Hopp til hovedinnholdet

Grunnlaget for jordbruksoppgjeret 2018 er lagt fram

Åse samdriftsfjøs_Kvam_Hardanger_Hordaland_Foto Kjersti Kildahl

Åse samdriftsfjøs for mjølkeproduksjon i Kvam, Hardanger. Foto: Kjersti Kildahl.

Bonden si inntekt gjekk ned med 1,8 prosent, eller 6 500 kroner, frå 2016 til 2017. Det viser talgrunnlaget for jordbruksforhandlingane som no er klart. For 2017 til 2018 er det budsjettert med ytterlegare nedgang på 2,2 prosent.

Inntekta er da målt gjennom vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk frå normaliserte rekneskapstal i Totalkalkylen. Kalkylen er ein del av grunnlagsmaterialet for jordbruksforhandlingene.

- Etter nokre år med god vekst, ser vi no ei utflating i inntektene. Samtidig held dei fleste kostnader seg volummessig stabile, og med ein viss prisauke. Resultatet ser vi da som ein nedgang i vederlaget for jordbruksøkonomien totalt sett.

Slik kommenterer Lars Johan Rustad i NIBIO det store bildet. Rustad leier avdeling for landbruksøkonomisk analyse som er sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket. Nemnda utarbeider talgrunnlaget for jordbruksoppgjeret. Meir om Budsjettnemnda nedanfor.

- Jordbrukssektoren skapte samla vederlag til arbeid og eigenkapital i 2016 på 15,4 mrd. kroner. Talet gjekk ned til 14,9 mrd. kroner i 2017, og er budsjettert til å bli 14,3 mrd. kroner i 2018, seier Rustad. 

Produksjonsinntektene inkludert tilskot utgjorde 44,9 mrd. kroner i 2016, og er rekna ut til å bli 44,5 mrd. kroner i 2017 og 45,0 mrd. kroner i 2018, ifølge dei same normaliserte rekneskapane.

 

Kor kjem tala frå?

Budsjettnemnda for jordbruket har ansvar for å utarbeide og leggje fram talgrunnlaget for jordbruksforhandlingane. Nemnda sitt mandat er gitt gjennom Hovudavtalen for jordbruket som seier korleis forhandlingane skal skje.

Partane i jordbruksoppgjeret er alle representerte i nemnda, det vil seie Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og staten.

NIBIO tar vare på sekretariatsfunksjonen gjennom avdelinga som Lars Johan Rustad leier.

Han fortel at talgrunnlaget som utgjer Totalkalkylen er sett saman av materiale frå fleire kjelder. Statistisk sentralbyrå (SSB), Landbruksdirektoratet og landbrukets ulike økonomiske organisasjoner er dei viktigaste.

– For dei delane av sektoren der ein har fullstendige innrapporteringar, er utrekningane relativt sikre, seier Rustad. Det gjeld mellom anna for korn, dei aller fleste husdyrproduksjonane, og kostnader som kraftfôr, gjødsel, såfrø og planter.

– Av postar på inntektssida som er meir usikre, er hagebrukssektoren den største. Spesielt gjeld dette blomar, for der er det ingen tilskotsstatistikk å støtte seg på, fortel han.

Lauvåsen_Rennebu_Sør-Trøndelag_Foto Oskar Puschmann_20130804-OSP-7841b_fellesseter_
Lauvåsen i Rennebu, Trøndelag. Foto: Oskar Puschmann.

Budsjett er ein ting, registrerte tal noko anna

I jordbruksavtale-samanheng er det såkalla normaliserte tal som er mest tenlege å leggje til grunn. I dei normaliserte tala er effekten av varierenda ver og tilfeldige økonomiske og marknadsmessige utslag for nokre poster redusert, eller normalisert.

– Spesielt der tala er basert på foreløpige rekneskapar og budsjett, vil det kunne bli til dels store endringar frå tala som vart lagt til grunn førre året og berekningane året etter når ein sit med fasit i form av rekneskapsdata, seier Lars Johan Rustad.

Han gir eit døme gjennom varegruppa korn, erter og oljefrø som i 2017 vart budsjettert 357 mill. kroner lågare enn dei registrerte rekneskapane no tyder på at inntekta blir. Kornåret 2017 vart eit år med gode avlingar, og betre enn ein kunne budsjettere med som sannsynleg i eit ‘normalår.’

- For kjøt gjekk det motsett veg, her var budsjettet for 2017 116 mill. kroner for høgt. Det er spesielt situasjonen med overproduksjon og lågare produksjonsvolum av fjørfe og lågare priser på lammekjøt, gris og fjørfe som spelar inn her, forklarer Rustad.

Høge etterbetalingar for mjølk også i 2017 gir 163 mill. kroner høgare utteljing enn budsjettert. Det er budsjettert med inntektsnedgang på 47 mill. kroner i 2018 fordi både volum og pris er rekna noko lågare.

Lilleeggen_Glomma_Tynset_Hedmark_Foto Oskar Puschmann_20170924-OSP-0233-38_PANORAMA2_
Lilleeggen ved Glomma, Tynset, Hedmark. Foto: Oskar Puschmann.

Får ikkje lenger betalt for å låne pengar

Prisen på lånt kapital er ein vesentleg faktor i beregningene. Realrenta har vore fallande dei siste åra, før ho flata ut nær null i 2016. Situasjonen har vore gunstig også for jordbruket.

– I 2016 ga låg rente og relativt sterk prisauke negativ realrente i registrerte rekneskap. Da fekk ein rett og slett betalt for å ha gjeld, fortel Rustad.

