Beitelagskart

Kart over beiteområde, sauetalet i kvart beitelag, dyretettheit, tapsprosent i ulike beitelag. Beitelagskarta byggjer på data frå organisert beitebruk som i 2022 omfattar omlag 74 prosent av sau på utmarksbeite.

Beitelagskart på nett (BLN) byggjer på følgjande datakjelder:

 

Kart over beitelag som er med i Organisert beitebruk - Kartet viser kva område beitelaga normalt nyttar. Ved kartfesting av beitelag i Organisert beitebruk er det valt å leggje den faktiske arealbruken til grunn, og ikkje arealet der beitelaget har stadfesta beiterett. Beitelagskartet kan såleis ikkje brukast som dokumentasjon av beiterett eller fråvær av beitebruksinteresser. Endringar og oppdatering av kartet blir gjort kvart år.

 

Søknadsskjema for Organisert beitebruk- Rapportskjema frå kvart enkelt beitelag om kor mange beitedyr som er sleppt og tapt i beiteområdet for kvar sesong.

 

Knyting mot andre kart og register - Beitelagskart og skjema frå Organisert beitebruk utgjer kjernen i BLN. Kvart beitelag har eit registreringsnummer som gjer det mogeleg å knyte informasjon frå andre register til beitelagskartet. 

 

Temakart - Ulike tema kan visast ut frå beitelagsinformasjonen som er lagt inn. Kart som kan visast er dyrtalet som er sleppt og tapsprosentar for sau og lam, storfe og geit. Temaet ‘Sau per km²‘ viser tal sau og lam per km² tilgjengeleg areal. I tilgjengeleg areal er bre, vatn, tettstad, dyrka mark, bart fjell og blokkmark ikkje med.

 

Beitelagskartet kan òg visast saman med dei andre karta som ligg i Kilden. Vegetasjonskart finst for om lag 10 % av landet og gjev detaljert informasjon om beitekvalitet for storfe og sau. Informasjon om naturgrunnlaget finst òg i arealressurskarta AR5 og AR50.

Tjenester

Beitestatistikk for sau i utmark

Beitestatistikken viser dyretall og tap på utmarksbeite for sau organisert i beitelag under tilskuddsordninga "Organisert beitebruk" (OBB). Dette omfatter om lag 75 prosent av sau sleppt i norsk utmark. Tall vises for hvert år siden 1981 og på tre geografiske nivå. Fra 2002 er det laget kart over områder som beitelaga bruker. Kart for forrige beitesesong ligger på Kilden.

Mer informasjon Til tjenesten
Kilden

Kilden er NIBIOs hovedkartløsning. Her er alle instituttets data samlet på ett sted sammen med et utvalg andre sentrale, nasjonale datasett.

Mer informasjon Til tjenesten
WMS-tjenester

WMS-tjenestene (Web Map Service) kan brukes til å implementere våre karttjenester i egne løsninger.

Mer informasjon