Hopp til hovedinnholdet

Nematodar – eit aukande problem for landbruket

ef-20100615-103024

Nematodeforsker Richardo Holgado frå NIBIO og John Ingar Øverland frå NLR Viken inspiserer korn i felt i Vestfold. Foto: Erling Fløistad.

Talet på nematodeangrep på vekstar som potet, korn og bringebær har auka betrakteleg i Noreg i seinare år. Denne lille rundormen øydelegg avlingar og utgjer ein trussel for matsikkerheita i framtida.

Potetcystenematodar (PCN) er av dei viktigaste skadegjerarane på potet i Norge. Dei blei først påvist i Agder-fylka i 1955 etter at dei blei importert med utanlandske settepoteter.  Rundormen kostar næringa rundt 150 millionar kroner årleg. 

For kornprodusentane har korncystenematodar vore eit stort problem, i tillegg til andre frittlevande nematodane i jorda. Også bringbærprodusentane har utfordringar med nematodeangrep. I nokre tilfelle har rundormar klart å fullstendig stoppe veksten av nye skot.

 

Angrip nyttevekstar

Nematodar (rundormer) er mest kjent som parasittar i dyr, menneske og planter. Minst 25 000 nematodeartar lever som parasittar på planter. I Noreg kan nematodar angripe ei lang rekkje nyttevekstar - som gras, korn, poteter, grønsaker og jordbær. 

Globalt sett er avlingstapet grunna nematodar stort og ein trussel for matsikkerheita. Klimaendringane vi ser i Noreg med mildare vintrar og våtare klima, er svært gunstig for nematodane - mellom anna fordi fleire overlever vinteren. Difor er dette også eit aukande problem for landbruket her heime. 

- Det har vore store skadar mellom anna på korn og potet. Men nematodar er eit problem i åker, skogsbruk, jordbruk og park. Vi ser at førespurnader om nematodar har auka veldig, seier seniorforskar og nematode-ekspert Christer Magnusson frå NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi). 

- I Noreg har vi oppdaga store skadar og høge populasjonar – det har vore uventa mykje nematodar. Men det er nok naturleg fordi jordbruket her til lands går føre seg på eit veldig avgrensa område. Difor satsar vi no sterkt på å auke kunnskapen om nematodar i Noreg. Vi har rett og slett ikkje råd til at mykje av landbruksjorda forsvinn, påpeikar Magnusson. 

I tillegg er det ofte er vanskeleg å gi klare tal for skadeomfanget frå nematodar, seier Ricardo Holgado, nematodeforskar ved NIBIO, fordi dette krev undersøkingar og prøver frå kvart enkelt område. Dessutan er dei ikkje berre produsentane som taper, heile verdikjeda er skadelidande når avlingar blir reduserte, påpeikar han.

 

Kartlegging og nedkjemping

I landbruket har nematodar fått eit auka fokus i seinare år, sjølv om det framleis er ein del som ikkje veit at skadane dei ser stammar frå nematodar. For å nedkjempe nematodane er det svært viktig å ta prøver for å vite kva slags artar ein faktisk har med å gjere – og om det er ein eller fleire skadegjerarar.

Magnusson fortel at NIBIO har fleire prosjekt i gong med fokus på nematodar, mellom anna kartlegging i bringebær, solbær og rips. 

Han forklarar at det ikkje finst lovlege kjemiske middel til å kjempe mot nematodar her i Noreg. Difor er resistente sortar og vekstskifte dei viktigaste verkemidla. 

- I mange land blir til dømes PCN nedkjempa med bruk av kjemiske plantevernmiddel. Slike «nematicider» er svært giftige, og denne bruken har ført til forureining av grunnvatn i fleire europeiske land. Biofumigasjon fungerer heller ikkje her i Noreg – den har ingen effekt, legg Holgado til.

Kontroll av PCN i sertifiserte settepoteter starta i 1956. Felta med sertifiserte settepoteter har vore under konstant kontroll og det har blitt lagt stor vekt på å dokumentere at område for sertifisert settepotetproduksjon er fri for PCN. Felta med settepotetproduksjon er så langt fri for PCN.

