Kun ein prosent av norske setrar er framleis i bruk

vinstervatn_ø-slidre_2015_6484_kas_cropped

Valdres i Oppland er eit kjerneområde for setring. I Øystre Slidre der desse geitene høyrer til, flytter framleis 80 prosent av mjølkeprodusentane dyra til seters. Oppland er det største seterfylket med 356 aktive setrar i 2015. Det utgjer 49 prosent av landets aktive stølar. Foto: Kari Stensgaard.

Seterbruket i Noreg har skapt eit landskap med store biologiske og kulturelle verdiar. Ved inngangen til 1900-talet var det rundt 100 000 setrar i bruk. I dag er talet vel 900.

I ei tid da fôr er blitt internasjonal handelsvare, kan det for bonden vere enklare å kjøpe soya på verdsmarknaden enn å bruke den nære utmarka. Har setra utspelt si rolle?

- No er det så få som driv tradisjonelt, at dei burde stått på rødlista, seier Kari Stensgaard.       

Saman med kollegaer i NIBIO har ho oppsøkt og registrert nær 1 700 setrar landet rundt for å få fram status for dagens seterlandskap. Sju somrar har gått med til arbeidet. Første feltsesong var i 2009. 

Materialet er no samla i ein omfattande rapport rikt illustrert med bilete, dokumentasjon og eksempel på tilstand og bruk av stølen i dag. Korleis framstår setermiljøa? Er setrane i bruk? Blir verdiane tatt vare på? Slike spørsmål får ein svar på ved å lese rapporten – eller ved ein prat med prosjektleiar Kari Stensgaard. 

Stensgaard fortel om store endringar på kort tid, om seterlandskapet som speglar anna landbruks-utvikling, om avvikling og forfall, men og om levande stølsmiljø som held tradisjonar i hevd, ofte i samhandling med nye former for verksemd. 

v bøyabreen_sogndal_frittgående beitedyr_2015_50721_kas.jpg
Frittgåande beitedyr trekker gjerne til stølar og gamal kulturmark. Dei hjelper til med å halde landskapet ope. Område som blir aktivt brukte til beite held seg opne lengre før gjengroing set inn. Desse kyrne beiter ved Bøyabreen, ein arm av Jostedalsbreen, i Balestrand, Sogn og Fjordane. Foto: Kari Stensgaard.

- Kvart strå var gull verdt

Seterbruket i Noreg har vore svært omfattande. På 1800-talet var truleg kring 100 000 setrer i bruk. I dag er det berre vel 900 i drift. Kurva for tradisjonell stølsdrift har peika bratt nedover i fleire tiår. 

- Setring gjekk føre seg overalt, fortel Stensgaard, på fjellet, i skogen og på øyer. Ofte hadde ein fleire setrar for å kunne nytta utmarka maksimalt i ulike deler av sesongen.  

- Kvart strå var gull verdt der dei var å finne, seier ho. 

Vanlegvis hadde kvart bruk si seter, eller to. Gardsbruk utan seter kunne leige dyra sine inn hos gardar med gode seterbeite. Gardar med dårlege beite, kunne leige eller kjøpe seg seter i frodigare område. Småbrukarar gjekk nokre stader saman om å rydde ei felles seter. Tilpassingane var mange og ulike. 

165-0071_JRE_Sjusete i Jondal.jpg
Kyr på sommarbeite på Sjusete, i fjella opp frå Jondal ved Hardangerfjorden. Truleg er dette kyr som ikkje blir mjølka fordi dei ventar kalv. Da får kyrne vanlegvis pause frå mjølkinga eit par månader. Derfor blir kalving ofte lagt til hausten for at opphaldet i mjølking blir om sommaren. Foto: Jan Reyer Elders.

Utmarka ga kraft og næring

- Stølsdrifta handla om matauk, forklarer Stensgaard. Det var ein måte å utnytta ressursane fullt ut. Enten fordi det var lite jordbruksareal på garden, eller for å skåne heimebøen i dei periodane da dyra kunne beite ute sjølve. 

- På stølen kom dyra til hektene igjen, seier ho. Her fekk dei feite seg opp etter skrinne vintrar slik at dei kunne produsere mjølk nok til meir enn avkomet sitt. 

I dag er situasjonen ein annan. Den sterke vinterfôringa har utklassa dei rike utmarksbeita. På setra må ein no supplera med tilleggsfôr, eller akseptere ein nedgang i mjølkeproduksjon når dyra er på utebeite. 

