Hopp til hovedinnholdet

Hormon frå frøa avgjer om epletreet ber frukt neste år

heul_20260629-DSC05218

Harald Alvavoll er ein av dei største fruktbøndene i Hardanger. Han har både eple, pære, plomme og morell. Her er han i gang med plommetynning. Foto: Hege Ulfeng

Nokre epletre gir berre god avling annakvart år. Forskarar i NIBIO forklarer dette med hormonelle signal frå frøa i utviklande eple, og peikar på tynning som det viktigaste tiltaket for å unngå vekselbering.

Har du eit epletre i hagen som berre gir frukt annakvart år? Då har du nok ein sort med tendens til det me kallar for vekselbering. Dei får masse blomar og stor avling eitt år, for så å ha inga eller berre lite frukt året etter.

Men kvifor er det slik? Ifølgje NIBIO-forskar Darius Kviklys ligg svaret i hormona som blir produserte i frøa i dei utviklande epla. Meir om det seinare.

 

Tynning: naudsynt, men arbeidsamt 

Harald Alvavoll er fruktbonde på Lofthus i Hardanger og driv om lag 100 dekar med eple, pære, plomme og morell. På garden hans har sesongarbeidarar vore i gong med tynning i fleire veker allereie.

Tynning er det viktigaste tiltaket for å unngå vekselbering. Det betyr at ein fjernar ein del av dei unge fruktene (eller blomane). Målet er å tilpassa  talet på frukter til bereevna til treet. 

– I år ser det ut som det vert litt mindre manuelt tynnearbeid enn i fjor, fortel Alvavoll.

– Tynning er likevel heilt naudsynt for å unngå vekselbering. Det vert håplaust å leva av dette om ein ikkje har en nokon lunde jamn, årleg avling, understrekar han.

Han fortel vidare at epletre oftast set større avling enn det trea toler. Om ein ikkje tynnar, vert trea svekka. Epla vert dessutan små, underutvikla og ofte ikkje søte nok. Samstundes er manuell tynning svært arbeidskrevjande, og tid er pengar for ein fruktbonde.

– Allereie når me skal skjera trea om vinteren, er avlingsreduksjon noko me tar omsyn til, seier han.

– I bløminga nyttar me mekanisk tynning og sprøytetynning med eit ufarleg middel som skadar ein del av blomane. Det sparar tid. Likevel må me nesten alltid gå over manuelt for å justera og få jamn årleg avling, fortel fruktbonden.

Norsk fruktdyrking er heilt avhengig av utanlandsk arbeidkraft. Chis, Joel og Ronald har kome heilt frå Filippinene for å jobba med frukt i Noreg. Dei siste vekene har det vore tynning som har stått på programmet. Foto: Hege Ulfeng
Norsk fruktdyrking er heilt avhengig av utanlandsk arbeidkraft. Chis, Joel og Ronald har kome heilt frå Filippinene for å jobba med frukt i Noreg. Dei siste vekene har det vore tynning som har stått på programmet. Foto: Hege Ulfeng

 

Vekselbering er sortsavhengig

NIBIO-forskar Darius Kviklys har i mange år vore oppteken av samanhengen mellom tynning og vekselbering. Nokre sortar har  sterkare tendens til vekselbering enn andre. Målet hans er å finna fram til gode dyrkingsråd som dempar vekselberinga.

– Tynning er nøkkelen til suksess. Ein må tilpassa tynninga til kvar enkelt sort for å få stabil avling, tidleg modning, god kvalitet og god bløming frå år til år, seier Kviklys.

Om sommaren har frukttre fleire viktige oppgåver. Dei skal veksa, bera fram frukt og samstundes anleggja frukt og bladknoppar for året etter. I tre med mange kart og mange frø som får veksa, produserer frøa hormon som påverkar utviklinga av neste års blomeknoppar. Når treet har mange frø under utvikling, er årets reproduksjon sikra. Då vil treet heller satsa på bladknoppar og vekst for året etter.

