Hopp til hovedinnholdet

Dyrk bringebær i eigen hage

Bilde nr 5_cropped.jpg

Korg med bringebær av ‘Glen Ample’. Foto: Torbjørn Takle.

Forbruket av ferske bringebær har auka sterkt dei siste åra. Fleire sortar er tilgjengeleg på marknaden, og du kan dyrke dei sjølv.

Ny kunnskap om den sannsynlege helsefremmande verdien av antioksidantar i fargestoffa, som det finst rikeleg av i bringebær, har gjort sitt til at interessa for bæra har auka. I denne artikkelen finn du informasjon om korleis du dyrkar eigne bringebær, og kva som kjenneteiknar dei ulike sortane.

 

Bringebærplanta

Røtene hjå bringebærplanta lever i mange år, men skota berre i to. Slike planter vert kalla halvbuskar. Skota veks fram frå knoppar på røtene, eller ved rothalsen, og når full høgd om sommaren. Når plantene er ferdige med bærproduksjonen året etterpå, døyr dei og må fjernast. Når dagane vert korte og kjølege utover i august, vil det utvikla seg blomeanlegg i knoppane som sit i bladhjørna oppover langs dei unge skota. Skota veks så lenge temperaturen er høg nok utover hausten, men det vert normalt ikkje danna anlegg til blomar i bladknoppane øvst på skota.

Plantene går inn i djup kvile om hausten, og då toler dei svært låge temperaturar. Men kvila er over alt ved nyttår, og då er det berre den låge temperaturen som hindrar at knoppane tek til å veksa. Milde periodar seint på vinteren kan føra til utvikling av knoppane, og dersom det vert kaldt seinare, kan knoppane verta skadde eller drepne av frosten.

I tillegg til dei sommarberande bringebærplantene, finst det også ein type haustberande. Hjå desse plantene veks alle skota opp frå rota om våren, dannar blomeknoppar og blømer om sommaren og gjev modne bær om hausten. Etter hausting, døyr alle skota og vert fjerna. Slike haustberande bringebær krev lang vekstsesong og høver ikkje så godt hjå oss, så denne artikkelen omhandlar dei vanlege sommarberande bringebærplantene.

 

Tips for dyrking i eigen hage

Skota på bringebærplanta er toårige. Det betyr at dei gjer avling vel eit  år etter planting. Det er best å plante tidleg om våren, men planter som står i potter, kan også plantast om hausten - i september og oktober.

Det er viktig å førebu feltet ved å få bort rotugras som kveke, tistel, dylle m.m. Det kan gjerast med bruk av kjemiske ugrasmidlar, eller ein kan og nytta mekanisk brakking. Då nyttar ein mekaniske reiskap til å behandle jordoverflaten ved bruk av handkraft eller maskinell kraft, slik at ugras ikkje får etablere seg. Tilfør høveleg med gjødsel. Kva som trengst er avhengig av kva som har vore dyrka på feltet dei siste åra, men bringebærplantene er ikkje så kravstore til næring.

Bilde nr 1.JPG
Nyplanta bringebær på låge, plastdekka drillar. Plantene må bindast til trådar festas til solide stolpar. Foto Torbjørn Takle.

Det er best å planta på låge drillar som er dekka med vevd plast som held i mange år. Plasten sparer mykje arbeid med ugraset, og gjev betre vekst i plantene. Ein drill lagar ein ved å leggja jorda opp som ein låg «rygg». Det sikrar betre lufttilgang til røtene og hindrar at dei vert ståande i vatn lenge om gongen.

Vel den rette sorten (sjå om sortar lenger nede i denne saka) og bruk 50 cm mellom plantene. Skjer om lag 25 cm firkanta opningar i plasten. Då vil dei nye skota etter kvart veksa fram der. Det er mest vanleg å planta små planter som står i potter. Dei skal ikkje skjærast ved planting, men må støttast for å halde seg oppe. Set ned kraftige stolpar med 5-6 meters mellomrom, og eit 70 cm langt tverrtre om lag 1,70 m oppe på stolpane. Fest langsgåande trådar til tverrtrea.

Bilde nr 3.JPG
Eit tverrtre nyttast som støtteverk om lag 1,70 m oppe på stolpane. Langsgåande trådar festas til desse tverrtrea. Dei unge skota vert om våren festa til trådane og lagar på den måten rader. Foto Arnfinn Nes.

