Hopp til hovedinnholdet

Stadig nye funn av bakteriesjukdomar på tre

12-31-Fig. 2

Foto: Venche Talgø

Bakteriesjukdomar ser ut til å vere eit aukande problem på tre i Noreg. Det kjem fram i ein ny rapport frå NIBIO om skoghelsetilstanden i landet.

Plantepatogene bakteriar spreiar seg hovudsakeleg med plantemateriale. Difor er den store importen av prydplanter, frukttre og skogplanter svært urovekkjande. Mellom anna vart den frykta plantesjukdomen pærebrann for fyrste gong påvist i profesjonell fruktdyrking her til lands sommaren 2020. 

Pseudomonas syringae er ein annan bakterieart som gjer skade på frukttre, men også angrip treartar i grøntanlegg, skog og naturområde. Til dømes er selje utsett for bakterien, og forskarar frå NIBIO har isolert bakterien i fleire område med sjuke og daude seljetre, frå Trøndelag til Ås. 

– I Noreg har vi registrert mange førekomstar av bakteriesjukdomar på treaktige vekstar. Det har vore mest fokus på infeksjonar på frukttre, men også skogstre er ramma, særleg lauvtre, opplyser forskar Juliana Perminow.

– Vi har hatt eit sterkt importvern i Noreg og veldig god plantehelse. Men næringa har ønskt seg utanlandsk materiale på grunn av sortar med eigenskapar som aukar produktiviteten. Plantehelse har ikkje hatt hovudfokus og styresmaktene har imøtekome næringa og oppheva importforbod av til dømes ungplanter av kjernefrukt og jordbær, seier NIBIO-forskaren.

NIBIO har så langt har hatt få prosjekt innan kartlegging av bakteriesjukdomar på tre, og mange av funna har vorte gjort tilfeldig av interesserte forskarar.

Ho seier at planteprøvar til Planteklinikken kan vera ein viktig kanal for å fanga opp tidlege signal om utbrot, men ofte skal det omfattande skadar til før det vert rapportert.

Aukinga i bakteriesjukdomar bør vere eit stort varsku, meiner NIBIO-forskaren.

– Eg håpar styresmaktene byrjar å sjå at den store importen av planter kan ha drastiske følgjer. Men det er litt seint å oppdage dette no, påpeikar ho.

 

Føremål

Opplyse om funn frå skadeovervakinga i norsk skog.

Finansiering: Landbruks- og matdepartementet LMD