Hopp til hovedinnholdet

Landbruket i Nord-Noreg: Beitedyr og mjølkekyr er berebjelken

Geiter i Hatfjelldal_Foto Kjersti Kildahl_cropped

Desse geitene beiter høgt og fritt i Hattfjelldal, Nordland. Troms er Noregs største geitefylke, men også i Nordland er geita ein betydningsfull del av jordbruket. I 2018 var det 24 geitebruk i Nordland og 60 i Troms. Foto: Kjersti Kildahl.

Ferske tal viser større nedgang i talet på landbruksføretak i Finnmark, Troms og Nordland enn i resten av landet. Samtidig held lønsemda i landsdelen seg noko over landsgjennomsnittet. Dette går fram av ein fersk NIBIO-rapport om Landbrukets verdiskaping i Nord-Noreg.

Ein raud tråd for jordbruket i Nordland, Troms og Finnmark er beitebruk og mjølkeproduksjon.

Landbruksøkonom Heidi Knutsen i NIBIO stadfester dette bildet. Ho har vore prosjektleiar for utgreiinga Verdiskaping og sysselsetting i landbruk og landbruksbasert industri i Nord-Norge.  

- For verdiskapinga er det mjølkeproduksjon som utgjer mest utrekna som bruttoprodukt. Likevel er det sauehald som har størst sysselsettingseffekt, seier ho. Det betyr at sauehald bidrar prosentvis til ein større del av total sysselsetting enn det gjer til samla verdiskaping.

Mjølkeproduksjon og sauehald er dei viktigaste produksjonane i heile regionen, anten ein brukar verdiskaping eller sysselsetting å måle etter.

- I Nordland, Troms og Finnmark utgjer mjølkeproduksjon høvesvis 58, 57 og 78 prosent av total verdiskaping i jordbruket. Da er både ku og geit tatt med.

Planteproduksjonen er relativt sett mindre jo lenger nord ein kjem og utgjer ein liten del av total verdiskaping i dei tre fylka. Det same gjeld skogbruk. Verdiskapinga frå skog er størst sør i regionen.

- Enkelt oppsummert kan vi seie at grovfôr, eller gras, er basis for jordbruket i Nord-Noreg. Det gir grunnlag for det grovfôrbaserte husdyrhaldet, noko som verdiskapinga reflekterer, forklarer Knutsen.

Gjennomsnittleg inntekt for bonden i Nord-Noreg var i 2018 kr 315 100 per årsverk. Tilsvarande tal for landsgjennomsnittet var kr 287 500.

- Den viktigaste forklaringa på forskjellen er at tørkesommaren 2018 ikkje slo fullt så dramatisk ut i nord som han gjorde lenger sør i landet, kommenterer Heidi Knutsen.

Oversikt over samla verdiskaping i Nord-Noreg fordelt på ulike produksjonar er vist i figuren nedanfor.

Figur for samla verdiskaping i Nord_Noreg_cropped.jpg
Oversikt over samla verdiskaping i Nord-Noreg fordelt på ulike produksjonar. Bruttoprodukt Nord-Norge, mill. kr og prosent. Totalt: 1581 mill. kr.

Færre bønder, større einingar

I tråd med utviklinga innan jordbruket i resten av Noreg, skjer det og i Nordland, Troms og Finnmark ei strukturendring. Talet på gardsbruk i drift går ned, areal og dyretal per bruk går opp.

- Frå 2009 til 2018 vart jordbruksverksemder i Noreg redusert med 18 prosent. I Nordland, Troms og Finnmark – før nye fylke var etablert – var tilsvarande tal 24, 27 og 21 prosent, altså større nedgang enn landsgjennomsnittet, fortel Heidi Knutsen.

- Arealet i drift er mykje mindre redusert enn talet på foretak. Derfor har areal per foretak auka i perioden. Størst areal per driftseining har dei i Finnmark, med 320 dekar per gardsbruk. Landsgjennomsnittet er 249 dekar.

