap me ikkje har råd til å missa, avsluttar Meland.
KONTAKTPERSON

Takk for godt samarbeid
Prosjektleiar og seniorforskar Mekjell Meland rettar ein særskild takk til Marianne Hotle ved NIBIO Ullensvang og medforfattar og rådgjevar (på pensjonistavtale) Oddmund Frøynes. Ein spesiell takk og til Stein Harald Hjeltnes og Kurab Røen ved Njøs frukt- og bærsenter og Signe Hansen og Kari Grønnerød ved NMBU for teknisk støtte, hausting og arbeid med fruktprøvane. Ein stor takk går og til samarbeidspartnarar og medforfattarar ved Universitetet i Beograd: Zivoslav Tesic, Uroš Gašić, Tomislav Tosti og Milica Fotiric Aksic.
Epledagen
Mange europeiske land feirar ein epledag eller fruktdag om hausten. Den norske epledagen vert feira siste tysdag i september. I år skal over 300 barn frå barnehagar og skular vitja forskingsstasjonen for å læra, smaka og ha det gøy. Om ettermiddagen inviterer NIBIO heile bygda til å få eit innblikk i norsk fruktforskinga.
Klonarkiv
Hos ein del planteslag kan ikkje sortar og særskilde genotypar takast vare på i form av frø. I Noreg vert slike sortar dyrka som levande planter i såkalla klonarkiv eller feltgenbanker. Gamle og bevaringsverdige sortar av eple, pære, plomme og kirsebær, er bevart i 11 ulike klonarkiv. Norsk genressurssenter har hovudansvar for bevaringsarbeidet.



KONTAKTPERSON

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Forfattere
Mekjell Meland Oddmund Frøynes Darius Kviklys Uros Gasic Uroš Gašić Tomislav Tosti Milica Fotiric AksicSammendrag
Det er ikke registrert sammendrag
Forfattere
Mekjell Meland Oddmund Frøynes Darius Kviklys Zivoslav Tesic Uroš Gašić Tomislav Tosti Milica Fotiric AksicSammendrag
Det er ikke registrert sammendrag