Hopp til hovedinnholdet

Kan kua redde rovdyrutsette utmarksbeite?

ammeku1

Per Ivar Laumann frå Tysfjord i Nordland har erstatta 130-140 sau med 46 ammekyr av rasen Aberdeen Angus. Foto: Privat.

I nokre deler av landet blir utmarksbasert sauehald opplevd som uforsvarleg på grunn av rovdyr. Spørsmålet om alternative næringsvegar tvinger seg fram.

Økonomien i sauehaldet har blitt betra dei siste fem-seks åra, men det svingar. Mange sauebønder har investert i større besetningar og nye driftsbygg som følgje av både politisk oppfordring og betra tilrettelegging for sauehald. Tidvis ender mykje lammekjøt på lager, som i 2016. Dermed fell prisen.

For enkelte er ikkje berre marknadsutsiktene usikre. Rovdyra pregar kvardagen. Tap av dyr og menneskeleg påkjenning er ein del av kostnadane.

Samtidig importerer vi for tida nær 20 prosent av samla forbruk av storfekjøt her til lands. Enkelte tar til orde for at norske bønder må gripe sjansen no, før utanlandske interesser fyller gapet.

Kan ein tenke seg at kjøtfeproduksjon løyser to oppgåver samtidig? Korleis vil økonomien vere for ein sauebonde om han vel å begynne med kjøttfe, altså ammeku?

 

Alternative beitedyr

Ein som har rekna på desse spørsmåla er driftsøkonom Ole Kristian Stornes. I samband med rapporten om Rovviltbestandens betydning for landbruk og matproduksjon basert på norske ressurser som kom i 2016, var alternativ bruk av beiteressursane eit av fleire tema som vart drøfta.  

Bakgrunnen for å vurdere nettopp eit slikt alternativ er at store dyr er mindre utsette for rovdyrangrep, og at begge driftsformer handlar om bruk av beitedyr.  

- Nokre gonger blir rovdyrtapa så store at det kan vere aktuelt å vurdere nye måtar å nytta utmarksbeita på, seier Stornes.  I dei nordlegaste fylka har reindrifta problem knytt til rovdyr, men her vil andre produksjonar ikkje vere mogleg. For enkelte sauebønder kan det stilla seg annleis.

Kva er så realistiske alternativ til sauehald? Det handlar om bruk av gardens driftsmateriell og grovfôrressursar, og det handlar om levesett. Nokre vil meine at sauehald er ein livsstil.

Stornes forklarer at om ein sauebonde får tilbod om omstilling, så vil han kunne kjøpe seg ein statleg mjølkekvote. Teoretisk sett kan bonden da leggje om til mjølkeproduksjon.

- Men grovfôravlingane på eit sauebruk med 200 vinterfôra sauer vil berre gi fôr til knapt 15 mjølke-kyr. Få eller ingen byggjer ny driftsbygning i dag for så liten produksjon. Derfor har vi ikkje rekna på overgang til mjølkeproduksjon, men heller sett på korleis det vil gå om ein sauebrukar legg om til ammekuproduksjon, seier Stornes.

Investeringskostnad til ombygging av driftsbygning er pårekneleg, og er lagt inn i kalkylane.

Charolais Nappsjøen Jon S_cropped
Ammekyr av rasen Charolias ved Nappsjøen, Tynset. Foto: Jon Schärer.

- Eg har ikkje angra ein dag

Kommentaren kom spontant frå Per Ivar Laumann da han vart spurt om korleis det er å drive med ammeku, ikkje lenger sau. Han avvikla sauehaldet for ti år sidan, og erstatta 130-140 sau med 21 ammekyr – som han da hadde fjøs til.

Laumann held til i Tysfjord i Nordland, eit område med både jerv og gaupe. Han fortel om eit enklare liv etter han la om til kjøtfeproduksjon.

- Du veit jo aldri kva som møter deg. Kjem dyra utmagra heim etter å ha mista mor si? Eller kjem mora heim utan lam? Nokre gonger med jurbetennelse og smerter. Det var ikkje godt, seier han.

Kjøtfeproduksjonen har gitt han betre livskvalitet, og betre tid. No driv han steinknuseverk ved sida, og har fått betre økonomi enn for ti år sidan.

I 2015 investerte han i ny driftsbygning for 4,5 mill. kroner. I dag har han 46 Aberdeen Angus mordyr, og skryt uhemma av dei:

- Finst ikkje betre kulturpleiarar enn slikt storfe, hevdar han. Dei kjem seg opp og fram og ned. Og dei et nesten alt, mykje meir enn sauen. Han vil helst berre ha det fine graset, medan ammekua tar for seg av småbjørk, kratt og brennesle – alt går ned.

Laumann meiner det er meir naturleg for ein sauebonde å begynne med ammeku enn det er for ein mjølkebonde å begynne med ammeku.