- Men for dyrehelsa og trivselen, er opphald på stølen uansett av stor verdi, legg Stensgaard til. Om dyra i tillegg får gå i utmarka, får dei skjerpa sansane enda meir. Dei må finne trygge beiteplantar og godt vatn. Dei må halde flokken samla, passe tida og finne vegen heim att om kvelden. 

Rundt 15 prosent av mjølkeprodusentane i landet sender framleis dyra til fjells. Nær 100 prosent av alle norske geiter er på utmarksbeite i sesongen som vanlegvis er 3 – 3,5 månader.

geiter på bru_einunndalen_6758_kas.jpg
Til seters for å gjere seg feite. Geita er ein framifrå landskapsryddar. Mens sau helst beiter på urter og gras før lauv og kjerr, har geit eit motsett beitemønster. Over halvparten av beiteopptaket er lauv, bark, einer, kjerr og lyng. Desse geitene er på veg heim til Mæløya seter for å bli mjølka, i Folldal, Hedmark. Foto: Kari Stensgaard.

Ein del av kulturarven

For mange som vaks opp for eit par generasjonar sidan står stølen for noko veldig positivt. Mange kan kjenne seg igjen i Margrethe Munthe sin versjon av stølslivet i - Å, jeg vet en seter. Setrane, eller stølen, har skapt eit landskap med særpreg og spesielt biologisk mangfald.  Seterlandskapet er ein del av ‘vår natur.’ 

Artsdatabanken reknar med at så mykje som 29 prosent av dei 2 355 trua artane som står på Norsk raudliste er påverka negativt av ‘gjengroing på grunn av opphørt eller redusert beite og slått.’ 

Det er med andre ord ikkje berre stølsdrifta som er trua, 685 artar av smått liv er i same kategori. 

Er ikkje behovet for utmarksressursen lenger det same? Dyrefõr er ei handelsvare. Transport og stell av dyra krev ekstra tid og pengar. 

- På den eine sida lever vi i ei tid der rikdomen gir kjøpekraft til å velje lett tilgjengelege ressursar framfor tungdrivne – for å gi økonomi, reflekterer seterkartleggjar Stensgaard, og held fram:

- På den andre sida etterspør forbrukarane rein mat av god kvalitet, og dei ønskjer å kjenne både bakgrunn og kosthald til dyra som gir kjøtet eller mjølka. 

Ho ser eit potensial i utmarka, og at seterdrifta kan bidra til å forvalte dette potensialet. 

- Eg har stor respekt for dei som ser seg mon i å drive på tradisjonelt vis, seier Stensgaard.

- Vi treng eldsjeler,  ja, eg trur eg vil kalla dei det, om ikkje vi skal miste kulturlandskap og kunnskap som er overført gjennom generasjonar. I tillegg trengst målretta tiltak. 

Ho er redd for at ein verdifull del av fellesarven vår står i fare for å døy ut om vi ikkje gjer noko aktivt for å hindre at det skjer. Skal utviklinga stoggast, må det bremsast no.

miljø_os i østerdalen_kas.jpg
Typisk seter på Austlandet. Setra er eit avgrensa enkeltbruk, med eit sel, eit fjøs og ei løe. Denne er i Dalsbygda i Os i Nord-Østerdalen. Foto: Kari Stensgaard.

Rekreasjon overtar for produksjon

Bruken av setrane endrar seg i takt med tida. Samfunnsutvikling og avvikling går hand i hand. Svært mange stølar er nedlagde. Dei som framleis er i bruk, blir brukte på nye måtar: 

- Hytter overtar for seterhus, og rekreasjon erstattar produksjon. Det er den gjennomgåande tendensen, kommenterer Stensgaard. 

Fritidsbruk utgjer i dag nær 60 prosent av aktiviteten på setrane. Solcellepanel og terrassar kjem til, mjølkeplassar og løer forsvinn ut. Gjennom denne nye hyttebruken, blir seterstovene, eller sela, som mange seier, haldne ved like. 

Driftsbygningane mister  sin funksjon, og med det følgjer manglande vedlikehald. Både bilete og tal fortel om løer, fjøs og ystehus i sterkt forfall. Ofte er dei fjerna frå setrane. 

figur om bygningar.JPG
Figuren viser fordeling av seterhus i god tilstand. Tala er i prosent.
figur_seter_1.JPG
Figuren viser seteranlegg og bruk – regionvis. Tala er i prosent.

