Grenser og signatur

Kartlaget viser grenser mellom vegetasjonstypar. Signaturen gjev opplysning om vegetasjonstype og eigenskapar som er registrert i tillegg til denne.
Kvar kartfigur i vegetasjonskartet har ein signatur. Signaturen er bygd opp av ein kode for vegetasjonstype og kodar for tilleggsopplysningar. Første tal og bokstav gjev vegetasjonstypen. Etter dette kan det koma ei eller fleire tilleggsopplysningar som gjev informasjon om viktige trekk ved vegetasjonsdekket som ikkje går fram av vegetasjonstypen. Bruken av tilleggssymbol kan vera noko endra gjennom åra.
Mosaikkfigurar er brukt der to vegetasjonstypar opptrer i mosaikk. Dominerande vegetasjonstype kjem først og så ein type 2 om denne dekkjer meir enn 25 % av arealet (Døme: 4b/9c= Blåbærbjørkeskog i mosaikk med grasmyr). Der hovudtype og type nr. 2 har same talkode blir talet sløyfa i signaturen bak skråstreken (Døme: 2c/e = Lavhei i mosaikk med rishei).

Vegetasjonstypar og tilleggssymbol
KONTAKTPERSON

(+47) 406 04 100 gisdrift@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg R9