Bondeinntekta svingar, men i 2024 gjekk den opp for dei fleste
No ligg kornåkrane i dvale og ventar på lys og varme. Ingen veit korleis neste års avlingar blir. Men rekneskapane til bøndene som er med i «Driftsgranskingane» viser at kornbøndene hadde eit svært godt år i 2024. Foto: Erling Fløistad
Ei snau veke etter at skattelistene blei offentleggjorde, blei også ein annan viktig statistikk publisert. Ho fortel korleis det står til med økonomien hos Noregs matprodusentar. Tala viser at 2024 blei eit godt år for dei fleste bønder etter eit dårleg år i 2023.
Jordbruksinntekta til norske bønder auka med 37 prosent frå 2023 til 2024. Gjennomsnittleg jordbruksinntekt per årsverk landa på 500 300 kroner, ein oppgang på 136 400 kroner frå året før. Det viser dei årlege driftsgranskingane utført av NIBIO.
Driftsgranskingane er ei rekneskapsundersøking som har gått føre seg i meir enn hundre år. I 2024 omfatta undersøkinga 932 gardsbruk over heile landet. Bruka er valde ut slik at dei representerer ulike landsdelar, storleiksgrupper og driftsformer.
Betre avlingar og høgare prisar
Oppturen i 2024 kom etter eit svært vanskeleg år. I 2023 førte uvêret «Hans», saman med høgare prisar på viktige innsatsfaktorar og nesten uendra prisar på landbruksvarer, til eit kraftig fall i inntektene. Dette skjedde sjølv om tilskota auka mykje det året.
– I 2024 vart situasjonen ei heilt anna. Bøndene hadde vesentleg betre kornavlingar enn i 2023. I tillegg auka mjølkekvotene og bøndene kunne derfor produsere meir mjølk, samstundes som mjølkeprisen auka. Kostnadene for kunstgjødsel gjekk dessutan ned med 14 prosent, forklarer Heidi Knutsen som leier arbeidet med driftsgranskingane i NIBIO.
Inntektene til kornbøndene varierer mykje med vêrtilhøva. 2024 vart eit godt kornår og kornprodusentane landa på ei snittinntekt per årsverk på 623 900 kroner. Dette er det nest beste resultatet for kornbøndene det siste tiåret, berre slått i 2022. I 2023 var snittinntekta for kornprodusentane negativ.
Snittavlinga av kveite auka med 61 prosent frå 2023, medan prisen på kveite gjekk ned med 14 øre per kilo. Samstundes gjekk kostnadene for kunstgjødsel ned med 18 prosent, medan mange av dei andre kostnadane auka. I snitt har eit kornbruk i driftsgranskingane 0,4 årsverk og eit areal på 456 dekar.
Kombinert svinehald og kornproduksjon hadde om lag same resultat som kornprodusentane med ei jordbruksinntekt på 624 000 kroner. Høge kornavlingar gjorde opp for ei nedgang i inntekt frå husdyrhaldet på 4 prosent.
Mjølkeprodusentar har meir stabil inntekt enn kornprodusentar. I snitt vart jordbruksinntekta for desse produsentane 484 800 kroner per årsverk, ein auke på 45 prosent frå 2023. Prisane på mjølk auka med 43 øre i 2024 og produksjonen auka med gjennomsnittleg 26 000 liter per bruk. I snitt er det 2,2 årsverk per mjølkebruk og bruka har 35 kyr i snitt.
Jordbruksinntekta til sauehald auka med 5 prosent frå 2023. Dei landa på 242 100 kroner per årsverk. Det vart omsett 6 prosent mindre sau- og lammekjøt enn året før. Prisen på lammekjøt auka med kr 1,59 medan prisen på sauekjøt gjekk ned med kr 3,41.
Arbeidsinnsats og andre inntekter
Gjennomsnittleg arbeidsinnsats i jordbruket gjekk opp frå 1,6 årsverk til 1,7 årsverk per bruk etter å ha vore stabil i ei årrekkje. Av dette utgjer innleidd arbeidskraft 0,4 prosent.
– Me ser og at tendensen mot større bruk held fram. I år har gjennomsnittleg areal per bruk auka med 11 dekar frå i fjor, seier Knutsen.
Også bøndene merker dei auka rentekostnadane. Likevel auka gjelda med 7 prosent i snitt per bruk, medan eigenkapitalprosenten vart den same – 54 prosent. Nettoinvestering per bruk auka med 12 prosent samanlikna med året før.
