Hopp til hovedinnholdet

Frå podekvist til hageeple: Slik kan du dyrka gamle eplesortar

heul_20250812-DSC04158

I Kinsarvik i Hardanger driv Vidar Jåstad ein planteskule som forsyner mange av Noregs hagesenter med frukttre. Har du planta frukttre i hagen din, er det gode sjansar for at det kjem herifrå. Foto: Hege Ulfeng

I Noreg har me over fire hundre eplesortar, men berre eit fåtal er til sals i ulike hagesenter. Kvifor er det slik? Og korleis kan du gå fram om du ynskjer deg eit epletre av ein gamal eplesort som ikkje er i sal?

Me startar i Kinsarvik i Hardanger, der Vidar Jåstad driv ein planteskule som forsyner store delar av landet med frukttre. Kvart år vert om lag 30 000 frukttre sende ut herifrå.

Dei fleste trea vert importerte frå Nederland som barrotsplanter. Hjå Jåstad vert dei planta i potter og stelt godt med heile sommaren. I planteskulen fylgjer Jåstad og dei tilsette med på at trea er friske og ikkje spreier sjukdom til andre tre. Når hausten kjem, eller neste vår, er trea klare for sal.

I sortimentet har han 18 ulike eplesortar. Sortane er valde ut med omtanke.

– Dei må eigna seg for økologisk dyrking, seier Jåstad.

– Privatdyrkarar har som regel ikkje tilgang på så verksame plantevernmidlar som yrkesdyrkarane. Det viktigaste for ein privatkunde er å velja ein sort som er sterk mot sjukdomar.

Her står tusenvis av frukttre og ventar på å bli sendt til hagesenter over heile Noreg. Fram til importforbodet for eple- og pæretre vart oppheva i 2015, vart mange fleire av trea poda her. No vert mesteparten importert frå Nederland.   Foto: Hege Ulfeng
Her står tusenvis av frukttre og ventar på å bli sendt til hagesenter over heile Noreg. Fram til importforbodet for eple- og pæretre vart oppheva i 2015, vart mange fleire av trea poda her. No vert mesteparten importert frå Nederland. Foto: Hege Ulfeng

 

Kjent og kjært er ikkje alltid enklast

Jåstad fortel vidare at gamle sortar, som til dømes Summered og Gravenstein, er populære blant hagedyrkarar sjølv om dei ofte er vanskelege å dyrka utan bruk av plantevernmiddel. Summerred er utsett for skurv som kan øydeleggja bladverket og skjemma avlinga. Heldigvis finst det gode alternative sortar.

– Sortane Collina, Katinka, Freya og Julka er nyare og gode eplesortar. Dei er sterke mot sjukdom og gode på smak. Filippa er ein gamal, men sjukdomssterk eplesort, som kan eigna seg godt i privathagar, seier Jåstad.

– Det tek mange år, og det er kostbart for oss å introdusera sortar som kundane ikkje er vane med. Me prøver å spreia kunnskap så god me kan. Etter kvart som kundane haustar gode erfaringar, kan salet av ein ny sort auka langsamt.

Jåstad forklarar vidare at ein planteskule ikkje kan ha for mange sortar i handelen. Då vert drifta lite effektiv og kostnadane for høge.

Oddmund Frøynes har jobba med sortsuttesting ved NIBIO Ullensvang i ein mannsalder. No er han på pensjonistavtale og er framleis levande interessert i både gamle og nye sortar. Foto: Hege Ulfeng
Oddmund Frøynes har jobba med sortsuttesting ved NIBIO Ullensvang i ein mannsalder. No er han på pensjonistavtale og er framleis levande interessert i både gamle og nye sortar. Foto: Hege Ulfeng

 

Eplesortar kjem og eplesortar går ut

Det er ikkje berre i hagesentera at sortimentet er avgrensa. I yrkesdyrkinga dominerer òg berre nokre få sortar. Med jamne mellomrom vert gamle sortar tekne ut av produksjon, ofte fordi dei er utsette for sjukdom, har varierande kvalitet eller ber ujamt. Samstundes vert nye sortar kryssa fram for å møta dagens krav til effektive dyrkingssystem, betre lagring og moderne smakspreferansar.

I denne samanhengen speler dei gamle sortane ei viktig rolle. Dei kan innehalda gen som kan nyttast i utviklinga av nye sortar. Difor er det avgjerande å ta vare på dei – sjølv om dei ikkje lenger vert dyrka i stor skala. Nokre av dei eignar seg dessutan godt for småskala produksjon eller vidareforedling, og dei kan vera spennande for hagedyrkarar.

Med jamne mellomrom vert sortar tekne ut av produksjon, ofte fordi dei er utsette for sjukdom, har varierande kvalitet eller ber ujamt med frukt. Foto: Hege Ulfeng
Med jamne mellomrom vert sortar tekne ut av produksjon, ofte fordi dei er utsette for sjukdom, har varierande kvalitet eller ber ujamt med frukt. Foto: Hege Ulfeng

 

Eit epletre vert til

Men korleis skal ein gå fram om ein ynskjer seg eit epletre som ikkje finst i handelen? Oddmund Frøynes har jobba med sortsprøving ved NIBIO Ullensvang i ein mannsalder. No er han på pensjonistavtale og framleis levande interessert i både gamle og nye sortar.

– Frukttre kan ikkje formeirast med frø. Dei må formeirast vegetativt for å ta vare på eigenskapane til sorten. Poding på eigna grunnstamme er ein måte å gjera dette på. Det finst mange ulike teknikkar som til dømes kopulasjon, tungepoding, chip budding og okulasjon, fortel Frøynes.