5113-see_forfall_fjøs og løe_lesja i oppland.jpg
Av 7 090 registrerte bygningar i prosjektet, er forfallet størst for dei tradisjonelle uthusa, fjøs og løe. Det er ein samanheng mellom tapt funksjon og vedlikehald. Hytter, sel og mindre uthus er i best forfatning. Dette fjøset ligg i Lesja i Oppland. Foto: Sebastian Eiter. 

Gjennomsnittleg for heile landet blir rundt 30 prosent av setrane brukt til slått og beite. Slått og beite varierer frå 14 prosent på Vestlandet, til 37 prosent på Austlandet. 

- Berre fire-fem prosent av setrane har framleis mjølkeproduksjon, seier Stensgaard. Mest av dette finn vi på Austlandet og i Midt-Noreg, minst på Vestlandet. Turisme er ein nyare bruk som vi har registrert for enkelte setrar. I underkant av ein prosent fell inn under denne kategorien. 

For nokre kan tradisjonell setring og turisme vere to sider av same sak. Setrar med  mjølkeproduksjon og ysting er ofte opne for besøkande. 

Oppland er det største seterfylket med vel 350 aktive setrar.

anny fodnes på strandmo stølsysteri i nord-aurdal i oppland lager kvit kyrost_4344_osp.jpg
Anny Fodnes lagar kvit ‘kyrost’ på Strandmo stølsysteri i Valdres, Oppland. Familien har etablert ysteriet som tilleggsveksemd til den vanlege gardsdrifta. Mykje av omsetnaden skjer direkte. Foto: Oskar Puschmann.

Ny tid på setra

Turisme og stølsdrift har lange tradisjonar. Da turistane oppdaga fjellet på 1800-talet, var det på fjellgardar og stølar dei fann losji. 

Mange av dagens turisthytter er tufta på eldre stølar. Andre stader har turistanlegg tatt heilt over – som til dømes på Beitostølen der berre namnet røper opphavet. I dei seinare åra har turisme på stølen teke seg opp igjen. Knapt ein prosent av dei 1 700 registrerte stølane driv med turisme. 

Nokre stader har matservering, kulturformidling og oppleving tatt over for mjølkeproduksjon og beitebruk. På Herdalssetra i Møre og Romsdal gjer dei begge deler. 

- Vi meiner det er viktig å halde tradisjonane ved like, og at stølsdrifta er ein naturleg del av gardsdrifta, seier gardbrukar og stølsdrivar Jostein Sande. 

Han og kona Åshild driv gard, støl og turistverksemd. I år er 150 geiter sleppte på beite for sesongen saman med eit par hundre artsfrendar frå nabogarden. Geitene blir mjølka to gonger dagleg. Innimellom øktene tar dei imot turistar frå heile verda. 

- Det kjennes godt og rett å drive på denne måten, seier Sande. Gards- og stølsdrifta går sin vanlege gang mens folk kjem innom på besøk.

- Vi driv ikkje med kulissar her.

- Er gjestene heldige, får dei møte geitene på veg til eller frå mjølking ute på plassen. Dei kan og kikke inn i fjøset gjennom ein liten glugg og sjå dyra bli mjølka, fortel han. 

Er geitene ute, kan gjestene helse på kje som held til på stølen, eller sauer og lam, hestar og kviger med kalvar. I tillegg til innblikk i produksjonen på stølen, får turistane smak av geitost og karamell. Lunsj får dei gjerne på heimegarden før turen går til stølen. 

Turismen må kunne flettast inn i drifta, meiner Dale. Setring er kjerneverksemda, så kjem dei besøkande som ei sideverksemd. Her om dagen tok dei imot sju busslaster med turistar, 30-40 i gongen. 

Ei heil lita verksemd er i sving for å skjøtte drifta. Fire ungdomar tar mjølkinga på stølen. På garden har dei fem tilsette, og ofte to-tre praktikantar frå universitet eller høgskule. Det handlar om kunnskapsdeling og moderne gardsdrift på tradisjonelt vis.

20140805-osp-128_fjording-turister_herdalssetra_nordal_møre-og-romsdal.jpg
Anny Fodnes lagar kvit ‘kyrost’ på Strandmo stølsysteri i Valdres, Oppland. Familien har etablert ysteriet som tilleggsveksemd til den vanlege gardsdrifta. Mykje av omsetnaden skjer direkte. Foto: Oskar Puschmann.

