Hopp til hovedinnholdet

Viktig å identifisere ugras tidleg

erfl-20220503-091132_cropped

– Det kan vere ei utfordring å kjenne ugrasartane på smått stadium, som ofte er det stadiet ugras må nedkjempast på i åkeren. Ugrasnøkkel kan hjelpe, seier Wiktoria Kaczmarek-Derda, forskar ved NIBIO. Foto: Erling Fløistad

Det er avgjerande å vite kva slags ugras ein har i åkeren på eit tidleg stadium for å unngå mislukka tiltak med høge kostnadar og skade på miljøet. Ugrasnøkkel kan hjelpe.

«Ukrut forgår ikkje så lett» seier ordtaket. Ugras i landbruket er ei slik utfordring. Nokre gongar er det slik at vi ikkje veit kva slags ugras vi har i åkeren, eller vi treng hjelp til å tilpasse rett tiltak. Veit du ikkje kva du har, kan du heller ikkje avgjere om artane må nedkjempast, kvar og når dei må nedkjempast eller kva slags tiltak som skal settast i verk. Dette kan leie til unødige, mislukka og altfor intensive tiltak med høge kostnader og skadar på miljøet.

erfl-20220503-091309-2.jpg
Riktig identifisering kan vere avgjerande for å minske bruken av plantevernmiddel. Foto: Erling Fløistad

Identifisering ved hjelp av bilete

– Riktig identifisering kan vere avgjerande for å minske bruken av plantevernmiddel. Mange bønder kjenner til kva slags ugrasflora dei har, men det kan vere ei utfordring å kjenne ugrasartane på smått stadium, som ofte er det stadiet ugras må nedkjempast på i åkeren, seier Wiktoria Kaczmarek-Derda, forskar ved NIBIO.

Ved ugrasnedkjemping er vanlege plantenøklar t.d. Lids flora ofte ikkje tilstrekkeleg fordi dei berre identifiserer fullvaksne planter med blomar.

– Men i landbruket er det viktig å påvise ugraset på eit tidleg utviklingsstadium, påpeikar forskaren.

Ho har vore med på å utvikle Ugrasnøkkel, eit moderne nettbasert verktøy integrert i tenesta Plantevernleksikonet. Ugrasnøkkel skal hjelpe dyrkarar av korn og andre «open åker»-kulturar med rask og tidleg identifisering av ugras gjennom bilete i ulike utviklingstrinn. Verktøyet er gratis og kan brukast på datamaskin og mobil (iPhone og Android).

Ugrasnøkkel er tilpassa norske tilhøve og designa for å identifisere ugras i åker ved å vise bilete av dei typiske eigenskapane som karakteriserer kvart enkelt ugras. Ugrasnøkkel inneheld både bilete av dei mest problematiske ugrasa og litt mindre vanlege artar frå frøbladstadiet til blomstringsstadiet.

Ugrasnøkkel-Skjermbilde.PNG
Ugrasnøkkel er eit nettbasert moderne verktøy integrert i tenesta Plantevernleksikonet. Verktøyet er gratis og kan brukast på datamaskin og mobil (iPhone og Android). Frå Ugrasnøkkel kan ein enkelt kome via lenke til VIPS-ugras 2.0, for hjelp til vurdering av blandingar og doser av plantevernmiddel under ulike vekstforhold.

40 artar

– Du finn detaljar om rundt 40 ugrasartar gruppert etter tal på frøblad i spiringsfasen. Det er laga skildringar av kjenneteikna til kvar art, og desse vises når du klikkar på kvart bilete, seier Kaczmarek-Derda.

På grunn av den store mengda tofrøblada arter, blei det lagt til ein filtreringsfunksjon for raskare identifikasjon. Filtreringa er basert på dei mest karakteristiske eigenskapane på tidlege stadium.

Frå Ugrasnøkkel kan ein enkelt kome via lenke til VIPS-ugras 2.0, som er eit godt hjelpemiddel i vurdering av blandingar og doser av plantevernmiddel under ulike vekstforhold.

 

Ulike nedkjempingstidspunkt

Når du har identifisert ugraset, kan du velgje ein kontrollmetode.

Det er ein fordel om du har tilgang til fleire døme på ugraset fordi det vil gi sikrare identifisering. Tidleg identifisering av einfrøblada-ugras er best å gjere når det har 2-3 varige blader. Nedkjemping vert vanlegvis utført når dei 2-4 første blada spirer frå frø. Hos tofrøblada-ugras bør ein utføre tiltak så tidleg som mogleg, enten på frøbladstadiet eller når dei 2-4 første blada har kome, seier NIBIO-forskaren.

Fleirårige ugras som spirar frå røter og jordstenglar bør ofte nedkjempast til andre tider og når dei har nådd eit visst stadium. Til dømes bør ein art som kveke ha minst 3-4 fullt utvikla blad,  gjerne meir, mens åkertistel bør har store bladrosettar ved nedkjemping.

Ugrasnøkkel er lansert og ligg under Plantevernleksikonet: 
https://www.plantevernleksikonet.no/ugrasnokkel/.

12.jpg
Cirarv-02.jpg
Åkertistel (Cirsium arvense). Foto: NIBIO
E-repens-02.jpg
Fleirårige ugras som spirar frå røter og jordstenglar bør ofte nedkjempast til andre tider og når dei har nådd eit visst stadium. Til dømes bør ein art som kveke (Elytrigia repens) (bildet) ha minst 3-4 fullt utvikla blad - gjerne meir, mens åkertistel bør har store bladrosettar ved nedkjemping. Foto: NIBIO

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.