Hopp til hovedinnholdet

Eit lite univers av unike frukt- og bærplantar finst i norske klonarkiv

IMG_6971_cropped

Seniorforskar innan frukt, Mekjell Meland, ved NIBIO Ullensvang på Lofthus. Ved klonarkivet her har dei 175 av dei 424 historiske eplesortane i samlinga si.  Foto: Darius Kviklys

For første gong legg Norsk genressurssenter fram ei samla oversikt over dei gamle fruktsortane av nasjonal verdi som er bevarte i 27 klonsamlingar rundt i Noreg. Oversikta viser 424 eplesortar, 80 plomme-, 46 søtkirsebær- og 75 pæresortar.

Bak oversiktene med frukt-, bær- og blomesortar ligg innrapporterte data frå årsrapportane til aktive klonarkiv og back-up samlingar. Vi kan gjerne kalla dei genbankar. 

– Klonarkiva er viktige for å bevare plantemateriale som ikkje kan lagrast som frø. Frukttre,  bærbuskar, poteter og staudar er slike planter. Dei kan berre formeire seg vegetativt, det vil seie at ein morplante er opphav til ein ny plante gjennom for eksempel stiklingar, knollar, rotskot eller podekvistar. Vi må derfor ha dei ‘i banken’ som levande planter.

Slik forklarer Nina Sæther, leiar av Norsk genressurssenter i NIBIO, verdien av klonsamlingar for bevaringsarbeidet som genressurssenteret har ansvar for.

– Føremålet er å bevara eit genetisk mangfald gjennom å sikre alle våre historiske plantesortar. Dei fleste samlingane er i Sør-Noreg.

Dei nasjonale klonarkiva innrapporterer årleg til Norsk genressurssenter status for eigne bevarte planteartar og -sortar, deira helsestatus og behov for fornying.

– Vi har 23 klonarkiv i landet. Back-up samlingane rapporterer ved behov. Det finst fire slike, seier Sæther.

Ho legg til at det er årsrapportane for 2020 som ligg til grunn for planteoversiktene i årets utgåve av nøkkeltalsrapporten frå Norsk genressurssenter.

kki-20190926-112529.jpg
Leiar av Norsk genressurssenter Nina Sæther blant østlandske rødkoller, ein av dei seks norske bevaringsverdige storferasane. Status for våre nasjonale husdyrrasar er ein vesentleg del rapporten Nøkkeltall 2020, i tillegg til status for skogtre. Foto: Kjersti Kildahl

Verdfull oversikt

Nytt av året er det at genressurssenteret presenterer detaljert oversikt over kva planter som er bevarte – og i kva tilstand – i klonarkiva som Norsk genressurssenter har samarbeidsavtalar med.

– Vi trur mange vil synest resultata er interessante. Dessutan trur vi det er spennande å kunne finna på kartet i kva samling og kor i landet dei ulike plantene er bevarte, seier genressursleiaren.

– No er informasjonen systematisert på ein slik måte at vi kan vise kor mange artar og aksesjonar som er bevarte innan ulike plantegrupper.

Aksesjon er ei ‘genetisk unik utgåve av ein plante.’ Litt forenkla sagt, er aksesjon ein plantesort.

Talet på aksesjonar i ein genbank er uttrykk for mangfaldet av plantesortar som finst i den aktuelle samlinga.  

Samla er 1 390 sortar eple, pærer, plommer, sur- og søtkirsebær melde inn frå klonsamlingane. Eple er den klart største gruppa med over 70 prosent av dei innrapporterte sortane. Etter at kjende duplikat (les: dobbeltgjengarar) er luka ut, viser lista 424 antatt unike eplesortar, 80 plomme-, 46 søtkirsebær- og 75 pæresortar.

– For frukt, bær, grønsaker og potet har vi hatt nok informasjon til å kunne luke ut sannsynlege duplikat innan samlingane. For medisin-, krydder- og prydplanter har vi ikkje hatt nok opplysningar til å gjere same ryddejobb. Derfor kan vi ikkje gi tilsvarande oversikt over ulike aksesjonar for desse vekstgruppene, seier Sæther.

IMG_6977.JPG
Klonsamlinga med 175 eplesortar ved NIBIO Ullensvang. Desse trea vart planta i 2018 og 2019. Foto: Mekjell Meland

Omfattande rydding

Bak lista med eplesortar presentert i rapporten, ligg eit solid stykke ryddearbeid utført ved NIBIO Ullensvang.  Seniorforskar Mekjell Meland har hatt ansvaret.

Han har i mange år forska på frukt og bær og har inngåande kunnskap om korleis ulike sortar opptrer og artar seg ulikt. Meland har og vore pådrivar av arbeidet med DNA-identifisering av fruktsortane .

– Vår oppgåve i arbeidet med årets nøkkeltalsrapport frå Norsk genressurssenter har vore å gjennomgå sortsnamna på epleoversikta frå klonsamlingane for mest mogleg å utelukke ‘doble bokføringar.’

– Vi har undersøkt namnet opp mot den kunnskapen vi har om ulike eplesortar for å identifisera synonyme sortar og luke dei ut. Målet er å ha færrast mogleg dobbeltgjengarar på lista, seier Meland. Heilt sikre kan vi likevel ikkje vera før DNA-test ligg føre.

