Hopp til hovedinnholdet

Omgraving av myr som dyrkings- og dreneringsmåte for myr

Omgraving av myr

Omgravd myr

Agronomi

Myr har tradisjonelt vorte dyrka og drenert ved hjelp av systematisk og intensiv grøfting med drensrøyr. I nedbørrike område på Vestlandet og i Nord Norge har det vore utfordrande å få til tilfredsstillande dreneringstilstand over tid på mykje av myrjordsarealet. Med aukande omdanningsgrad av det organiske materialet vert myrjorda vanskelegare å drenere, då mengda av drenerande porar minkar. Sterkt omdanna torvjord (myr) infiltrerer vatn dårleg og har lita bereevne. Jorda er dermed utsett for pakking og vinterskade med låge avlingar som resultat. I dei seinare åra har omgraving og/eller profilering vorte føretrekt ved nydyrking og ved rehabilitering av tidlegare dyrka myr i desse områda. Metoden med omgraving har i ulike regionar vore nytta sidan 80-talet, ofte kombinert med profilering, og med godt resultat. Ved profilering vil ein stor del av vatnet renne av på overflata til opne kanalar rundt arealet som transporterer vekk vatnet. Dersom det er mineralmasse under torva og torvlaget ikkje er for tjukt (<1,5 m) kan ein grave om myra. Omgraving inneber at mineraljord blir lagt som topplag på myra (50-100 cm tjukt) og i skråstilte lag der vatn kan drenere til undergrunnsjorda. Ofte finn ein eit tett lag med aurhelle i overgangen mellom torv og mineralmassen i undergrunnen. Aurhella må brytast for å opne opp for vertikal transport av vatn (Fig 1). Resultat frå feltforsøk i Fræna (Møre og Romsdal) viser at bereevne, dreneringstilstand og engavling aukar etter omgraving av tidlegare grøfta myr. Effekten på avling er størst i våte år og kan vere negativ i svært tørre år, på grunn av mindre plantetilgjengeleg vatn i mineraljordslaget enn i myra.

 

Klimagassutslepp

I tillegg til at omgraving betrar dei agronomiske eigenskapane til jordbruksarealet kan det også ha positiv effekt på utslepp av drivhusgassar. I feltforsøket på næringsfattig grøfta og omgraven myr i Fræna fann ein høge utslepp av metan (CH4) frå grøfta myr, der vasstanden i jorda ofte stod høgt, men ikkje frå omgraven myr. Det var stor produksjon av metan i den nedgravne torva, men konsentrasjonen minka oppover mot jordoverflata. Inkubasjonsforsøk i lab med jordprøver frå ulike sjikt av mineralmassen over torva, viste eit gjennomgåande potensiale for metanoksidasjon.

Målingar av lystgassutslepp viste i same feltforsøk reduserte utslepp frå omgrave areal nokre år, og liten skilnad mellom dreneringsmåtane andre år. Målingar på ugjødsla areal viste alle år svært små lystgassutslepp både på grøfta og omgravd myr. På omgrave areal var det liten skilnad i lystgasskonsentrasjonen mellom dei ulike djupnene i mineraljordslaget før gjødsling, men etter gjødslinga auka konsentrasjonen i øvste sjikt. Dette viser at på næringsfattig myr kjem lystgassutsleppet i all hovudsak frå tilført gjødsel og ikkje frå nedbryting av organisk materiale i myra. Forholda rundt og etter gjødsling er derfor avgjerande for kva slags lystgassutslepp ein får både på omgraven og grøfta myr. Faktorar som påverkar utsleppa er også her mengde og type N-gjødsel, nedbørsmengde, temperatur, dreneringstilstand og pH. Tekstur og fordeling av porestorleik i mineralmassen som blir brukt som dekke over torva er avgjerande for dreneringsgrad og kor utsett massen er for pakking, og dermed også for kor stort lystgassutsleppet blir.

 

Nedbryting av organisk materiale

I forhold til tradisjonell grøfting vil omgraving mest sannsynleg beskytte det organiske materialet betre mot nedbryting. Resultat frå målingar med oksygensensorar i Fræna viser ein svært mykje lågare O2-konsentrasjon i øvre del av omgraven torv enn ved grøfting, der torva ligg heilt opp i dagen. Målingar av CO2-fluks rett etter slått tyder på større respirasjon som følgje av større nedbryting av organisk materiale frå grøfta enn frå omgraven myr. Når mineralmasse som er svært fattig på organisk materiale vert liggande som topplag, kan ein forvente at jordbruksdrift med engdyrking og tilføring av husdyrgjødsel vil føre til ei viss lagring av karbon. Resultat frå analysar av areal som vart omgrave på 80-talet viser ei svak auke i karboninnhald i dei øvre lag i topplaget med mineraljord.

 

Skisse av omgraving2.jpg
Figur 1. Prinsippskisse for omgraving av myr.
DSC_0762_2.jpg
Måling av klimagassutslipp fra omgravd myr.
Fræna- omgravd + kanal.JPG
Omgravd myr.