Hopp til hovedinnholdet

Skadedyr er eit aukande problem i åkerbønner og erter

Ertesnutebille på åkerbønner 1_cropped

Ertesnutebille på åkerbønner (Vicia faba) i forsøksfelt. Denne billa har vore i Noreg heile tida, men no har ho blitt eit stort problem for dyrkarar. Lokalt har det vore så store angrep at heile planter veltar på grunn av gnaging i rotsystemet. Foto: Gunda Thöming

Produksjonen av belgvekstar som åkerbønner og erter har auka i Noreg. Men det har også omfanget av skadelege insekt - med øydeleggande konsekvensar for avlingane.

Det er stigande etterspurnad etter norskproduserte proteinvekstar til både mat og fôr, noko som har resultert i auka produksjon av åkerbønner og erter dei siste åra.

Samstundes som produksjonen har ekspandert, har omfanget av plantehelseutfordringar også tatt seg opp, mellom anna avlingstap grunna insekt, seier Gunda Thöming, forskar ved NIBIO.

 

Enorm auking

– For ti år sidan hadde eg to til tre spørsmål om skadelege insekt i løpet av sesongen. No får eg førespurnadar to til tre gongar om dagen, fortel Thöming.

Noko av bakgrunnen er at det blir færre og færre sprøytemiddel (insekticider) tilgjengeleg kvart år. Dessutan gjev klimaendringane betre tilhøve for skadedyra.

– Varmare ver gjer det enklare for insekta å formeire seg. Dette er noko vi observerer generelt i mange kulturar.

Ho seier Noreg ligg litt etter når det gjeld kunnskap om dyrking av proteinvekstar, men ute i Europa vert det mellom anna forska på kva slags alternative metodar som fungerer mot skadedyra.

– Som ein del av et større forskingsprosjekt har vi no byrja å teste ut ulike alternativ til sprøytemiddel under norske forhold, fortel Thöming.

Sitona_lineatus_(Linné,_1758)_(10730525876).png
Ertesnutebille (Sitona lineatus). Foto: Udo Schmidt fra TysklandCC BY-SA 2.0, via Wikimedia Commons

Gamle kjenningar og nykomarar

Det største problemet for dyrkarane av både åkerbønner og erter er ertesnutebilla (Sitona lineatus). Den vaksne billa et blad og legg egg i jorda. Der vandrar larvane rundt i rotsystem og gneg på røter og nitrogenfikserande knollar, noko som kan redusere avlinga.

– Denne billa har vore her heile tida, men no har ho blitt eit stort problem. Lokalt har det vore så store angrep at heile planter veltar på grunn av gnaging i rotsystemet. Ein kan sprøyte mot dei vaksne billene, men finn ein vaksne vil det allereie vere egg i jorda.

Ei anna utfordring utfordringa i åkerbønner er frøbilla (Bruchus rufimanus) som enno ikkje har norsk namn.

– Denne billa har hatt ei eksplosjonsarta utvikling i Sverige der ho har gjort stor skade, og vi har hatt ein del førespurnader her heime om øydelagde frø dei siste åra.

– I erter er sommarfuglen erteviklar også ei utfordring, fortel forskaren.

skader på blader 1 erfl-20220621-124824-2.jpg
For ti år sidan fekk forskarane ved NIBIO spørsmål om skadar på belgvekstar frå insekt to til tre gongar i løpet av sesongen. No kjem det førespurnadar to til tre gongar om dagen. Foto: Erling Fløistad

Gode tiltak

– Vi må bruke friskt frø. Og vi veit er at det er viktig med god gjennomtenkt arealplanlegging og vekstskifte. Ikkje plant år etter år på same stad, eller dyrk åkerbønner og erter saman. Det finst modellar for god arealplanlegging og risikovurdering av skadedyrangrep som kan hjelpe, påpeikar Thöming.

– Det er også viktig å unngå samantreff med skadedyr og følsamt planteutviklingsstadium. Difor er det lurt å dyrke åkerbønner litt seinare og djupare enn det som er vanleg i dag. Då klarer ikkje så mange larvar å kome ned og gjere skade. Dette kan vere vanskeleg grunna kort vekstsesong, og difor testar vi no ut ein tidleg sort. Så langt er resultata lovande, opplyser NIBIO-forskaren.

Ertevikler ef-20130711-203932.jpg
I erter er sommarfuglen erteviklar ei utfordring. Foto: Erling Fløistad
2-12-15.jpg
Fakta om proteinvekstar

Studiar viser at norske forbrukarar i aukande grad etterspør plantebaserte produkt i kosthaldet. I dag importerer vi også store mengder planteprotein til kraftfôr. Det er et sterkt ønske om at delen av importert fôr i husdyrproduksjonane skal ned.

Ved maksimal utnytting av potensialet er det mogleg å produsere rundt 20 000 tonn protein årleg frå belgvekstar i Noreg ifølgje NIBIO. For å utnytte potensialet trengst det tilpassa sortar og dyrkingsteknikk.

ef-20130425-110925 portrett.jpg
Varmare ver gjer det enklare for insekta å formeire seg. Dette er noko vi observerer generelt i mange kulturar, seier Gunda Thöming, som mellom anna forskar på skadedyr på proteinvekstar ved NIBIO. Foto: Erling Fløistad
plantehelsedag ås erfl-20220621-125159_cropped.jpg
Gunda Thöming og Heidi Udnes Aamot snakka om plantehelseutfordringar i proteinvekstar på Plantehelsedagen i Ås i juni. Foto: Erling Fløistad
åker i Vestfold IMG_20220603_145653.jpg
Det er stor etterspurnad etter norskproduserte proteinvekstar til både mat og fôr. Det har ført til auka produksjon av åkerbønner og erter dei siste åra. Foto: Heidi Udnes Aamot

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.