- Slik er det ikkje i 2017. Den nominelle renta har vore tilnærma uendra, men lågare prisstigning gav prisstigningsgevinst. Auken i realrente frå 2016 til 2017 er dermed på vel 1,0 mrd. kroner i registrerte rekneskap. I normaliserte rekneskap vert prisstigninga glatta og realrenta aukar berre med 145 mill. kroner i perioden frå 2016 til 2018.

Skjerdingstad-Øya-VGS_Melhus_Sør-Trøndelag_Foto Oskar Puschmann_20170525-OSP-2366-73_PANORAMA7_ny-E6-fra-grustak_
Melhus, Trøndelag. Foto: Oskar Puschmann.

Dei tre pillarane i forhandlingsgrunnlaget

Totalkalkylen, referansebruksberegningene og resultatkontrollen er dei tre hovuddelane i grunnlaget.

Totalkalkylen

I Totalkalkyleutgreinga er hovedvekta lagt på revidert rekneskap for 2016, foreløpig rekneskap for 2017 og budsjett for 2018. Lars-Johan Rustad forklarer:

- Totalkalkylen viser inntektsnivå og inntektsutvikling i jordbruket, og gir eit samla bilde av verdiskapinga i sektoren for heile landet. Kalkylen viser totaltal for dei ulike produksjonane.

I forhandlingane brukar ein dei normaliserte rekneskapstala for å samanlikne inntektsutviklinga i jordbruket med andre grupper i samfunnet, og for å sjå på inntektsutviklinga i jordbruket over tid.

Referansebruka

Totalkalkylen gir ikkje eit eigna uttrykk for økonomien til enkeltbruk. Her kjem referansebruka inn. I grunnlaget er det lagt inn økonomiske resultat av 27 referansebruk som representerer ulike driftsformer, storleikar og geografi.

- Under forhandlingane brukar ein referansebruka til å rekne på utslag av krav og tilbod for ulike typar bruk. Partane kan og be oss om å gjere utrekningar for å vurdere utslag av tiltak  før dei eventuelt tar forslag inn i forhandlingane, seier Rustad, og legg til:

- Typisk er det referansebruka som får ein stor del av merksemda frå næringa under forhandlingane.

Berekningane gjort for referansebruka byggjer på talmaterialet frå vel 700 av jordbruksbedriftene som inngår i driftsgranskingane for jordbruket.

Resultatkontrollen

Dette er den siste delen av grunnlagsmaterialet, og utgjer ei samanstilling av data som belyser utvikling og måloppnåing i jordbruket. Her får ein fram verknaden av jordbrukspolitikken gjennom utvalde måleparametrar, og endringane i desse.

For eksempel kan strukturutvikling vises gjennom endringar i storleik på bruka og i talet på dyr.

– Ein kan og sjå korleis jordbruksproduksjonen fordeler seg geografisk med tanke på den politiske målsettinga om at vi skal ha jordbruk i heile landet, avsluttar Rustad.

Figuren viser i mill. kroner jordbrukets krav, statens tilbod og inngått avtale siste ti år
Figuren viser i mill. kroner jordbrukets krav, statens tilbod og inngått avtale siste ti år (2008-2017).

Leiar av Budsjettnemnda for jordbruket:

Ekspedisjonssjef Knut Børve, Kunnskapsdepartementet

e-post: Knut.Borve@kd.dep.no

(+47) 917 93 965

Grunnlagsmateriale til Jordbruksforhandlingene Budsjettnemnda for jordbruket Totalkalkylen Driftsgranskingar i jordbruket
Gamalnorsk spelsau_margfoto kanskje_Foto Kjersti Kildahl_3264.JPG
Gamalnorsk spelsau. Foto: Kjersti Kildahl.
Totalkalkylen

Totalkalkylen er eit sektorrekneskap som viser samla verdiskaping i norsk jordbruk. Sektoren «jordbruk» er definert ved varer som er rekna som jordbruksvarer. Andre inntekter i jordbrukshushaldningane er ikkje inkludert. Det gjeld til dømes lønns- og kapitalinntekter, inntekt frå skogbruk eller andre næringar, eksempelvis turisme.

Verdiskapinga blir i Totalkalkylen målt gjennom «Vederlag til arbeid og kapital» og «Vederlag til arbeid og eigenkapital».

Tidslinja for jordbruksforhandlingane 2018

12.4. BFJ legg fram forhandlingsgrunnlaget

26.4. Partane frå jordrbuket legg fram sine krav

4.5.   Staten legg fram sitt tilbod – og forhandlingane begynner

16.5. Forhandlingane skal etter planen vere avslutta, men nokre gonger blir det brot.

25.5. Proposisjon skal etter planen vere klar for Stortinget, og handsaming der tidleg i juni.

I 2016 var det 45 000 årsverk i jordbruket, og 41 121 jordbruksverksemder.
Timar per bedrift var 2 018. I jordbruksforhandlingane er eit årsverk definert til 1 845 timar.

(Kjelde: Tab. 1.6 i Totalkalkylen).



I 1991 var talet på mjølkekyr 339 976. I 2016 var det 226 705, eller ein nedgang på 33 prosent. Mjølkeproduksjonen var i 1991 på 1 808 mill. liter, og i 2016 1 526 liter.
Det gir ein nedgang på 15,6 prosent.

Talet på andre husdyr i same periode:

tabelltest.jpg

(Kjelde: Totalkalkylen -tab. 1.10, og statistikk for sum kumelk).

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.