Hopp til hovedinnholdet

Jorddamping er effektivt mot skadegjerar i potet

20211027_124215_cropped

Forsøket blei først utprøvt under kontrollerte forhold. Foto: Marit Skuterud Vennatrø

Forskarar frå NIBIO har funne ut at varmebehandling med damp effektivt drep gul potetcystenematode frå infisert jord.

Jorda er full av nyttige mikroorganismar, men det finst òg organismar som angrip landbruksvekstar, og som har ein negativ påverknad på plantevekst, avling og kvalitet. All jord som skal flyttast i ulike prosjekt, må vere fri for planteskadegjerarar. Éin metode for å uskadeleggjere desse er å dampe jorda på høg temperatur. Denne teknologien er også aktuell å bruke på avfall frå potet- og løkindustrien for å attvinne biomasse. I eit nytt prosjekt har NIBIO-forskarar fått eit klarare bilete av kva temperaturar som må til og kor lenge prosessen må gå føre seg for å uskadeleggjere ulike typar skadegjerarar.

 

Døyr ved 70 gradar i tre minutt

Éin av planteskadegjerarane som finst i Noreg er gul potetcystenematode (PCN) (Globodera rostochiensis). Denne nematoden angrip røtene på potetar, er frykteleg seigliva, har eit betydeleg spreiingspotensial og er vanskeleg å kjempe mot. Forskarane frå NIBIO har testa rasen Ro1 av denne arten.

 – Det finst kommersielt tilgjengeleg teknologi for jordreinsing, og vi har testa SoilSaver frå SoilSteam. Dette er ei maskin bygt i ein konteiner. Jorda blir mata inn før ho så blir behandla og sterilisert i varm damp, fortel NIBIO-forskar Marit Skuterud Vennatrø.

– I forkant av forsøket med SoilSaver har vi dampa både ugras, sopp og PCN i jord under kontrollerte forhold. For PCN testa vi både direkte overleving og infeksjonspotensiale. Resultata viser at dei ulike artane som har vore med i forsøket krev ulik temperatur for å døy. Gul PCN av rasen Ro1 må eksponerast for minst 70 gradar i tre minutt, medan kvit PCN (Globodera pallida) bør ha enda noko høgare temperatur. For denne arten har vi framleis ikkje data klare. Etter testinga under kontrollerte forhold har vi òg testa gul PCN i SoilSaver fullskala maskin, og resultata derifrå er dei same som under behandlinga i laboratorium: gul PCN døyr når ho blir utsett for damp med høg temperatur over tid.

Gul potetcystenematode (Globodera rostochiensis) i rotsystemet. Foto: Bonsak Hammeraas, NIBIO
Gul potetcystenematode (Globodera rostochiensis) i rotsystemet. Foto: Bonsak Hammeraas, NIBIO

Ikkje for infiserte åkrar

Sjølv om stasjonære maskinar som SoilSaver fungerer godt, kan dei ikkje redde allereie infiserte årar.

– I felt vil føresetnadane for behandling vere heilt annleis enn i ein stasjonær maskin som SoilSaver. Der måtte ein eventuelt ha brukt ein sjølvgåande eller traktordrevet maskin, og vi måtte ha gjort eigne forsøk for å teste effekten her, forklarar NIBIO-forskaren

– Åkrar som er infiserte av kvit PCN blir lagde i karantene i 40 år. På desse er det verken tillate å dyrke eller føre bort jord. Det er nok vanleg å leggje desse areala i langvarig eng, held Skuterud Vennatrø fram.

 

Alt blir drepe – men står opp att

Maskinar som SoilSaver er meint brukt på utgraven jord der det er påvist uønskte planteskadegjerarar, slik at jorda kan brukast på nytt. I dampeprosessen døyr ulike organismar ved ulike temperaturar.  

– Nokon døyr allereie ved 60 gradar, men andre kan overleve temperaturar opp mot 100 gradar. I ein slik prosess vil også dei fleste nytteorganismar døy. Det er relativt enkelt å gjenopplive jord med innblanding av anna jord eller kompost. Dermed vil jorda fungere godt biologisk sett, og det relativt raskt. Alternativet er ofte produsert jord som berre inneheld undergrunnsjord og kompost, og som heller ikkje inneheld noko naturleg jordliv, fortel NIBIO-forskar Erik Joner som har undersøkt jordhelsa etter forsøka.

– SoilSaver drep ikkje stadeige jordeliv og er såleis ein berekraftig prosess. Jorddamping har ingen kjemisk opplagde effektar, anna enn ei viss frigjering av næringsstoff som er bunde i jordorganismar. Alt avhengig av kva jordtype som blir behandla og forholda når desse blir behandla, kan dampeprosessen føre til at jorda som kjem ut er pakka og taper noko struktur, avsluttar Joner.

Potetåker med ein flekk angrepet av gul PCN (Globodera rostochiensis). Foto: Bonsak Hammeraas, NIBIO
Potetåker med ein flekk angrepet av gul PCN (Globodera rostochiensis). Foto: Bonsak Hammeraas, NIBIO

 

2-12-15.jpg

 

Fakta

Nematodar, eller rundormar, er mikroskopiske dyr som lever i alle økosystem. Mange av dei er parasittar på plantar, og ein av desse er potetcystenematoden (PCN). Potetcystenematoden er ein frykta skadegjerar. Han kjem frå Andesfjella i Sør-Amerika, og blei innført til Europa på midten av 1800-talet. I Noreg blei skadegjeraren første gong oppdaga i 1955, og i dag er han til stades i alle potetdistrikt nord til Trøndelag.

Larva klekker frå egg berre når dei får kjemiske signal frå røtene til vertsplanten. Larva penetrerer røtene og etablerer næringsopptak inne i rota. Etter ei stund vil hoa svelle til ein kvit eller gul «ball» som er fylt med egg. Mot slutten av sesongen døyr hoa og blir forandra til ein cyste som fell av rota. Cysten kan innehalde opptil 400 egg som vil bli verande i cysten inntil ein ny vertsplante får dei til å klekke.

PCN kan overleva i jorda i meir enn 30 år utan vertsplantar, og spreier seg lett i infisert jord. I Noreg har vi to artar av PCN. Gul potetcystenematode (Globodera rostochiensis) er den vanlegaste. Funn av denne arten fører med seg ei rekkje restriksjonar, men ein kan framleis dyrke potet. Atskilleg verre er det om den andre arten, kvit potetcystenematode (Globodera pallida), blir påvist. Begge artane er definerte som globale karanteneskadegjerarar. Funn av kvit potetcystenematode fører til 40 års karantene på skiftet der han er påvist.

Ferdig behandla og dampa jord er fri for gul potetcystenematode. Foto: Wiktoria Kaczmarek-Derda, NIBIO
Ferdig behandla og dampa jord er fri for gul potetcystenematode. Foto: Wiktoria Kaczmarek-Derda, NIBIO

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Formålet med oppdraget var å undersøke om potetcystenematode (PCN) overlever etter behandling med vanndamp i SoilSaver. Resultatene viser at varmebehandling med damp i SoilSaver påvirker potetcystemenatode sin nevne til å klekke fra eggene. Det er ikke funnet larver eller egg som har overlevd behandling i noen av gjentakene.

Abstract

Potetcystenematode (PCN) er en karanteneskadegjører som utgjør en stor risiko for norsk potetproduksjon, både fordi den vil gjøre stor skade og være svært vanskelig å bekjempe ved etablering. For å beskytte norsk potetproduksjon og unngå spredning til nye arealer forvaltes derfor PCN av et strengt regelverk.