Hopp til hovedinnholdet

Bærbonde driv urban gard på bygda i Hardanger

DSCF2220_cropped2

Anne Lise Breievne er ein av deltakarane i prosjektet Urban Farms. Garden hennar ligg på Omastrand i Hardanger. Her dyrkar ho jordbær, bringebær, blåbær, solbær, plommer, pærer og eple. Foto: Kjersti Kildahl

Urbant landbruk er ikkje berre noko byfolk driv med i pallekassar eller parsellar på fritida. Bønder på bygda i bynære strok kan og tilhøyre urban matproduksjon.

No vil forskarane undersøke, og gi råd, om korleis gardbrukarar i køyreavstand frå byen kan auke verdien av eigen produksjon ved å utnytte bymarknaden meir. 

 

Nyttig kunnskapsdeling

Anne Lise Breievne er ein av deltakarane i prosjektet Urban Farms. Garden hennar ligg i Hardanger, vel 1,5 time å køyre frå Bergen.  Her dyrkar ho jordbær, bringebær, blåbær, solbær, plommer, pærer og eple.

– Vi drar nytte av bymarknaden gjennom direktesal via sjølvplukk og sal i REKO-ringar i tillegg til  direkte sal til butikkar og restaurantar, fortel Breievne om kva som kvalifiserte for å delta i prosjektet.

– Eg fekk bli med i eit lærerikt prosjekt og eit fagleg fellesskap. Det har så langt vore både interessant og litt krevjande.

 

Urbant landbruk i medvind

I mange tiår har urbant landbruk levd eit stille liv som byaktivitet for spesielt interesserte. Endringa frå byfenomen til bevegelse har vore nærast eksplosiv, ifølgje NIBIO-forskar og prosjektleiar Sebastian Eiter. Han har i snart ti år forska på urbant landbruk og følgd utviklinga.

– Jordbruk vart lenge sett på som ein rural aktivitet. Bynært jordbruk var mest interessant som areal med potensial for utbygging, seier Eiter.

Seinare har globale utfordringar knytt til urbanisering, matproduksjon og matforsyning ført til at berekraftig utvikling er einaste vegen å gå.

På få år er urbant landbruk blitt ein del av den overordna by- og landbrukspolitikken. Ein har erfart at verdien av urbant landbruk er større enn matproduksjon aleine. Levande byrom, sosialt nettverk og betre helse er blant effektane.

IMG_5743_Sebastian Eiter_Foto Kjersti Kildahl.JPG
Forskar og prosjektleiar Sebastian Eiter. Foto: Kjersti Kildahl

Politisk intensjon treng handling

– No må politisk intensjon følgjast opp med konkret handling der landbruket sjølv deltar, kommenterer Eiter.

Han seier målet med UrbanFarms ikkje primært er å finne opp noko nytt, men å vere ein arena der deltakarane kan lære av kvarandre og bli inspirert.

– Forskarane si oppgåve er å samle inn og sette saman kunnskapen som alt finst. Saman med bøndene vil vi finna ut korleis den kan omsettast positivt for drifta på gardane. 

Hittil er innsamla materiale brukt til å undersøke kor deltakarane er med omsyn til berekraftig drift når ein samanliknar med måltal på området ‘berekraft.’ Resultata kjem tidleg i haust.

 

Sirkulær forretningsdrift

Frukt- og bærbonden Breievne deler prosjekttanken om å ta vare på ressursane gjennom heile produksjonskjeda.

Sjølv har ho utvikla tilbodet sitt frå kun konsumsal til å bruke uselde bær i produksjon av eigne varer for å minimere svinn. Saft, syltetøy og gelé blir seld under eige merkenamn. Siste tilskot i produktlinja er eddik med bærsmak:

– Eg kunne ikkje berre kaste bærrestane etter saftpressinga. Dei måtte kunne nyttast til noko. Eddiken er blitt svært populær. 

 

Ønskjer meir besøk på garden

No ønskjer ho at kundane i større grad skal oppsøke garden for sjølvplukk, henting av ferdig hausta bær eller gardsopplevingar.

– Eg ser det som vinn-vinn. Kundane får ein bonus når dei opplever garden, og vi sparer pakking, mellomlagring og transport. 

Nytt tilbod av året er gardsbesøk retta mot småbarnsfamiliar og ‘glamping.’ Ein stor lavvo og eit svevetelt er installerte i utkanten av frukthagen med tilgang til fjordbad og kajakk. 

 – Gjestene er begeistra. Eg har stor tru på å utvikle desse konsepta vidare, kvitterer den driftige bonden på Breievne. 

IMG_8454_cropped.jpeg
Eli og Stein Erik Mæhlum tok turen frå Bergen for å plukke bringebær, etter eit Facebook-tips. - Hadde vi visst om lavvoen til gjestebruk, ville vi hatt med tannbørste og blitt over natta. Foto: Kjersti Kildahl
Anne Lise Breievne_IMG_8303.jpeg
– Er det ikkje fantastisk! Hageblåbæra bugnar i år. Dei har lang sesong, frå tidleg august til godt ut i september. Anne Lise Breievne seier blåbæra er ideelle for REKO-ringsal fordi dei tåler godt pakking, transport og mellomlagring. Foto: Kjersti Kildahl
IMG_8431.jpeg
Saft, syltetøy, gelé og eddik produsert på garden, klare for sal. Sal skjer ‘analogt’ eller via nettbutikken som Breievne eig og driv saman med fleire småskala-bønder i distriktet. Foto: Kjersti Kildahl
Fakta om REKO-ringar

Ein REKO-ring er ein salskanal der lokale matprodusentar og forbrukarar møtest – digitalt og analogt: Annonsering og bestilling skjer via lokale Facebook-grupper der kundane bestiller varer. Varene blir utleverte på fast stad i nærområdet til avtalt tid.

REKO betyr REttferdig KOnsum og er eit handelsfenomen grunnlagt i Finland i 2013. Produsenten beheld 100 prosent av salssummen.

 

Kjelder: REKO Norge og Norsk Bonde- og Småbrukarlag

DSCF2050_justert.jpg
Godt frammmøte på ein tysdag ettermiddag i REKO-ring Fana, Bergen. Kjøt- og mjølkebonde Lars Selheim frå Voss seier REKO-ringar er ein viktig salskanal. – Noko administrasjon blir det, men ikkje meir enn at det går greit når ein får rutine på det. Da veit vi jo og kva vi sit igjen med. Han meiner REKO-ringar bør bli breiare kjent og slår eit slag for at produsentane går saman om felles marknadsføring. Foto: Kjersti Kildahl

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.