På nesten 80 prosent av bruka som deltar i driftsgranskingane er det registrert ektefelle eller sambuar. Ser man på samla inntekt for familien på bruket, var den, i snitt for alle bruka, på 1,47 millionar i 2024, opp 22 prosent frå 2023. Skogbruket stod for berre 3 prosent av dei samla inntektene, men kan ha stor tyding på enkeltbruk.
Variasjonar mellom landsdelar
Inntektene varierer rundt om i landet.
Austlandet kom best ut i 2024. Særleg kornprodusentane på flatbygdene fekk eit godt resultat. Jordbruksinntekta deira var 815 400 kroner per årsverk. I områda med mindre høvelege driftstilhøve vart snittinntekta per årsverk 377 200 kroner. Dei fleste kornbruk har langt under eitt årsverk. For flatbygdene var arbeidsinnsatsen 0,5 årsverk og for «andre bygder» 0,4 årsverk. Snittinntekta for alle austlandsbønder, på tvers av produksjonar, var på 537 100 kroner. Dei høge kornavlingane slo kraftig ut, sjølv om prisane på korn gjekk noko ned. Bruk med kombinert mjølk og kjøtproduksjon på Austlandet hadde ei inntekt på om lag 480 000 kroner per årsverk.
Jærbøndane hadde i snitt ein jordbruksinntekt på 537 600 kroner per årsverk i 2024. For resten av Rogaland og Agder vart resultatet 477 200 kroner. Begge regionar hadde høge investeringar; over 750 000 kroner per bruk på Jæren. Det er tre gonger så høgt som landssnittet. For resten av dei to fylka låg investeringane på 340 000 kroner per bruk. Snittet for landet var på 257 000 kroner per bruk.
Vestlandet opplevde også ein solid auke frå 2023 og fekk ei jordbruksinntekt på 453 100 kroner per årsverk. Auken i jordbruksinntekta for Vestlandet skuldast i hovudsak auka prisar og auka produksjon kombinert med moderat kostnadsutvikling. Økte tilskot var også eit viktig bidrag. Auke i rentekostnader på 24 prosent og auka arbeidsinnsats med 2 prosent, svekka resultatet. Investeringane per bruk var ein del lågare enn snittet for landet.
I Trøndelag auka jordbruksinntekta med 46 prosent frå 2023 og nådde 488 200 kroner per årsverk. Dette var noko lågare enn rekordåret 2022. Mjølkeprodusentane i Trøndelag fekk ein oppgang på 55 prosent frå 2023 og 9 prosent i forhold til 2022 og landa på ei inntekt per årsverk på 500 000 kroner. Det har vore betydeleg auke i utgifter også i 2024.
I Nord-Noreg auka jordbruksinntekta med 38 prosent til 487 000 kroner per årsverk frå 2023, som var eit dårleg år i nord også. Auka frå 2022 var på 9 prosent. Gjennomsnittsbonden i nord hadde 144 100 kroner høgare driftsoverskot per bruk enn gjennomsnittet for landet, men fordi arbeidsforbruket per bruk er merkbart høgare, vart resultatet likevel lågare.
– Sjølv om me ser ein positiv trend for dei fleste driftsformer og landsdelar i 2024, er det viktig å hugsa på dei store svingingane me har sett dei siste åra. Frå toppåret 2022, ned til botnen i 2023, og no opp att i 2024. Slike svingingar gjer det krevjande å driva langsiktig planlegging, avsluttar Knutsen.
KONTAKTPERSON
Om driftsgranskingane
Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei årleg rekneskapsundersøking som har vorte gjennomført heilt sidan 1911. For 2024 omfatta undersøkinga 932 gardsbruk over heile landet. Bruka er strategisk valde ut for å representera ulike landsdelar, storleiksgrupper og driftsformer.
Dei siste åra har det vore store diskusjonar om korleis ein skal måle jordbruksinntekta. I dei resultata som er presenterte her, er det løn til alt arbeid og rente på eigenkapital per årsverk som er nytta. Det resultatmålet som Budsjettnemnda for jordbruket har nytta dei siste to åra, årsresultat per familieårsverk, ligg nær det resultatmålet som i driftsgranskingane er kalla vederlag til familiens arbeid og eigenkapital. I 2024 låg det 7 100 kroner over det resultatmålet som vert nytta i driftsgranskingane.
Les meir på nibio.no/driftsgranskingar
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.