Ny invaderande soppart angrip furu i Noreg

talgø2

Skade av Diplodia sapinea på vrifuru i Nordskogen i Ås kommune. Dei svarte prikkane på kongle og nåler nede til høgre er sporehus. Trea, som blei planta for over 90 år sidan, har no måtta bøte med livet på grunn av denne framande sopparten. Foto: Venche Talgø

Diplodia sapinea er ein framand, invaderande soppart som skadar bartre. Furu er særleg utsett og soppen har forårsaka store tap for skogbruket og planteskular i Sør-Europa. I august 2020 vart eit større utbrot av soppen oppdaga i Noreg, og no ber forskarane om hjelp frå publikum.

Soppen Diplodia sapinea forårsakar sjukdom på bartre over heile verda. Først og fremst er fleire artar av furu utsett. Lokalt kan soppen spreie seg med sporar i forbindelse med nedbør eller ved at ulike insekt drar med seg sporane. Over lengre avstandar skjer spreiinga via handel med infiserte planter eller frø.

I fleire land er soppen kjent for å angripe og drepe toppar og nye skot på mellom anna vanleg furu og svartfuru. Han kan føre til store tap for skogbruket, men og for skogplanteskular fordi soppen kan vere frø-overført og dermed øydelegge frøplantar. Soppen er vanleg i Sør-Europa, men har dei siste åra bevegd seg lenger nord, sannsynlegvis som eit resultat av global oppvarming. I 2013 blei han oppdaga i Sverige, og soppsjukdomen har sidan ramma vanleg furu fleire stader i vårt naboland.

DSC_0321.jpg
Venche Talgø og Martin Pettersson. Foto: Siri Elise Dybdal.

Større utbrot i Ås

– I Noreg er det gjort nokre få sporadiske funn av soppen tidlegare, men med svært avgrensa skadeomfang. Først i 2020 fann vi eit større utbrot av soppen på stressa og døande vrifuru i Nordskogen i Ås kommune, fortel Venche Talgø, forskar ved NIBIO.

Ifølgje Talgø er Nordskogen eit arboretum med treslag frå heile verda. Her var heile plantinga av vrifuru meir eller mindre skadd. Det blei funne modne, svarte sporehus av soppen på kvister, nåler og konglar.

– Tre som har blitt svekka av stress, som til dømes tørke, vil generelt få synlege sjukdomssymptom raskare og kunne døy. Difor kan angrepet på vrifuru i Nordskogen ha blitt forsterka av tørken som var i 2018, seier NIBIO-forskaren.

For å forhindre vidare spreiing av soppen til andre furuartar og gran, blei heile plantinga med vrifuru felt i vinter og like før påske blei greiner og bar brent på staden, fortel Talgø.

Diplodia hogst.jpg
Feltet i Nordskogen der skada vrifuru blei felt og greiner og bar brent. Foto: Martin Pettersson

Kan ligge latent

– Det er rimeleg å tru at infeksjonen har bygd seg opp på vrifurua over fleire år, og det er interessant at feltet berre ligg nokre hundre meter i luftlinje frå der det første funnet av soppen i Noreg blei gjort på einer i 2002, seier Martin Pettersson, forskar ved NIBIO.

Han påpeikar at D. sapinea er ein framand soppart i Noreg og ein potensiell trussel mot våre viktigaste skogstre som er vanleg furu og gran. Men det finst også mange andre utsette artar av furu i grøntanlegg, parkar og privathagar, til dømes bergfuru, dvergfuru, gullfuru, sibirfuru og silkefuru.

– Fleire av desse kan vere sensitive for infeksjon av D. sapinea fordi dei ikkje er fullt tilpassa vårt norske klima. Difor vil vi gjere folk merksame på at dei er velkomne til å rapportere skader på furu som har typiske Diplodia-symptom. Dette kan vere døde skot og toppar, kreftsår med kvaeutflod på greiner og stamme og infiserte konglar.

– Soppen infiserer dei nye nålene under bryting i starten av vekstsesongen. Han kan i lange periodar vere til stades som ein latent infeksjon hos tre, altså utan synlege symptom, avsluttar Pettersson.

KONTAKTPERSON
15.jpg
Fakta

Arbeidet med D. sapinea i Nordskogen blei utført i prosjektet «Funn av soppen Diplodia sapinea i Norge - en risiko ved produksjon av furu?» (2020 - 2022) finansiert av Landbruksdirektoratet gjennom programmet «Tilskudd til genressurstiltak - husdyr, planter og skogtrær».

Forskargruppa ved NIBIO besto av Martin Pettersson, Inger Sundheim Fløistad, Isabella Børja, Ari Hietala og Venche Talgø.

For meir informasjon og fleire bilete med typiske Diplodia-symptom:

https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/handle/11250/2656308

Diplodia brann.jpg
Trea i Ås blei brent for å hindre vidare spreiing av soppen Diplodia sapinea frå hardt ramma vrifuru (Pinus contorta var. latifolia). Foto: Martin Pettersson
Du kan hjelpe forskarane

Dersom du vil rapportere skadar på furu som har typiske Diplodia-symptom, ta kontakt med forskar Martin Pettersson.

E-post: martin.pettersson@nibio.no.

Avdeling soppsjukdommer i skog-, jord- og hagebruk. Divisjon for bioteknologi og plantehelse. NIBIO.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Sammendrag

Soppen Diplodia sapinea er en nylig oppdaget skadegjører på furu i Norge og andre nordiske land. Soppen kan skade både frø, småplanter og større trær. Soppen er relativt varmekjær og har tidligere stort sett gjort skade på furu lenger sør i Europa, samt på andre kontinenter. Her i nord ser oppblomstringen av soppen ut til å sammenfalle med de pågående klimaendringene.