Nyttesopp som bodyguard i jordbærplanter

IMG_9889_cropped

Phd-student Fernanda Canassa (t.v.) med medstudentar og ein lokal jordbærbonde i Brasil. Canassa seier dei hadde svært gode resultat med nyttesopp på den eine jordbærsorten dei testa i felt. Foto: Fernanda Canassa, São Paulo University.

Forskarar har funne ein nyttesopp som fungerer som ein bodyguard i jordbærplanter. Forsøk viser at den beskyttar mot skadedyr og antakeleg også plantesjukdomar - og er med på å auke plantevekst.

I samband med prosjektet SMARTCROP har forskarar tilknytt NIBIO, København Universitet og landbruksfakultetet ved São Paulo University (ESALQ-USP) i Brasil utført ei rekke forsøk på jordbær og bruk av nyttesopp, der dei utviklar innovative metodar, teknikkar og verkemiddel for integrert plantevern (IPV) som kan auke bærekraftig matvareproduksjon.

Ved å dyppe røtene til jordbærplanter i ei løysing med utvalde isolat av nyttesoppene Metarhizium robertsii og Beauveria bassiana, viste det seg at plantane blei meir motstandsdyktige mot angrep av skadegjerarar og antakeleg også sjukdom. Dessutan veks plantane betre. Forsøka blei gjort i laboratoriet, i veksthus og i felt.

A conventional strawberry field in Minas Gerais in Brazil Photo Ingeborg Klingen_cropped
Jordbærfelt i Minais Gerais i Brasil. Foto: Ingeborg Klingen.

Går inn i planta

- Desse nyttesoppane tilhøyrar ei gruppe som vi på norsk kallar putesoppar. Tidlegare blei dei primært sprøyta på plantene sitt bladverk som eit slags mikrobiologisk  plantevernmiddel for å drepe skadedyra direkte. Dette skjedde ved at soppsporane landa på insektet eller midden sin hud, spirte og trengde igjennom huda for deretter å drepe vertdyret innanifrå.

- Fram til no har ein tenkt på desse soppane primært som jordlevande, men gjennom nyare forsking har vi funne ut at soppen også kan leve endofytisk – det vil seie at den lever inne i planta utan å skada ho. Det ser til og med ut til at desse putesoppane fungerer som plantas «bodyguard», seier Ingeborg Klingen, forskingsleiar for avdeling skadedyr og ugras i skog-, jord-, og hagebruk ved NIBIO.

Klingen leier også SMARTCROP, som er eit stort prosjekt finansiert av Noregs Forskingsråd og har 11 nasjonale og 11 internasjonale partnarar.

- I kontrollerte laboratorieforsøk med bønner, som blei utført ved København Universitet, viste det seg at soppene hindrar angrep av skadegjerarar som spinnmidd og auka bønneplantas vekst, seier ho.

Ein fekk tilsvarande resultat når en testa soppane på jordbær i veksthus og felt i Brasil, fortel Fernanda Canassa, «Double degree» PhD-student frå University of São Paulo og Københavns Universitet og knytt til SMARTCROP.

IMG_0822
Det har vore ein stor auking i etterspurnaden etter biologiske plantevernmiddel på grunn av nye reglar rundt integrert plantevern. Foto: Fernanda Canassa, São Paulo University.

Gode resultat med jordbær

- Vi dyppa røtene til to ulike sortar jordbær i løysingar med nyttesopp. Vi hadde svært gode resultat med den eine jordbærsorten. Biomassen på avlinga blei betydeleg større og det var ein reduksjon i talet på  veksthusspinnmidd. Med den andre sorten såg vi ikkje ein så stor forskjell, seier ho.

Canassa fortel at dei brasilianske forskarane samarbeider tett med plantevernmiddelprodusentar i Brasil og skal teste nyttesoppløysinga på ulike planteskadegjerarar i ulike plantekulturar.

- Målet er å ha eit produkt klart i løpet av nokre år, seier PhD-studenten.

Ho fortel at det har vore ein stor auking i etterspurnaden etter biologiske plantevernmiddel i Brasil på grunn av nye reglar rundt integrert plantevern. Klingen bekreftar at dette også gjeld for Norge og Europa.

- Nye reglar rundt integrert plantevern har gjort at det har blitt litt meir fart i sakene. Ho legg til at Brasil er blant verdas største landbrukseksportørar.

 

Teste på norske jordbær

No ynskjer NIBIO å jobbe vidare med desse nyttesoppane og verknaden på norske jordbær.

- Dette er spanande også for norske dyrkarar og no håper vi på å teste nyttesoppen også mot dei viktigaste soppsjukdommane og skadedyra her til lands, avsluttar Klingen.

3 Low plastic tunnels in the BERRYSYS strawberry field in Minas Gerais in Brazil Photo Ingeborg Klingen_cropped
Plastikktunellar i eit forsøksfelt for jordbær i Brasil. Foto: Ingeborg Klingen.

 

KONTAKTPERSON
Smartcrop

I prosjektet SMARTCROP vil forskarane teste og demonstrere «beste IPV-praksis» og studere effektar på skadegjerarar, naturlege fiendar, avling, økonomi og miljørisiko i to ettårige- (korn) og to fleirårige modellvekstar (eple og jordbær).

Start- og sluttdato:
1.1.2015-1.11.2019.

Samarbeidspartnarar: 
Prosjektet involverer ulike nasjonale og internasjonale aktørar, mellom anna forskingsinstitutt, landbruksrådgjevninga, bønder, bedrifter som produserer og sel IPV-verktøy, myndigheiter, grossistar og matvarekjeder.

Finansieringskjelde:
Noregs Forskingsråd.

SMARTCROP
Forskarane dyppa røtene til jordbærplanter i ei løysing med utvalde nyttesopp. Som eit resultat blei biomassen på avlinga betydeleg større og det var ein reduksjon i talet på veksthusspinnmidd. Foto: Fernanda Canassa, São Paulo University.
Ein fekk tilsvarande resultat når en testa soppane på jordbær i laboratoriet, veksthus og felt. Foto: Fernanda Canassa, São Paulo University.
Brasilianske forskarane samarbeider tett med plantevernmiddelprodusentar i Brasil og skal teste nyttesoppløysinga på ulike planteskadegjerarar i ulike plantekulturar. Foto: Ingeborg Klingen.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.