Mjølkerobot gir meir tid og mindre pengar

Melkerobot_stort_cropped.jpg

Det blir montert ca. 200 nye mjølkerobotar i norske fjøs årleg. Roboten kan mjølke mellom 60 og 70 årskyr i døgnet. Foto: Lely.

Samanlikning av mjølkebruk med og utan mjølkerobot, viser at dei med robot i snitt bruker 10 timar mindre årleg per ku, men får likevel 700 liter meir mjølk per dyr. Bruka utan robot gjer det betre økonomisk.

Dette viser talmateriale basert på rekneskapsdata frå eit utval mjølkeprodusentar som driv med og utan mjølkerobot. Studien er gjort med utgangspunkt i dei årlege driftsgranskingane som NIBIO gjennomfører.

Eit mønster blir stadfesta 

Undersøkinga viser tydelege skilnader for produksjon og økonomi mellom gruppene med og utan robot, men det er og klare skilnader innan gruppa der alle har robot.

Analysen er basert på samanlikning av to grupper, ei med og ei utan robot som mjølkesystem. Undersøkinga vart gjennomført for andre gong i 2014, og ein har såleis resultat frå to år å halda seg til.

- Vi var spente på om funna frå 2013 ville vere forskjellige frå 2014, seier Jostein Vasseljen, driftsgranskar og økonom i NIBIO Trondheim. Prosjektet er gjennomført ved kontoret her, men utvalet av bruk er representativt for landet.

- Når vi for andre året på rad ser resultat som er samanfallande med forrige år, kan vi med større tryggleik seie at det er forskjellar å feste lit til, seier han.

I Noreg aukar talet på mjølkerobotar med nærare 200 per år. Resultat frå undersøkinga tyder på at det i stor grad er sosiale drivarar som ligg bak valet om å gå over til robotbasert mjølkeproduksjon.

- Som ei svært enkel oppsummering av funna, kan vi seie at mjølkerobot gir meir produksjon for mindre innsats av tid, og han gir auka fleksibiltet for bonden, seier Vasseljen.

- På den andre sida er økonomien til bruka med robot svakare enn for dei utan. Det gjeld både økonomisk resultat før avskrivingar og målt som vederlag per årsverk, legg han til.

mg201411_DSC_5264.jpg
Kyrne på robotbruka yter ni prosent meir enn dei på bruk utan robot: 8 100 kg og 7 400 kg mjølk per årsku. Foto: Morten Günther.


Stor variasjon internt i robotgruppa

Innan gruppa der alle har robot er det og tydelege skilnader. Gruppa på 61 bruk vart delt i tre for å sjå nærare på forskjellane mellom dei sterke og svake, sortert etter vederlag per årsverk.

- Det mest interessante her, er kanskje at det ikkje er nokre forskjellar som peikar seg ut som avgjerande for om ein er blant dei sterke eller svake, kommenterer Vasseljen, og held fram:

- Summen av mange små skilnader med same forteikn ser ut til å gi eit samla utslag for kor ein hamnar i laget.  Ein kan vel seie at det til sjuande og sist er kvaliteten på bedriftsleiinga som utgjer forskjellen.

Denne forskjellen utgjer ein knapp halv million kroner meir som vederlag per årsverk til dei som driv best samalikna med dei som driv mindre bra. Vasseljen peikar likevel på ein faktor som kan vere ein vesentleg del av forklaringa: 

- Gjennomgåande ser ein at dei i den sterke gruppa har meir eigenkapital og mindre lån, seier han.

- Men som sagt, dette er kun ein del av forklaringa. For å få heile biletet, må ein ta ein faktor om gongen, altså sjå på drift, kostnader og inntektsside kvar for seg.

 

Eit knippe hovudfunn i 2014

  • Til tross for noko høgare driftsinntekt på robotbruka, 2 770 500 kroner mot 2 723 800 på bruk utan robot, er resultat før avskrivingar meir positivt for bruka utan robot: 883 300 på robotbruka og 944 400 på dei utan robot
    • Vederlag per årsverk er høvesvis 203 900 og 315 600 på bruka med og utan robot
    • Vederlag per årsverk internt i gruppa med robot, høg og låg del, er høvesvis 440 000 og  - 15 200 kroner, altså ein skilnad på 455 000 kroner
  • Kyrne på robotbruka yter ni prosent meir enn dei på bruk utan robot: 8 100 kg og 7 400 kg mjølk per årsku
    • Robotbruka har auka ytinga med 200 kg siste år, medan dei utan har auka med 100 kg
  • Bruk med robot leverer mykje mindre kjøt enn dei utan: 195 kg og 262 kg kjøt per årsku, det vil seie at robotbruka levere 74 prosent så mykje kjøt som dei utan
    • Tyder på ei ‘spissing’ av produksjonen mot mjølk, fordi bygningsmasse eller grovfôrgrunnlag set skrankar for ytterlagare kjøtproduksjon når ein går over til robot.
  • Arbeidstid per årsku: 97 timar på bruk med robot, 107 timar på bruk utan
    • Arbeidsforbruket per årsku avtar med auka buskap, ved 50-55 årskyr vil arbeidsforbruket stige.
KONTAKTPERSON

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.