Uvanleg mange nematodeangrep i årets korn
Forskar i NIBIO, Marit Skuterød Vennatrø og rådgjevar i NLR, Ingvild Evju, melder om mykje teikn på nematodar i årets korn. Foto: Erling Fløistad
I år er det registrert fleire angrep av nematodar i korn som kan gi store skader på årets avlingar. Nøkkelen for å sikre framtidig korn er kunnskap om nematodane og gode vekstskifte.
Nematodar er små rundormar som lev i jorda. Dei fleste er heilt uproblematiske, men nokre kan gi store skader på planter. I år melder rådgivarar i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) om fleire og store angrep i årets korn.
– I år har forholda for nematodane vore gunstige. Våren har vore lang og kald, fortel Ingvild Evju som er rådgjevar i NLR i Vestfold og Telemark.
– Det er ikkje noko nytt at me har nematodar her i Vestfold, men det er større angrep i år enn det me har sett før. Dette gjeld også for resten av Austlandet.
Eit godt vekstskifte er nøkkelen
Dei vanlegaste nematodane som gjer skade i korn er korncystenematodar. Hoene kryp inn planterøtene, og suger næring frå planten. Dette reduserer evna plantane har til å ta opp næring, røtene blir buskete, og veksten blir hemma.
– Angrep kan gi flekker i åkeren med gulna planter og dårleg vekst. Den dårlege etableringa gjer også at ugraset får betre forhold, forklarer Marit Skuterud Vennatrø. Ho forskar på nematodar i NIBIO.
– Fordi symptoma kan likne på andre agronomiske problem som tørkestress, blir nematodane ofte ikkje oppdaga før skaden har blitt omfattande. Då tek det tid å få ned smitta. Derfor er førebygging eit av dei viktigaste verktøya mot nematodane, påpeiker Skuterud Vennatrø.
Korncystenematodane klekker frå egg i jorda om våren. Etter klekking er dei avhengige av å finne rota til ei vertsplante. Dersom det ikkje finst slike planter i nærleiken, vil nematoden døy. Derfor vil det bli færre nematodar for kvart år som går utan tilgang på vertsplanter.
– Derfor er eit godt vekstskifte, fritt for vertsplanter til nematodane, heilt sentralt, seier Skuterud Vennatrø.
– I tillegg er det viktig å ha god kontroll på ugraset. Fleire ugrasarter er vertsplanter for korncystenematodar, og kan halde populasjonen oppe, også i eit elles godt vekstskifte, fortset forskaren.
Eit godt vekstskifte er også rådet Evju gir til bøndene som har fått store angrep.
– Det er lite dei kan gjere med problemet i år. Det finst ingen kjemiske middel mot nematodar, og mange bønder kan få store økonomiske tap. Løysinga blir å legge opp ein god plan for åra framover, og velje planter i vekstskiftet som kan redusera bestanden av nematodar.
Artskunnskap er viktig for å velje vekstskifte
Det er ikkje alltid heilt enkelt å lage eit vekstskifte som vil redusere mengden av nematodar. Det finst fleire ulike nematodar, og desse kan ha ulike vertsplanter.
For å gjere det lettare å lage eit godt vekstskifte har Skuterud Vennatrø vore med på å utvikle det digitale verktøyet Best4Soil. Verktøyet gir informasjon om kor stor skade ulike kulturplanter kan få ved angrep av ulike nematodar, og om dei er med å oppformeire nematodane. Då er det viktig å vite kva nematodeart som skal handterast. Ulike nematodar har ulike vertsplanter, og dette speler inn på korleis eit godt vekstskifte ser ut.
– For å kunne setje opp rett vekstskifte kan det difor være nyttig å ta ein jordprøve for å bestemme kva nematodar som finst i åkeren, utdjupar Skuterud Vennatrø.
Kan gi mindre kveite i åra framover
Tilbake i Vestfold forklarer Evju at nematodane kan avgrense kor mykje kveite som blir produsert i dei neste åra.
– Her i området er det gode forhold for å produsere kveite, men det finst ingen sorter av kveite som ikkje oppformeirar korncystenematodane, forklarer rådgivaren.
Det finst nokre byggsortar som er motstandsdyktige og som kan inngå i eit godt vekstskifte.
– Konsekvensen kan bli at det dei neste åra blir produsert mindre kveite, og meir bygg. Derfor hadde det vore fint om det i framtida fantes kveitesortar som var motstandsdyktige mot korncystenematodar, avsluttar Evju.
KONTAKTPERSON
Marit Skuterud Vennatrø
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 918 16 986 marit.vennatro@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
KONTAKTPERSON
Marit Skuterud Vennatrø
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 918 16 986 marit.vennatro@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.