- Vekstskifte og resistente sorter kan vere ein måte å kontrollere skadegjeraren. Vi har sett gode resultat i kornproduksjonen med ein slik strategi. Mellom anna i Vestfold der ein lenge hadde store problem med nematodar, opplyser han.

 

Gode resultat med resistente sortar

Dette bekreftar John Ingar Øverland frå Norsk landbruksrådgjeving (NLR) Viken i Vestfold. 

- I praksis har det fungert veldig bra med resistente sortar for oss. Korncystenematodar er i dag ikkje eit like stort problem her, fortel han. 

Det var ikkje alltid slik. Tidlegare trudde bøndene og rådgivarar at problema dei såg var på grunn av til dømes næringsmangel. Men på midten av 1980-talet var det ein bonde på Nøtterøy som hadde svært dårlig vekst og sende inn prøver til test. Han fekk då råd om resistente kornsortar frå Sverige og blei kvitt problemet i mange år. Men då han byrja med andre sortar dukka nematodane opp igjen, fortel Øverland. 

På slutten av 1990- og byrjinga av 2000-talet blei kornbønder i Vestfold med i eit prosjekt for å bestemme førekomsten av korncystenematodar i jordprøver i samarbeid med forskarar frå NIBIO.

- I eit anna prosjekt testa forskarane artar frå Graminor for resistens mot korncystenematoder. Dei såg på kva artar som var resistente, kor resistente dei var og kva slags artar dei var resistente mot – og om resistensen gjaldt mot ein eller fleire artar. Sidan då har vi klart å halde problemet på eit lavt nivå, forklarar Øverland - og legg til at det handlar om å vite kva ein har og bruke resistente sorter. 

- Kunnskap om skadegjerarar betyr mykje. Men det er viktig å fortsette dette arbeidet. Når nye kornsortar kjem til må vi vite om dei er resistente, seier han. 

Ifølgje Øverland har det blitt ein del av jobben å vurdere skadar frå nematodar og no byrjar ein å kjenne igjen symptoma.

- Og så har vi har mykje kontakt med nematodeekspertane frå NIBIO, påpeikar han. 

Den største utfordringa med nematodar for kornprodusentane i Vestfold i dag er frittlevande nematodar. Mot korncystenematodar kan vi bruke vekstskifte, der ein dyrkar andre sortar og artar i ein periode, seier landbruksrådgjevaren. Dette er ikkje like enkelt med frittlevande nematodar fordi desse kan leve på røtene til svært mange ulike artar og på ugras, noko som har gjort vekstskifte vanskeleg.

- Her er det behov for meir kunnskap, meiner Øverland.

 

Kan ikkje unngå den

- Det er utruleg at ein slik liten organisme på maks ein halv mm kan slå ut eit frukttre og drepe skog, påpeikar Magnusson.

- Ingen kultur unngår nematodar. Furuvednematode finst ikkje i Noreg i dag, men vi overvakar situasjonen. Vi leitar etter det vi ikkje ønskjer å finne. Portugal til dømes er totalinfisert. Kostnadane frå denne nematoden er enorme, fortel han.

Han fortel at det stadig blir oppdaga nye nematodar.

- I Sverige er det no ein ny rotgallnematode i potet. Trusselbiletet er svært alvorleg. I Noreg har vi ikkje import av settepotet lenger, men i Sverige kan ein ikkje seie stopp på grunn av EU.

Fakta om nematodar

Størstedelen (ca. 60 %) av nematodane lever likevel fritt i jorda og vatn og er ikkje parasittar, men er viktige for omdanning av organisk materiale og sirkulering av næringsstoff i jorda.

Christer_Magnusson.jpg
- Nematodar er eit problem i åker, skogsbruk, jordbruk og park. Vi ser at førespurnader om nematodar har auka veldig, seier seniorforskar og nematode-ekspert Christer Magnusson frå NIBIO.
20040522ef039.jpg
Korncystenematodar er små rundormar. Foto: NIBIO.
plh-2008-0358_L.jpg
Cyster av potetcystenematode. Foto: J. Øydvin.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.