Det vert danna blomsteranlegg i knoppane i bladhjørnene om hausten. Neste vår veks det fram sidegreiner med blomar og bær. Det veks samstundes opp mange nye skot frå knoppar på røtene kring bringebærplantene. Når dei er om lag 20 cm høge, må ein del av dei klippast bort så berre 4 – 6 skot får veksa opp til store panter. Det er desse plantene som gjev avling neste år. Skota som har blømt og gjeve bær, døyr om hausten og må skjærast bort. Dei unge skota som skal overvintra og gje avling neste år, må bindast opp til trådane så dei ikkje vert øydelagde av snø og vind. Om våren skal kvart skot bindast til trådane – gjerne annankvar til kvar side, så rada lagar ei V-form.

Tilfør gjødsel om våren og midt i juni. Mengde må avpassast til veksten. Når plantene veks kraftig, treng dei lite gjødsel.

Sorten ‘Glen Ample’ får lett bringebærbladmidd som syner seg som lyse, gule felt på blada. To sprøytingar med to vekers mellomrom med ei blanding av rapsolje (4 %) + grønsåpe (4 %) seint om hausten er svært effektivt.

Bilde nr 4.JPG
Symptom på angrep av bringebærbladmidd. Foto Aksel Døving.

Sortar

Den norske sorten ‘Veten’ var dominerande i fleire tiår. Sorten vart utvikla på forsøksstasjonen Njøs i Sogn, og sorten var særleg godt tilpassa dyrkingsforholda i fjordbygdene der. Bygdene i Sogn og Fjordane vart etter kvart det dominerande området for dyrking av bringebær. ‘Veten’ var så sur at dei fleste strødde sukker på bæra før dei åt dei. Då den nye sorten ‘Glen Ample’ synte seg å vera så naturleg søt at ekstra sukker ikkje var naudsynt, auka interessa og bruken av ferske bringebær.

Det er store skilnader mellom sortane si evne til å reagera på milde periodar og dermed også kor lett dei vert frostskadde. Knoppane hjå den gamle sorten ‘Asker’ reagerer t.d. tregt på slike varme periodar og vert difor sjeldan frostskadd, medan knoppane hjå ‘Veten’ reagerer motsett og er såleis utsette for frostskade. 

Veten har til nyleg vore den viktigaste sorten for industrien, men han er no på veg ut. Det finst likevel framleis mange plantingar av sorten. ‘Veten’ har stor vekstkraft og har lite tornar, men er heller svak mot soppsjukdomen skotsjuke. Sorten gjev ofte gode avlingar, men får ofte mykje vinterskade. Bæra har svært mørk saftfarge og gjev eit mørkt og godt syltetøy, men er gjerne litt for sure som dessertbær. Dei er også litt blaute og saftar seg og fell saman ved opptining etter frysing.

Glen Ample er i dag hovudsorten. Plantene er frodige med god vekst og lange sideskot. Sorten gjev stor avling av store, faste bær som toler godt hausting, transport og omsetnad. Bæra har god smak og fin raudfarge. Dei er lysare enn ‘Veten’, og høver godt til friskkonsum, men er også godkjende for bruk i industrien. Plantene er relativt sterke mot vinterskade, og er friske og robuste. ‘Glen Ample’ er relativt sterk mot soppsjukdommen raud rotròte, men svak mot sjukdomane skotsjuke og gråskimmel, og svært utsett for bringebærbladmidd. Bæra modnar om lag samstundes med ‘Veten‘ og har lang haustetid.

Stiora er ein norsk sort med store, fine, faste bær med god smak som høver både til friskkonsum og industri. Bæra er litt mindre enn 'Glen Ample', og får lett kvite druplettar som reduserer kvaliteten vesentleg. 'Stiora' har som oftast vore bra vinterherdig, men er enno lite planta.

Asker er ein gamal sort. Plantene er mindre enn andre sortar og skota har tornar, men dei er svært vinterherdige og sterke mot raud rotròte. Bæra smakar særs godt, men er små og difor seine å hausta, så sorten er i dag ein spesialsort for konsum.

Glen Fyne er ein ny og interessant sort frå Skotland som har vore prøvedyrka dei siste åra og vert no planta ein del. Plantene har god vekstkraft og synest å vera bra vinterherdige. Sorten har gjeve gode avlingar. Bæra er litt mørkare enn ‘Glen Ample’, er bra store og har god smak, og høver først og fremst som spisebær.

Varnes er ein norsk sort med gule eller orange bær. Bæra er store og tiltalande og smakar godt, men dei er litt blaute og rotnar lett i regnvær. Knoppane er svake mot frost, og plantene får ofte ein god del vinterskade. Med den fine og særeigne fargen har bæra ein spesiell kvalitet som kan vera interessant for ein avgrensa produksjon.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.