– I si enklaste form gjer ein eit snitt i eit årsskot av den edle sorten, det vil seia den sorten ein vil at treet skal ha. Så gjer ein eit tilsvarande snitt i grunnstamma. Deretter legg ein dei saman, bind med strikk eller el-tape og dekkar sårflater med podevoks. Poding bør ein gjera på seinvinteren. Podingane vert planta ut på friland eller i potter for å verta alne fram i veksthus, forklarar han vidare.

Grunnstammer er eitt til to år gamle planter i Malus-slekta som vert avla fram med vekt på røtene sine eigenskapar. Det nye treet veks opp frå ein knopp på den edle delen av podingen. Kombinasjonen av sort og grunnstamme påverkar eigenskapane til det poda treet, så som vekstkraft, avling, fruktkvalitet og sjukdomsmotstand.

– Tidlegare gjorde mange av fruktdyrkarane podearbeidet sjølve. I dag er det berre nokre få planteskular i Noreg som gjer dette. I all hovudsak vert ferdig greina tre importerte frå Nederland og Belgia, både til privathagemarknaden og til kommersiell fruktdyrking. Dette er både av økonomiske årsaker og av omsyn til trekvalitet, avsluttar Frøynes.

Linn Borgen Nilsen syner fram eit epletre i klonarkivet på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås. Foto: Hege Ulfeng
Linn Borgen Nilsen syner fram eit epletre i klonarkivet på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås. Foto: Hege Ulfeng

 

Podekurs og podekvist

Sjølv om det ikkje er så mange som driv med poding lengre, er det nettopp denne kunsten du må læra deg om du vil dyrka ein sjeldan eplesort. Det kan vera lurt å unna seg eit kurs før ein tar fatt på oppgåva. Kurshaldarar kan og hjelpa til med å få tak i grunnstammer. Det finst fleire tilbydarar av podekurs rundt omkring i landet. Her er det berre å googla.

Når du har lært deg å poda, må du få tak i podekvist frå den sorten du ynskjer deg. Eit stort utval gamle eplesortar vert tekne vare på i såkalla klonarkiv. Med litt innsats er det mogleg å få podekvist frå mange av desse sortane.

Linn Borgen Nilsen er leiar for genressurssenteret ved NIBIO som har det overordna ansvaret for bevaringa av gamalt sortsmateriale av kulturplanter i Noreg.

– I klonarkiva vert plantemateriale som ikkje kan formeirast med frø, teke vare på som levande planter. Klonarkiva kan likevel ikkje levera ut kvistar til poding utan vidare. Det er på grunn av faren for spreiing av sjukdomar som det ikkje finst midlar mot, så som heksekost og pærebrann, forklarar Nilsen.

– I dag er det mogleg å tinga podekvist av ei rad ulike sortar frå Sagaplant AS eller Njøs frukt og bærsenter. I samband med ei omorganisering av klonarkiva, jobbar me no for å gjera det lettare å få tak i podekvist frå endå fleire eldre sortar, avsluttar Nilsen.

På NIBIO sine nettsider finn du mykje informasjon om dei ulike eplesortane, inkludert skildringar som kan hjelpa deg å identifisera gamle tre i hagen. NIBIO har òg gjeve ut ei bok som skildrar 139 gamle norske eplesortar i detalj.

Med denne kunnskapen i ryggen er du godt rusta til å gå på skattejakt bland eplesortane. Og bestemmer du deg for å planta ein gamal sort, er du med på å ta vare på eit uerstatteleg sortsmateriale – og sikra eplegenane me treng for framtida.

Eplesortar i Noreg Poding av frukttre
Bevaring av genetisk mangfald i klonbankar

Det genetiske mangfaldet i landbruket, er ein grunnleggjande ressurs for vidare utvikling av jordbruket. Frøformerte artar vert tatt vare på i den felles nordiske frøgenbanken i Alnarp i Sverige, medan vegetativt formerte artar vert tatt vare på som levande plantar i klonarkiv i Noreg. I desse samlingane finst det i dag ca. 1 400 unike sortar av frukt, bær, grønsaker og poteter, i tillegg til medisinplanter og aromatiske planter. Dette er sortar med tilknyting til Noreg og av særleg tyding for det norske bevaringsarbeidet.

5 tips for vellukka planting av frukttre

Finn ein plass med mykje sol og god drenering, frukttre toler ikkje å stå i vassjuk jord.

Sett treet i ei bøtte med vatn nokre minutt til jorda er gjennomblaut.

Grav eit hol som er større enn potta, løsne jorda godt i botnen. Fyll på med god plantejord. Større hol er berre ein fordel.

Vatna godt og hald fram med å vatna regelmessig, spesielt det fyrste året medan treet har små røter.

Dei neste åra er det viktig å gjødsla og skjera treet rett. Ein bør og fjerna blomane dei fyrste to åra slik at treet nyttar all krafta si på å veksa seg sterkt.

Oddmund Frøynes syner fram ein ny sort som er til utprøving ved NIBIO Ullensvang. Den kjem frå Italia, har flott farge og ein god, søt smak. Foto: Hege Ulfeng
Oddmund Frøynes syner fram ein ny sort som er til utprøving ved NIBIO Ullensvang. Den kjem frå Italia, har flott farge og ein god, søt smak. Foto: Hege Ulfeng

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.