– Ein må passa på at totalavlinga ikkje vert for stor. I hovudsak gjeld det å tynna til ein frukt per klase i riktberande sortar. I tillegg bør det vera 15 centimeter mellom epla. Færre og større eple er betre enn fleire og mindre frukter, sjølv ved same totalavling. Samstundes må bøndene passa på at epla verken vert for store eller for små, men held seg innafor dei kriteria som fruktlagera har bestemt, forklarar Kviklys.

Dei siste åra har Kviklys jobba mykje med to nye sortar på den norske marknaden, Eden og Fryd. Begge sortane har sterk tendens til vekselbering, noko som har gitt fruktbønder utfordringar. For desse sortane er det viktig å fylgja alle råda over nøye om ein skal lukkast. Til venstre: Eden før tynning (for mange eple). Til høgre: Eden etter tynning (optimalt tal på eple). Foto: Hege Ulfeng
Dei siste åra har Kviklys jobba mykje med to nye sortar på den norske marknaden, Eden og Fryd. Begge sortane har sterk tendens til vekselbering, noko som har gitt fruktbønder utfordringar. For desse sortane er det viktig å fylgja alle råda over nøye om ein skal lukkast. Til venstre: Eden før tynning (for mange eple). Til høgre: Eden etter tynning (optimalt tal på eple). Foto: Hege Ulfeng

 

– Ein må dessutan tilpassa fruktmengd til alder på treet. Ein kan auka avlinga etter kvart som treet veks. Høg avling på unge tre, fører til vekselbering. Fire til fem år etter planting, kan dei tola større avlingar, forklarar Kviklys.

For sortar med sterk tendens til vekselbering, forklarar Kviklys at det er viktig å tynna tidleg for å få  full effekt. Aller best er det å tynna allereie under bløming. Seinare tynning gjer at ein må tynna hardare for å unngå avlingsnedgang året etter. Det vil redusera avlinga også inneverande år.

– Sist, men ikkje minst, er det viktig å halda trea i god vekst. Rett gjødsling, vatning og plantevern, gir sterke og friske tre. Då toler trea også større avlingar, avsluttar Kviklys.

Før og etter tynning i eple. God avstand mellom kartane gir kvar kart nok næring og sukker samstundes som treet vil setja nok blomeknopp for året etter. Foto: Hege Ulfeng
Før og etter tynning i eple. God avstand mellom kartane gir kvar kart nok næring og sukker samstundes som treet vil setja nok blomeknopp for året etter. Foto: Hege Ulfeng
KONTAKTPERSON
Slik tynnar du frukttre

Rett tynning er veldig avhengig av kva sort eple ein har. Nokre sortar treng lite tynning og har lite tendens til vekselbering, medan andre kan setja veldig mykje kart og må tynnast hardt. Tynning er og viktig i mange plomme- og pæresortar. Her er nokre generelle råd:

  1. For sortar som har tendens til vekselbering og små frukter – tynn til eitt eple per klase og ta vare på karten midt i klasane. I tillegg bør avstand mellom epla vera om lag 15 cm (Eden, Fryd, Summered, Elstar og Prins).
  2. For sortar som har tendens til færre eller store frukter, tynn til to eple per klase og ta vekk den midtarste karten i klasen. (Aroma, Gravenstein)
  3. Planlegg total avling per tre ut frå alderen til treet.
  4. Sortar med tendens til vekselbering må tynnast tidleg, helst i blom.
  5. Sørg for at trea vert haldne i god vekst.

Eplegrein med mye blom. Ein del av blomane og småkarten faller av av seg sjølv, det såkalla junifallet, men særskilt i riktberande sortar, må ein likevel tynna. Tynning under bløming har størst effekt. Foto: Hege Ulfeng
Eplegrein med mye blom. Ein del av blomane og småkarten faller av av seg sjølv, det såkalla junifallet, men særskilt i riktberande sortar, må ein likevel tynna. Tynning under bløming har størst effekt. Foto: Hege Ulfeng
Forskar Darius Kviklys ser på resultata av ulik tynning i Raud Aroma. Foto: Hege Ulfeng
Forskar Darius Kviklys ser på resultata av ulik tynning i Raud Aroma. Foto: Hege Ulfeng

 

KONTAKTPERSON

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.