Synonym sort betyr at to eller fleire innrapporterte sortar kan ha ulike namn, men likevel vere genetisk like. Det motsette kan og vere tilfelle: at sortar er innraportert med same namn, men viser seg å vere genetisk ulike.

– Sjølv om vi har fått fjerna ein god del duplikat, får vi ikkje eit vasstett korrekt svar før plantene er DNA-identifisert.

– Nyleg fekk vi innvilga midlar frå Landbruksdirektoratet til å DNA-teste epletrea vi har i klonsamlinga ved NIBIO Ullensvang. Dette skjer i løpet av hausten, fortel Meland.

175 av dei innrapporterte 424 eplesortane er å finna ved samlinga til NIBIO Ullensvang på Lofthus.


Korleis sikre det som skal bevarast

Lista over sortar frå dei 27 plantesamlingane er å oppfatte som ei «råliste.» Den viser alt som er bevart, men tar ikkje stilling til om alt skal vere med vidare i det norske bevaringsarbeidet for planter.

I lista finst alt frå mandatsortar som per definisjon er bevaringsverdige, til sortar som berre har ein talkode. Truleg stammer desse frå forsøk som dei har vore ein del av.

– Mandatsortane vil vere berebjelken i det vidare bevaringsarbeidet. Det er per i dag ikkje avklart kva sortar som skal utgjere den endelege mandatlista. Den diskusjonen pågår.

– Uansett kva sortar som hamnar på mandatlista, ligg eit stort arbeid framfor oss med å gå gjennom alle dei innrapporterte sortane og vurdere kva sortar som skal ‘med’ og ‘kven skal ut,’ seier Nina Sæther.

Føresetnadane som skal leggast til grunn for ei slik vurdering er del av ei utgreiing som skjer i regi av Landbruks- og matdepartementet i desse dagar.

Tabell JPEG.jpg
Tabellen viser klonarkiver (nr.1-23) og back up-samlinger (nr.24-27) i 2020. F=Frukt, B=Bær, G=Grønnsaker, M=Medisinplanter, K=Krydderplanter, P=Prydplanter, S=Stauder og Po=Potet.
15.jpg

NIBIO RAPPORT (7) 127: Nøkkeltall 2020 fra Norsk genressurssenter. Status for bevaringsverdige husdyr, skogtrær og nytteplanter

4.294 MB pdf

Om nøkkeltalsrapporten

Nøkkeltal 2020 frå Norsk genressurssenter gir oversikt over status for genetiske ressursar frå nasjonale husdyr, skogtre og kulturplantar.

Rapporten skal vere eit referansedokument for dei som på ulike måtar arbeider med landbrukets bevaringsverdige husdyr, skogtre og nytteplanter. Den ferske utgåva av nøkkeltalsrapporten inneheld oppdaterte tal frå 2020 om status for mange av dei genetiske ressursene innan mat og landbruk og definisjonar som blir brukte i genressursarbeidet. Rapporten kjem kvart år og kan lastast ned fra www.gen-nokkeltall.no.

Fakta

Dei bevarte nytte- og kulturplantene kan delast i artsgrupper som seier noko om bruken av planten.

Planter som er formeira (vegetativt) gjennom eigen vekst og eksempelvis rotskot, knollar, stiklingar, knollar eller rotskot er i rapporten inndelt i følgjande vekstgrupper:

frukt: eple, plommer, pærer, søt- og surkirsebær

bær: jordbær, rips, solbær, stikkelsbær, bringebær og bjørnebær

grønnsaker og potet: rabarbra, jordskokk, pepperrot, asparges, sjalottløk og poteter

krydder- og medisinplanter: kvann, ramsløk, seiersløk, humle, bergmynte, rosenrot, abrodd m.fl

prydplanter – urteaktige: peonar, georginer, tulipanar og andre staudar

prydplanter – vedaktige: roser, prydbuskar- og tre m.fl.

 

GENETISK VARIASJON

sikrar plantene evne til å tilpasse seg – eksempelvis til endra klimatiske forhold

  • er ein føresetnad for berekraftig evolusjon og foredling
  • er ei forsikring for framtida: Tilgang til variert genmateriale med ulike eigenskapar er nødvendig for å møte framtidige utfordringar. Vi veit ikkje i dag kva vi treng i morgon.

Derfor trengst meir identifikasjon og dokumentasjon av materialet som finst i dagens klonsamlingar.

 

GRUNNARBEID FOR MANDATSORTAR

«I 2019 ble det ved Njøs frukt- og bærsenter gjennomført et prosjekt som gikk gjennom mandatsortlistene for frukt og bær som ble vedtatt i 2006. [ - ] Rapporten fra 2019 er et godt grunnlag for å ta stilling til hvilke av klonsamlingenes innrapporterte aksesjoner/sorter som bør tas med videre i bevaringsarbeidet for planter. Rapporten er lagt inn som vedlegg i årets Nøkkeltallrapport 2020 fra Norsk genressurssenter, se kapittel 5.»
                                 
Kjelde: Nøkkeltall 2020 fra Norsk genressurssenter

Raud Torstein frukt 2.JPG
Historisk og bevaringsverdig eplesort, Raud Torstein. Foto: Oddmund Frøynes
Vanleg Prins frukt 1.JPG
Historisk og bevaringsverdig eplesort, Vanleg Prins. Foto: Oddmund Frøynes
Kaupanger frukt 2.JPG
Historisk og bevaringsverdig eplesort, Kaupanger. Foto: Oddmund Frøynes

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.