Hopp til hovedinnholdet

Forskarar åtvarar om øydeleggjande frøbille i åkerbønner

20230427_100430

Bønder bør sjekke åkerbønnefrø for larvar, seier forskar Annette Folkedal Schjøll ved NIBIO. Her saman med forskarkollega Gunda Thöming frå avdeling skadedyr og ugras i skog-, jord- og hagebruk. Foto: Siri Elise Dybdal

I Sverige har frøbilla Bruchus rufimanus hatt ein eksplosjonsarta utvikling og gjort stor skade i åkerbønner dei siste åra. No aukar ho i omfang i Noreg.

Dyrkingstrenden for proteinvekstar er raskt aukande i Noreg. Sidan 2017 har det vore ei auking i areal brukt til åkerbønne (også kjent som mellom anna bønnevikke og fababønne).

Men det er ikkje berre proteinvekstar som er «up and coming». Det er også frøbilla Bruchus rufimanus. Arten har enno ikkje fått eit offisielt norsk namn, men ho blir ofte kalla fabafrøbille. Denne billa har hatt ei eksplosjonsarta utvikling i Sverige der ho har gjort stor skade. Forskarar ved NIBIO fortel at det kom ei rekkje førespurnader om øydelagde frø i fjor, og no oppfordrar dei dyrkarar til å sjekke frøa grundig etter hol frå larvar før såing.

 

Større matfat

– Denne frøbilla er absolutt framstormande i Noreg. Den lever fint på friland og har nok vore her «heile tida», ettersom den også lever på ville vekstar i vikke- og erteknappslektene. Dei siste åra har det vore mykje fokus på dyrking av proteinvekstar som åkerbønner. Med auka dyrking legg ein også til rette for større matfat for billa, seier Annette Folkedal Schjøll, som forskar på skadedyr ved NIBIO.

Ho fortel at det kan kome billeangrep frå vegetasjonen rundt åkeren, men at billene også spreiar seg med såfrø.

– Billa har meir enn ein strategi for overleving. 50 % av populasjonen overlever ute og 50 % blir med frø i lager, der den lever fint og blir med frøa ut når ein sår, forklarar Folkedal Schjøll.

 

Sjekk frøa

Det er difor svært viktig å sjekke såfrøa etter små fine hull. Ho understrekar at ein ikkje bør bruke dei frøa der ein ser hol eller sirklar.

– Det kan vere liv sjølv om det ikkje ser slik ut. Larven lagar eit sirkelrundt hol, og så forpuppar den seg og lagar eit slags lok. Når den er klar til å gå ut dyttar den bort loket. Du vil kunne sjå ein strek, men hòlet vil vere tett.

Utanlandske frø er ofte behandla med middel som drep billene. Det er nemleg ikkje lov å selje frø med levande biller. Men det står ingenting i reglane om frø med skade.

– Har du skadde frø er sjansen stor for at du spreier billa. Vi ser denne trenden veldig tydeleg i Sverige, men også i Finland og elles i Europa. Der har billa vore ei stor økonomisk påkjenning, seier NIBIO-forskaren.

Forskarar ved NIBIO fortel at det kom ei rekkje førespurnader om øydelagde åkerbønnefrø i fjor, og oppfordrar no dyrkarar til å sjekke frøa grundig etter hol frå larvar før såing. Foto: Henrik Antzée-Hyllseth
Forskarar ved NIBIO fortel at det kom ei rekkje førespurnader om øydelagde åkerbønnefrø i fjor, og oppfordrar no dyrkarar til å sjekke frøa grundig etter hol frå larvar før såing. Foto: Henrik Antzée-Hyllseth

 

Kan bli eit stort problem

For den komande sesongen trur ho likevel billa berre vil kunne redusere avlingane noko.

– Vi forventar ikkje veldig store skadar. Men får billa lov å oppformera seg i år, kan det bli mykje verre allereie neste år, eller året etter. Denne billa kan auke populasjonen kjapt.

Folkedal Schjøll seier at dei mellom anna har kommunisert med Kimen Såvarelaboratoriet AS, som har observert biller på parti dei har fått inn.

– Vi tok også tilfeldige prøvar frå eit forskingsfelt på Ås. Der såg vi veldig mange biller. Det er ikkje eit godt teikn. Det er ikkje restriksjonar på å bruke skada frø, men vi anbefaler ikkje å gjere det. Ser ein frø som er skada bør dei ikkje brukast, avsluttar forskaren.

Slide2.jpg
I Sverige har frøbilla Bruchus rufimanus hatt ein eksplosjonsarta utvikling dei siste åra. Kjelde: www.artportalen.se

 

2-12-15.jpg

 

Skade_Bruchus-rufimanus_G.Thöming.jpg
Åkerbønnefrø med skade. Foto: Gunda Thöming
Billa har meir enn ein strategi for overleving. 50 % av populasjonen overlever ute og 50 % blir med frø i lager, der den lever fint og blir med frøa ut når ein sår. Foto: Erling Fløistad
Billa har meir enn ein strategi for overleving. 50 % av populasjonen overlever ute og 50 % blir med frø i lager, der den lever fint og blir med frøa ut når ein sår. Foto: Erling Fløistad
Larven lagar eit sirkelrundt hol, og så forpuppar den seg og lagar eit slags lok. Når den er klar til å gå ut dyttar den bort loket. Du vil kunne sjå ein strek, men hòlet vil vere tett. Foto: Siri Elise Dybdal
Larven lagar eit sirkelrundt hol, og så forpuppar den seg og lagar eit slags lok. Når den er klar til å gå ut dyttar den bort loket. Du vil kunne sjå ein strek, men hòlet vil vere tett. Foto: Siri Elise Dybdal

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.