Magisk plante skapar både glede og konflikt
I dag er den mest kjende tradisjonen å kysse under mistelteinen. Ifølgje gamal britisk og europeisk folketru kunne ei kvinne som stod under misteltein, ikkje avslå eit kyss. Foto: Erling Fløistad
Kven har vel ikkje høyrt om skikken med å kysse under mistelteinen i desember? Den eviggrøne mistelteinen er knytt til jul, kjærleik og gamal folketru. I Noreg var ho lenge sjeldan og vart freda i 1956. No spreier planten seg i takt med eit varmare klima – og skapar hovudbry for mange hageeigarar.
Mistelteinen (Viscum album) er ikkje berre til pynt. Ho er Noregs einaste halvparasitt. Det betyr at ho lever som snyltar på tre som lind, lønn, rogn, poppel, eple og pære. Mistelteinen produserer eigen energi gjennom fotosyntese, men er heilt avhengig av treet for vatn og næring. Arten har læraktige, vintergrøne blad og ein klebrig, kvit bærfrukt.
– Ho kan svekkje eller drepe vertstreet over tid, seier ugrasforskar Wiktoria Kaczmarek-Derda ved NIBIO.
Frå sjeldan kuriositet til vanleg i hagane
På 1950-talet var mistelteinen sjeldan i Noreg, med berre nokre få funn i Vestfold. Ho vart Noregs første freda plante i 1956, og seinare vart også vertstrea verna. Dette gjer det ulovleg å felle eller skade tre som bærer misteltein.
I dag spreier mistelteinen seg i takt med eit varmare klima. Nye funn viser at ho finns frå Oslo og sørover langs kysten til Sørlandet, med spreidde funn også på Vestlandet og i Rogaland.
– Mistelteinen blomstrar frå ho er fem til seks år. Bæra er giftige for menneske, men svært attraktive som fuglemat om vinteren. Fuglane spreier frøa til nye tre, forklarar Kaczmarek-Derda.
Mytologi og magi
Mistelteinen har ei lang historie i myter og tradisjonar. I norrøn mytologi spelte ho ei avgjerande rolle i guden Balders død. Alle tre i verda hadde lova å ikkje skade Balder, men mistelteinen, som voks høgt oppe i trekrona, vart gløymd. Loke utnytta dette og fekk Hod til å skyte Balder med ein pil laga av misteltein.
Planten har òg vore brukt av keltiske druider, i europeisk folkemedisin, og som symbol på fred, kjærleik og beskyttelse.
I eldre tid blei misteltein hengt i døropningar som symbol på fred, forsoning og kjærleik – og som vern. Ho har òg vore brukt i medisinske samanhengar over heile Europa, og blei sett på som heilag og magisk – ikkje minst fordi ho veks «mellom himmel og jord», høgt oppe i trea.
I dag er den mest kjende tradisjonen å kysse under mistelteinen. Ifølgje gamal britisk og europeisk folketru kunne ei kvinne som stod under misteltein, ikkje avslå eit kyss. Skikken lever vidare i populærkulturen, og dukkar stadig opp i romantiske julefilmar, som i klassikaren Love Actually.
Frå hageidyll til utfordring
– Paradokset er at sjølv om misteltein er freda, er ho ikkje truga. Ifølgje Artsdatabanken er ho livskraftig og i sterk spreiing, påpeikar Kaczmarek-Derda.
I område der planten har blitt vanleg – som i Horten, der ho er særleg utbreidd – opplever hageeigarar at mistelteinen kan skape problem. Ho tar opp vatn og næringsstoff frå treet, svekkjer vekst og fruktproduksjon, og kan redusere treets motstandskraft. Sidan ho er freda, er det ikkje lov å fjerne ho – heller ikkje å skjere greiner av vertstreet for å redusere påverknaden.
Forskaren hugsar sjølv planten frå barndomen sør i Polen, der ein kunne sjå ho sporadisk og berre enkeltindivid på poppel, lind og rogn.
– I dag er trea sterkt invaderte, og mistelteinen har spreidd seg vidt og breitt. Ho er spesielt synleg om vinteren når bladverket er borte. Misteltein er eviggrøn, så då ser ein mange grøne kuler på trea.
– Mistelteinen kan leve lenge, vanlegvis 10–20 år, og i nokre tilfelle fleire tiår. Det gjer ho til ein langvarig utfordring i hagane, seier Kaczmarek-Derda.
Forvaltninga burde vore annleis
Kaczmarek-Derda meiner forvaltninga av misteltein i Noreg burde vore annleis i dag, sidan arten er svært livskraftig mange stader.
– Sidan ho ikkje lenger er ei truga art, men ein art i full spreiing, bør fredinga revurderast, meiner forskaren. Ho legg til:
– Med klimaendringane blir vinteren stadig kortare, mens tregrensa kryp høgare og høgare. Varmare klima gjer det lettare for framande, invaderande artar å slå seg ned og spreie seg i Noreg, på kostnad av arktisk flora og fauna. Men òg norske artar kan få auka utbreiing. Halvsnyltarar som misteltein ser diverre ut til å hamna i den kategorien.
KONTAKTPERSON
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.