Hopp til hovedinnholdet

Dekning av vegetasjonskart

Dekning av vegetasjonskart
NIBIOs kartløsning Kilden.

Kartet viser dekning av vegetasjonskart kartlagt etter system for vegetasjonskartlegging på oversiktsnivå, målestokk 1: 20 000 – 50 000 (VK50). Omlag 23000 km² er tilgjengeleg på digital form.

Dekninga av vegetasjonskart er vist i to klassar: Kart som er tilgjengelege i Kilden (grøn farge), og kart som finst på papir eller som manuskart (gul farge). Kartlegginga er gjort etter same system, men kvalitet av kartlegginga, detaljeringsgraden og typebruk kan likevel variere noko. Det er særleg før 1985 at data oftast er veldig grove. I perioden fram til 1998 vart kartlegginga gradvis meir detaljert. Etter 1998 har kartleggingssystem og detaljeringsgrad vore nokolunde stabil.
 
For dei fleste kartleggingsområde er det laga ein rapport som gjev meir utdjupande informasjon om vegetasjonsdekket. Ved å velje info-knappen og trykkje på område kjem lenkje til rapporten fram. Rapportane kan og hentast frå NIBIO sitt publikasjonsarkiv, eller lastast ned frå denne lista:

 

Rapportar frå vegetasjonskartlegging

0.021 MB xlsx