Hopp til hovedinnholdet

Tre nasjonale klonbankar skal sikra norske matgen for framtida

20251013-20251013-DSCF2855_RVP

På Ås blir dei gamle potetsortane tatt vare på i reagensrøyr. Foto: Ragnar Våga Pedersen

Alle land er opptekne av økonomi og korleis det går med dei store bankane. Genbankane rundt om i verda får mykje mindre merksemd. Likevel har bevaring av genmateriale frå matvekstar kanskje enno større tyding for framtida enn pengar. Nyleg har Noreg fått tre nasjonale klonbankar som skal sikra norsk genmateriale og dermed norsk matsikkerheit.

Utan mat og drikke duger helten ikkje, uansett kor rik han er. Og utan at me tar vare på det genetiske mangfaldet til matvekstane, kan verdas matproduksjon verta truga. Difor er bevaring av genetisk mangfald ein viktig del av FNs berekraftsmål. Det er og inngått fleire internasjonale avtalar som Noreg har forplikta seg til å følgja opp.

– Alle land er avhengige av genressursar frå matplanter i andre land, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.

– Difor er internasjonalt samarbeid viktig. Dette er også nyttig for Noreg, når vi skal foredle fram sortar som er tilpassa klimaet vårt.

– Dei fleste nasjonar har forplikta seg til å ta vare på genmangfaldet innan matvekstar som er særskilde for deira land. Vi jobbar jamt og trutt for å sikra det norske bevaringsarbeidet, og det siste vi har gjort er å etablera tre nye klonbankar for høvesvis potet, einskilde grønsaker og urter samt frukt og bær, forklarar Sandtrøen.

Nasjonal klonbank for potet ved NIBIO på Ås sikrar og bevarer 160 unike potetsortar for framtida. Her vert friskt plantemateriale reinska, dokumentert og gjort tilgjengeleg for forsking, foredling og landbruk. Klonbanken vart lansert i november, 2025. Zhibo Hamborg er ansvarleg for arkivet med støtte frå seniorforskar Dag Ragnar Blystad. Foto: Ragnar Våga Pedersen

Klonbankar for gamle sortar

Dei tre nasjonale klonbankane vart lanserte i 2025 og 2026. NIBIO Ås har fått hovudansvaret for potet. NIBIO Landvik og NIBIO Apelsvoll skal ta vare på klonar av ei rekkje grønsaker og urter, medan Njøs frukt- og bærsenter har fått ansvar for hovudsamlingane av frukttre og bærbuskar.

– Det finst totalt 27 ulike klonsamlingar i Noreg, seier Linn Borgen Nilsen som er leiar for Norsk genressurssenter.

– 25 av dei er levande plantesamlingar. Dei finst hos Norges miljø- og bioviteskapelege universitet (NMBU) på Ås, ved fleire av NIBIO sine forsøksgardar, hos Sagaplant i Midt-Telemark, ved Njøs frukt- og bærsenter i Leikanger, samt i ulike botaniske hagar, museum og bygdetun. Mange av desse vil framleis spela ei viktig rolle i bevaringssystemet.

– Det som er nytt med etableringa av dei tre nasjonale klonbankane,  er at vi no får ei tydelegare ansvarsfordeling og ei styrking av bevaringsarbeidet generelt.

Målet er at dei tre klonbankane skal sørgja for at samlingane er sikra og at plantematerialet held seg så friskt som mogleg. Klonbankane skal òg etablera samarbeid med andre aktørar, slik at det finst «backup» av alle sortar på minst ein annan stad. Eit anna viktig mål er at friskt plantemateriale vert meir tilgjengeleg for forsking og foredling, men òg for undervisning og hobbydyrking.

I januar 2026 var deltakarar frå mange ulike miljø innafor bevaringsarbeidet samla på Njøs frukt- og bærsenter på Leikanger ved lanseringa av den nye nasjonale klonbanken for frukt og bær. Ordførar i Sogndal, Stig Ove Ølmheim, klippa den epledekorerte snora. Frå venstre: Linn Borgen Nilsen, leiar for Norsk genressurssenter, NIBIO; Stig Ove Ølmheim, ordførar, Sogndal; Liv Hatleli Gilpin, leiar for Njøs frukt- og bærsenter og klonbank for frukt og bær og Svanhild Isabelle Batta Torheim, leiar for arbeidet med genressursar, LMD. Foto: Hege Ulfeng

Bruk av gamle sortar

Eplesorten ‘Senit’ er eit døme på kvifor det er viktig å bevara gamle sortar. Ho er ei kryssing av den moderne tsjekkiske sorten ‘Rubinstep’ og den norske sorten ‘Martaeple’, der sistnemnde har dei gamle sortane ‘Torstein’ og ‘Lærdalseple’ som foreldre.

– ‘Senit’ er eit sprøtt og saftig eple som vart utvikla på Njøs frukt- og bærsenter og lansert i 2023. Ein viktig grunn til at ‘Martaeple’ vart brukt som foreldresort i kryssing, var at den viste seg å vera sterk mot sjukdomen epleskurv, fortel Dag Røen som jobbar med sortsutvikling ved Njøs frukt- og bærsenter på oppdrag frå Graminor.

Det er også stor interesse for eldre sortar blant hageentusiastar og hobbydyrkarar. Foreininga KVANN fungerer i dag som eit bindeledd mellom dei nasjonale klonbankane og privatpersonar og deler friskt plantemateriale vidare. Dette er viktig for å halda dei gamle sortane i aktiv bruk. Det gir ny kunnskap og gjer at vi tar vare på ein levande kulturarv.