Tradisjonsmat er trendy

Til trass for nedgangen i talet på aktive stølar, er Noreg eit av få land som framleis har seterdrift i eit visst omfang. 

Foreiningar som Norsk Seterkultur og Norsk Gardsost samlar aktive seterbrukarar og osteprodusentar. For tida arbeider Norsk Seterkultur med å få rett til å bruke seter som beskytta varemerke. Dei ønskjer å verne unike produkt frå setra mot å bli utflata av varevariantar med seter i namnet som ikkje har opphav herfrå. Ein sterk auke i etterspurnad etter lokale matprodukt har gjort det meir nødvendig å få beskytta omgrepet ‘seter.’  

I TINE følgjer dei og med på forbrukartrenden der tradisjonsmat blir meir etterspurt. Å tilby produkt basert på kortreiste råvarer med opphav i norsk natur er ein del av profilen. 

Ulike geitostar står alt sterkt blant norske forbrukarar. Dei siste åra har nye, kvite geitosttypar kome til. Og fleire kan det bli – for å dekke nye behov i tida og andre smakar. 

- Trenden med tradisjonsmat og ‘naturnært’ er ein del av biletet, fortel Sophie M. Gauguin i TINE. Ho har ansvar for forretningsutvikling på geit.

- Men for å treffe forbrukarane må vi og ha meir kunnskap om deira haldningar og preferansar. Kva fell i smak, og kva gjer ikkje? Korleis kan vi leggje til rette for auka bruk, og ny bruk? 

Derfor vil TINE kartleggje nettopp slike faktorar for å vurdere nyutvikling av ulike geitemjølks-produkt. Samtidig må dei halde ved like salet av dei tradisjonelle geitostane slik at ikkje produksjonen døyr ut med kundane. 

- For TINE er det viktig å gjere det interessant også for yngre kundegrupper å velje slike geitostar som i dag er avhengig av ‘dei godt vaksne’ for å halde volumet oppe, seier Gauguin.

20150806-osp-3513_geiteseter_nupshallanestølen-haukelifjell_odda_hordaland.jpg
- Etter det omfattende saneringsprogrammet geitebesetningene nylig har vært gjennom, er dyrehelse og melkekvalitet atskillig forbedret. Det trengs en bedre utnyttelse og sterkere markedsføring av geitemelk og kjekjøtt dersom man skal øke antall geiter i seterlandskapet, ifølgje NIBIO-rapporten Hvordan står det til på setra? Desse geitene held til på Nupshadlene på Haukelifjell. Foto: Oskar Puschmann.

Riksantikvaren applauderer

Riksantikvaren har støtta overvåkingsprogrammet som ligg til grunn for kartlegginga av seterlandskapet, og bidratt med delfinansiering av feltarbeidet. Arbeidet er i hovudsak finansiert gjennom tildelingar frå Landbruks- og matdepartementet.

- Vi har applaudert at NIBIO har prioritert ein slik gjennomgang av seterområda, seier fungerende riksantikvar Marit Huuse.

- Sjølv om vi anar korleis utviklinga i seterområda er, gir registreringa oss konkrete tall, særleg om tilstand for bygningar og setervollar og bruken av setrane, seier Huuse.

klyngetun.jpg
Klyngetun. Hjellesetra i Nordfjordeid, i Sogn og Fjordane. På Vestlandet var stølane ofte bygde som klyngetun. Denne stølen er eit uvanleg stort og komplett eksempel. Sela ligg på ei rekkje øvst på vollen, med fjøsa langs gjerdet i bakkant. Løene er samla nedst på vollen. Foto: Kari Stensgaard.

Vegen vidare

Rapporten Hvordan står det til på setra? avsluttar med å peike på val og moglege vegar for å bevara seterlandskapet. Målretta tiltak blir framheva. Samtidig er det viktig å ha realistiske forventningar til kva ein ønskjer å oppnå.

I den siste landbruksmeldinga har regjering og storting mellom anna samla seg om at Jordbruket i Norge må utvikles i tråd med samfunnets behov og forbrukernes preferanser.

I meldinga er det eit uttrykt mål at norsk jordbruks konkurransekraft skal styrkast, og ivareta og videreutvikle særpreget i jordbruket og kvaliteten på norskproduserte råvarer. Det skal leggjast til rette for økt bruk av norske fôrressurser, herunder utmarksbeite.