- Sauebonden og ammekubonden tenker likt, seier han, om drift og fôring og prioriteringar. Mjølkekubonden vil vektleggje mordyret og størst mogleg mjølkeproduksjon. Sauebonden og ammekubonden vil begge ha blikket festa på dyra for best mogleg kjøtkvalitet.

Før Laumann avsluttar, er det likevel ein ting til han gjerne vil poengtera når så mykje positivt er sagt:

- Om ein vurderer omlegging frå sau til ammeku, må ein og ta omsyn til auka arealbehov. Ved endra produksjonsform, vil det bli behov for meir grovfôr og areal for å kunne dekke opp same årsverksinntekt, seier han, og legg til:

- Dette er og ei oppgåve for forvaltninga å ta omsyn til dersom omlegging til ammeku skal vurderast som eit mogleg verkemiddel i rovdyrpolitikken.

Sjølv har han løyst arealbehovet stort sett gjennom nydyrking av eige og leigd areal.

 

Hereford på Tjøtta Foto Jon Scharer
Ammeku av rasen Hereford på Tjøtta i Nordland. Foto: Jon Schärer.

Er det lønsamt å endre?

Stornes fortel at da dei rekna på dette i 2016, gav ammekuproduksjon i alle scenariar svakare økonomisk resultatet enn sau, og for dei minste besetningane vart det underskot.

Det siste året har prisen på lammekjøt gått ned, og for storfe gått opp. Dermed er vesentlege føresetnader for inntektsgrunnlaget i kalkylane endra. Dei økonomiske resultata er ikkje like eintydige. Driftsøkonomen forklarer:

- Basert på marknadsutviklinga det siste året, kan vi justere opp gjennomsnittsprisen på storfe med seks kroner kiloen, til 58, og lammeprisen ned frå 50 til 46. Når vi kalkulerer med dette som utgangspunkt, blir forskjellane i utrekna driftsoverskot mindre enn i 2016, naturleg nok. 

- Framleis er det bedriftsøkonomisk mest lønsamt å halde fram med sau, men forskjellane er mindre. Om ein og ser til tala for tidsbruk i dei to produksjonane, endrar biletet seg meir i favør av ammekuproduksjon, seier han.

Basert på data frå driftsgranskingane veit ein noko om gjennomsnittleg tidsbruk i sauehald kontra ammeku.  I eit sauebruk med 200 dyr vil brukarfamilien legge inn 1 900 eigne arbeidstimar i tillegg til innleigd tid på 600 timar. Fôrgrunnlaget for å halde 200 sau er er utrekna til å gi nok fôr til 17-18 ammekyr. Ifølgje driftsgranskingsdata vil ammekubonden som har ein besetning på denne storleiken bruke gjennomsnittleg 1 400 arbeidstimar i året, med tillegg av 400 timar innleigd tid. 

Om ein legg til grunn at den frigitte tida, som i dette tilfellet er 500 timar årleg, blir brukt til alternativt inntektsgjevande arbeid, viser kalkylane større overskot for kjøtfe enn sau som følgje av tilleggsinntekta.

Da er det lagt til grunn ein timepris på 266 kroner timen som er avleia av SSB-tal for gjennomsnittleg månadsløn, sist oppdatert i februar 2017. Alle menn og kvinner i ulike sektorar med i utrekninga.

For ein sauebonde med 200 sau i Nord-Noreg vil driftsoverskotet ved omlegging til ammeku pluss ekstra inntekt da nærme seg same overskot som for sauehald. For ein austlandsbonde vil slik omlegging med tillegg av anna lønsarbeid gi høgare overskot enn sauehald.

For dei mindre bruka er det mindre frigitt tid og tala er meir usikre. Om ein legg økonomien aleine til grunn, vil det for mindre besetningar vere lite aktuelt å leggje om frå sau til ammeku.

Ulike rammeføresetnader i Nord-Noreg og på Austlandet er grunnen til at dei økonomiske scenariene er delt i to geografiske område.

 

Føresetnader og atterhald

Sjølv om det økonomiske biletet er endra i tråd med marknadspris og nye tillegg, er Stornes nøye med å vektleggje at føresetnader om alternativt arbeid ikkje automatisk vil la seg gjere i praksis.

- Det kjem an på moglegheitene i lokalsamfunnet og kvalifikasjonane til brukaren, seier han. Også timeprisen ein oppnår vil sjølvsagt variere, han kan vere både høgare og lågare enn gjennomsnittet.

Dessutan vil individuelle forskjellar mellom bønder og gardsbruk spele inn på resultatet for den enkelte. Kalkylane er baserte på gjennomsnittstal, og gir ein peikepinn om utfallet for heile grupper. Det kan slå ulikt ut på individnivå.