Torstein er ein gammal eplesort som har vorte dyrka lenge i Noreg og framleis finst i mange private hagar. Foto: Finn Måge
Torstein er ein gammal eplesort som har vorte dyrka lenge i Noreg og framleis finst i mange private hagar. Foto: Finn Måge

Frø eller klon – ulike metodar for genbevaring

Matvekstar vert formeira med frø eller ved såkalla vegetativ formeiring, der ein nyttar ein del av planta for å laga nye plantar, til dømes ved poding av frukttre. Vegetativ formeiring kan òg skje ved cellekultur i laboratorium. Dei nye plantene vert genetisk like morplanta – såkalla klonar.

Frø er forholdsvis lett å ta vare på. Genbankane plantar og haustar nye frø jamleg for lagring. Frø frå enkelte planter kan vera spiredyktige i fleire hundre år. I Svalbard globale frøhvelv vert «backup» av frø frå heile verda lagra for framtida. Mange norske frø vert òg oppbevarte gjennom eit nordisk samarbeid, NordGen, med ein stor frøbank i Alnarp i Sverige.

– Det er meir krevjande å ta vare på matvekstar som må formeirast vegetativt, som frukttre, bærbuskar, potet og einskilde grønsaker og urter. Desse må enten haldast som levande planter i felt eller bevarast ved hjelp av metodar som in vitro- og kryokonservering, forklarar Borgen Nilsen.

– I Noreg blir det meste av det klonformerte plantematerialet tatt vare på ute i felt. Då er god plantehelse heilt avgjerande. Utan det kan vi både mista verdifullt materiale i genbanken, og i verste fall risikera at sjukdommar og skadegjerarar spreier seg frå plantesamlingane til område der det blir dyrka mat, utdjupar ho.

Den nye organiseringa med klonbankar som tar hovudansvar for kvar plantegruppe vil gjera det lettare å løysa både denne og andre utfordringar i bevaringsarbeidet.

I desember 2025 vart NIBIO Landvik lansert som nasjonal klonbank for grønsaker. Lars T. Havstad blir hovudansvarleg for det breie mangfaldet av klonformerte grønsaker og urter i levande samlingar. Klonbanken omfattar òg urtesamlinga ved NIBIO Apelsvoll. Saman legg desse to lokasjonane grunnlaget for trygg tilgang til friskt plantemateriale. Foto: Frøydis S. Solheim

Genbank og klonbank

Det finst fleire måtar å ta vare på genetisk materiale frå matplantar på. Genbank er eit samleomgrep medan klonbankar er ein variant. Genbankar sikrar genetiske ressursar for forsking, foredling og framtidig produksjon.

Klonbank:

  • Lagrar levande plantar som er genetisk identiske kopiar (klonar).
  • Brukast for plantar som ikkje kan lagrast som frø, til dømes frukttre, bærbuskar og potet.
  • Plantene kan formeira seg ved poding, stiklingar eller cellekultur.

Genetiske ressursar under press

Genmangfaldet i matvekstar har falt dramatisk sidan den grøne revolusjonen. FAOs tredje globale statusrapport om plantegenetiske ressursar for mat og landbruk (FAO, 2025) understreka kor alvorleg situasjonen er. I følgje rapporten er verdas matsystem no sterkt konsentrert rundt eit fåtal vekstar, noko som aukar sårbarheita for klimaendringar, skadedyr og sjukdomar. At mange genetiske ressursar er i ferd med å forsvinna frå både jordbruket og naturen, svekker grunnlaget for framtidig planteforedling og truar på lang sikt matsikkerheita.

I Noreg er LMD overordna myndigheit for bevaringsarbeidet, Landbruksdirektoratet har administrativt ansvar og Norsk genressurssenter i NIBIO har fagleg ansvar.

Plantetraktaten frå 2004

Den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og landbruk er ein global, juridisk bindande avtale som skal sikra bevaring og berekraftig bruk av plantegenetiske ressursar for mat og landbruk, samtidig som fordelane frå bruken av desse ressursane vert delt rettferdig.

Plantetraktaten har etablert eit multilateralt system som gir alle landene tilgang til genetisk material frå 64 viktige mat- og fôrvekstar i offentleg domene, og anerkjenner bønders rettigheiter som ein sentral del av arbeidet for matsikkerheit og genetisk mangfald.

Jordskokk er ein grønsak som vert formeira vegetativt. På NIBIO Landvik har dei ei samling av fleire gamle sortar. Foto: Lars T. Havstad
Jordskokk er ein grønsak som vert formeira vegetativt. På NIBIO Landvik har dei ei samling av fleire gamle sortar. Foto: Lars T. Havstad
Njøs frukt- og bærsenter er nasjonalt foredlingssenter for norske frukt- og bærsortar, og utfører oppdraget for Graminor. Her blir også levande plantemateriale frå 284 unike sortar av frukt og bær tatt vare på i felt. Foto: Hege Ulfeng

Ved Njøs frukt- og bærsenter har dei og ei samling med gamle sortar av bærbuskar, mellom anna bringbær. Foto: Njøs frukt- og bærsenter
Ved Njøs frukt- og bærsenter har dei og ei samling med gamle sortar av bærbuskar, mellom anna bringbær. Foto: Njøs frukt- og bærsenter

​ ​

Jøssing er ein halvsein matpotetsort foredla fram ved NLH. Sorten blei dyrka allereie under krigen, men blei ikkje godkjent før i 1945 og fekk då namn etter heiderstittelen på gode motstandsfolk i krigsåra. Sorten blei dyrka mye på Austlandet og i Trøndelag i nokre tiår etter krigen. I 1981 blei den tatt ut av Norsk sortsliste. Foto: Åsmund Aasdal

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.