I lys av dette kan og stølen spele ei rolle sjølv om tida for omfattande mjølkeproduksjon er over.

- Eg har og von om at dei som bruker stølen til fritidsaktivitetar vil bidra med omsorg og bevaring av verdiane som setermiljøa står for, reflekterer prosjektleiar Kari Stensgaard. 

I rapporten blir det vist til eksempel frå Nord-Trøndelag der ein har fått gode resultat av relativt avgrensa tilskot til setrar som driv småskala mjølkeproduksjon; nokre tilbyr og opplevingar. Midlane blir tildelt under føresetnad om at: Drifta skal ha klar tilknytning til tradisjonell, lokal seterkultur, og produksjonen skal i hovedsak være basert på beite på setervoller (innmarksbeite) og/eller i utmark.

Ordninga har vist seg vellykka for å ta vare på bygningsmassen og deler av seterkulturen. Kanskje er tilsvarande ordningar noko å vurdere for andre seterfylke? – blir det spurt.

Avslutningsvis løfter rapporten fram spørsmål knytt til målretta tiltak som krev prioritering av ressursar. Og at diskusjon om å flytte tilskot frå innmarksbeite til utmarksbeite viser at slike tema er vanskelege. Dei mest målretta tiltaka for seterlandskapet vil vere dei som rettar seg direkte mot bruk og vedlikehold av setra, blir det avslutta med. 

KONTAKTPERSON
Fakta

Rødlista = ei samanstilling av vurderingar av risiko for å døy ut eller forsvinne for ulike artar eller naturtypar  risiko fra Norge. (Store norske leksikon)

Støl, støyl - opprinnelig åpen plass i skog eller utmark hvor buskapen lå og hvilte, og hvor kyrne ble melket; seter. (Store norske leksikon)
Etymologi: har opphav i stodull, gamalnorsk for mjølkeplassen til kyrne

Seter - beiteområde med hus for folk og buskap som ligg så langt frå garden, ofte til fjells, at buskapen blir flytta dit for ein periode. (Store norske leksikon)
Etymologi:  norrønt for 'stad der ein sit (med buskapen)'

Støl og seter blir brukte om kvarandre, og i same tyding, i norsk språk i dag.

Sel - seterhus, vanlegvis med soverom, kjøkken og mjølkebu. (Store norske leksikon)


Nokre tal 

  • 100 000 setrer i Noreg rundt inngangen til 1900-talet
  • 922 aktive setrar med tradisjonell drift i dag
  • 7090 bygningar er registrerte i NIBIOs kartleggingsprosjekt
  • 5 226 seterbygningar er i ståande tilstand, frå godt haldne til forfall
  • 579 seterbygningar er i ruinar (ikkje mogleg å setje i stand lenger)
  • 1 285 tufter (berre grunnmur, trapp eller eldstad)

I rapporten er talmaterialet inndelt i fleire kategorier og ulike tilstandar. Dessutan er tala fordelt geografisk.

 

NIBIO_RAPPORT_2017_3_88-1.jpg

 

Av dei nær 1 700 registrerte setrane er biletet slik:

  • På 27 prosent av dei er det ikkje lenger teikn til bruk
  • Vel 4 prosent er i aktiv drift med mjølkeproduksjon
  • 57 prosent blir brukte som fritidsbustader 
  • 29 prosent brukte til slått, eller beita
  • Knapt 1 prosent driv turisme i form av servering, formidling eller overnattingstilbod
  • Alle som driv aktiv stølsdrift har bilveg heilt fram

 

Frå Grøvudalen, Sunndal, Møre og Romsdal. Foto. Oskar Puschmann.
Figuren viser aktive setrar i Noreg i 2015 fylkesvis. Tala inni boblene er slik: Finnmark: 1, Troms: 11, Nord-Trøndelag: 37, Sør-Trøndelag: 110, Møre og Romsdal: 43, Sogn og Fjordane: 51, Oppland: 356, Hedmark: 183, Hordaland: 17, Buskerud: 88, Telemark: 25.
Når beitedyra forsvinn, vil det opne seterlandskapet gradvis gro igjen. Naturen tek staden tilbake. Heldigvis finst det og mange eigarar som ser verdien i å ta vare på setermiljøa. Mange setrar er framleis godt bevarte. Foto: Oskar Puschmann.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.