Hopp til hovedinnholdet

Vekstsesongens nedbør

Vekstsesongvarmesum1

Dette kartet viser nedbøren i vekstsesongen for kvart år frå 1981 til 2015 og eit eige kart for medianverdien i samme periode.

Eit sett temakart som karakteriserer vekstsesongen i Noreg er nå tilgjengeleg på kilden.nibio.no. Karta er basert på interpolerte vêrdata i 1x1 km rutenett og vises for område med dyrka og dyrkbar jord. Daglege vêrdata er levert av Meteorologisk institutt for 35-års perioden 1981 til 2015. På bakgrunn av dette datagrunnlaget viser karta vekstsesongens lengde, varmesum og nedbørsmengd og differanse mellom nedbør og potensiell fordamping (vassbalanse) for kvart einskild år i 35 års perioden. For kvart tema er det også laga eit kart som berre viser midtverdien (medianverdien) for vêrdatapunkta i 35-års perioden.

Temakarta er presentert med fargesymbol for klasseverdiar. Det er fleire klasser i kart for årsverdiar enn i kart for medianverdiar sidan variasjonen er større for dei årlege verdiane. 

For å få fram det årstalet ein ønsker å sjå verdiane for, må man gå inn på "Valgte kartlag" i venstremenyen. Her er det ein liten boks til høgre med årstalet 2015. Klikker ein på boksen, kan ein velje eit anna årstal. Sjå figuren nedanfor. 

Tegnforkl_nedbør_år.PNG
Figur 1. Teiknforklaring for kart som viser, nedbør i vekstsesongen, årlege verdiar. Meir informasjon om korleis klasseverdiane er sett finn ein på nettsida som det er lenka til i venstremargen.
Tegnforkl_nedbør_median.PNG
Figur 2. Teiknforklaring for kartet som viser midtverdi (medianverdien) for nedbør i vekstsesongen i perioden 1981-2015. Meir informasjon om korleis klasseverdiane er sett finn ein på nettsida som det er lenka til i venstremargen.

Verdiane for kvar einskild  kilometerrute er vist i objektinformasjonen. Objektinformasjon kjem til syne ved at ein klikkar på ei rute i kartet. Då får ein opp grafar som syner års-verdiar for kvart einskilde år. Midtverdi for 35-års perioden står over kvar graf. Årsverdigrafane gir informasjon om variabilitet i perioden. I tillegg er det laga ei trendlinje. Denne linja er basert på sjuårsgjennomsnitta for åra 1987 til 2015 og gir eit klårare bilete av utviklinga, eller trenden i 35-års perioden.

Objektinfo_nedbør.png
Figur 3. Objektinformasjon som kjem fram ved klikk i kartet. Her får ein sjå dei nøyaktige årsverdiane for kvart tema, medianverdien som står midt over grafen og ei trendlinje.

Basert på vekstsesongkart har det vorte utarbeida statistikk for vekstsesongen i Noreg mellom 1981 og 2015. Statistikken finn du ved å klikke på lenka i venstremargen. 

Forklaring

1) Å interpolere betyr å beregne verdiar som ligg mellom ei serie med kjende verdiar 

2) Karta er bare utvikla for eit utvald område, eit omriss, som inkluderer alt dyrka og dyrkbart areal, men og nokre nærliggande område utan jordbruksareal eller dyrkbar jord.

3) Medianverdi i statistikken er den verdien som ligg midt i det statistiske materialet, altså at like mange individ  i materialet har verdiar over medianen som under den.