- Utrekningar som dette kan likevel vere viktige i ein diskusjon om eventuelt å betre tilrettelegginga for omlegging i enkelte område, seier Stornes.

Det er ikkje berre økonomien som spelar inn her, men han er ein viktig føresetnad for å kunne vurdere alternative næringsvegar der spørsmålet er aktuelt. Menneskeleg belastning og dyrevelferd er andre sider av det store biletet.

Sau vs ammeku berekning

0.085 MB pdf

Bakgrunn

Kjøttproduksjon med ammeku har mange likheitstrekk med sau. I motsetnad til vanleg mjølkeproduksjon, får kalvane all mjølka ved å gå saman med mora og die i fleire månader.

Det mest vanlege er kalving på sein vinter/vår, slik at ku og kalv går saman på beita. I ammekuproduksjonen nyttar ein tradisjonelle, lokale ressursar som ulike typar beite og grovfôr. Pleie av kulturlandskapet gjennom beiting er ein viktig faktor.

Det er fleire driftsopplegg innan produksjonen. Full framfôring vil seie å fôra fram alle kalvar i eiga besetning, medan andre sel kalven som livdyr etter han er avvent frå mora. Ved tradisjonell framfôring, vert oksane slakta etter 14 – 18 månader avhengig av rase og driftsopplegg.

Det finst mange rasar med ulike eigenskapar. I Noreg er dei fem vanlegaste rasane Charolais, Hereford, Aberdeen Angus, Limousin og Simmental (Nortura).

Det var registrert 82 972 ammekyr i Noreg per 1. januar 2017 (Landbruksdirektoratet). Dei siste ti åra har mengda auka 47 prosent, og i fleire fylke er mengda dobla.

Fakta

Om utreikningane

Utrekningane er gjort i planleggingsprogrammet NORKAP. Programmet er eigna for å beregne økonomien knytt til driftsomlegging og/eller investeringar på eit gardsbruk.

Standard dekningsbidragskalkyler for sauehald og ammekuproduksjon for ulike geografiske område er lagt til grunn saman med data frå Driftsgranskingar i jordbruket.

Om rovdyrangrep

Norsk rovdyrpolitikk er tufta på eit todelt mål om at det skal vere grunnlag både for livskraftige bestandar av rovvilt, og berekraftig utnytting av beiteressursane i utmarka. Utfordringane spenner frå bjørneangrep på bikuber til tap av sau på utmarksbeite.

Sjølv om store dyr vanlegvis er mindre utsette for rovdyrangrep, vil dette variere etter kva slag rovdyr det er snakk om. Eksempelvis kan bjørn ta store dyr, og ulv kan ta ungdyr av store dyr. Jerv, gaupe og ørn er vanlegvis ikkje trussel for store dyr, men derimot for sau. Dessutan kan alle dyr bli skremde av rovdyr, noko som kan gi redusert tilvekst.

Omlegging frå sauehald til større beitedyr kan vere ei løysing for nokre, ikkje for alle.

Driftsoverskot

I eksemplet med omlegging frå 200 sau til 18 ammekyr for eit bruk i Nord-Noreg, vil det kalkulerte driftsoverskotet bli 291 000 kroner. Da er alternativ bruk av 500 arbeidstimar rekna inn som ekstra inntekt – til ein timepris på 266 kroner. For sauebrukaren ville overskotet vere 324 000 kroner.

For eit tilsvarande bruk på Austlandet vil det kalkulerte driftsoverskotet bli 258 000 kroner for ammeku mot 232 000 kroner i sauebruket.

Det er reine økonomiske utrekningar som ligg til grunn for denne artikkelen. Spørsmål om korleis ulike beitedyr påverkar miljøet er ikkje undersøkt eller inkludert.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Den norske rovviltpolitikken har en todelt målsetting om å sikre både levedyktige rovviltbestander og bærekraftige beitenæringer. Disse målene skal oppnås gjennom en geografisk differensiert rovdyrforvaltning. I henhold til siste tilgjengelige versjon av Miljødirektoratets digitale kart over «Forvaltningsområder for rovdyr» (datert 6.9.2012) utgjør forvaltningsområdene for gaupe, jerv, bjørn og ulv om lag 55 % av Norges landareal. Innenfor disse rovviltprioriterte områdene finner man 53 % av de som driver aktivt landbruk i Norge; 60 % av alt jordbruksareal i drift; 30 % av landets sauer og lam; og halvparten av arealet som benyttes av samisk reindrift. Med dette som kontekst skal utredningen på en objektiv måte belyse rovviltbestandenes betydning for utviklingen i landbruket. Utredningen skal også vurdere om tilpassingen av beitenæringen i prioriterte rovviltområder, og tilretteleggingen for beitebruk i prioriterte beiteområder, er gjort på en hensiktsmessig måte.