Nordland er det største jordbruksfylket i regionen både i verdiskaping og sysselsette. Mjølk er viktigaste produksjon for jordbruket i Finnmark med 78 prosent av verdiskapinga. Her er ingen geitebruk. Også i Troms og Nordland er mjølkeproduksjon den viktigaste driftsforma. Troms er det største geitefylket i Noreg, og skil seg ut med relativt stor del geitemjølksproduksjon - 12 prosent av samla verdiskaping kjem frå geit.

- Geita er samtidig eit godt døme både på nyttig beitedyr og verdfull mjølkeprodusent. Geitehald har i nokre samanhengar også ei nøkkelrolle fordi bruka er viktige for levande bygder og lokalt næringsliv, avsluttar Heidi Knutsen.

Sjå meir info om verdiskaping og sysselsetting innan ulike produksjonar i dei tre fylka i tabellane nedanfor.

tabell1.png
Verdiskaping i jordbruket i Nord-Noreg. Bruttoprodukt 2018.
tabell 3.png
Verdiskaping i skogbruket i Nord-Noreg. Bruttoprodukt 2018.
tabell2.png
Sysselsetting i jordbruket i Nord-Noreg. Årsverk 2018.

Beredskap er og ein faktor

- Verdien av landbruket her nord handlar om langt meir enn kroner. Det handlar om kor folk bur og om kor dei finn jobb. Det handlar om fornuftig bruk av ressursane våre og om å halde oppe kulturlandskapet. Beredskap er og ein faktor.

Slik svarer seniorrådgjevar Liv-Edel Berg ved landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Troms og Finnmark på spørsmålet om betydninga av landbruksnæringa for landsdelen.

Å talfeste verdien av levande bygder og moglegheit for arbeid, kjem ikkje med ein klar fasit. Ferske tal for verdiskapinga til landbruket i Nord-Noreg bidrar likevel til viktig innsikt, meiner Berg. Ho er godt nøgd med arbeidet NIBIO og Østlandsforskning ved Høgskolen i Innlandet nyleg gjorde på bestilling frå Nordnorsk landbruksråd for å kartleggje verdiane som landbruksnæringa direkte eller indirekte skapar i regionen.

Berg har hatt koordineringsansvar for dei tre fylka ved gjennomføring av utgreiinga.


Må kunne dokumentere

Bakgrunnen for oppdraget er behovet for å kunne vise politikarar og andre interessentar verdien av landbruket i landsdelen. Det omfattar også avleidd verdi som spreidd busetting og arbeidsplassar innan foredlingsindustri. 

- Skal ein hevde at landbruket er viktig, må ein og kunne dokumentere kvifor. Derfor er ein rapport som dette svært verdfull for planlegging og forvalting, seier Liv-Edel Berg. 

- Frå Fylkesmannen si side må vi kunne dokumentere kva landbruket handlar om i fylka våre, ikkje berre totalt sett, men og kommune for kommune. Slik oversikt har vi no fått gjennom denne utgreiinga.

Bruttoprodukt

Bruttoprodukt er verdien av produserte varer og tenester minus vareinnsatsen. Kapitalslit (avskrivningar) er ikkje trukke frå. Produktstøtte, for eksempel prisstøtte, er med i bruttoproduktet, men ikkje støtte som ikkje er relatert direkte til eit produkt.

tabell42.png
20160707-OSP-4536-39_PANORAMA3_UKL_Anopset-Aigir_Porsanger_Finnmark.jpg
Utsyn over jordbrukslandskap i Porsanger, Finnmark. Foto: Oskar Puschmann.
20160707-OSP-4489_refot-20130625-IGolten-B16_Aigir-Aigirvann_Porsanger_Finnmark.jpg
Beitande mjølkekyr i Porsanger, Finnmark. Mjølkeproduksjon er den største produksjonen i alle tre fylka. Foto: Oskar Puschmann.
Sau på utmarksbeite i Vestvågøy, Nordland. Foto Lars S Dalen.jpg
Sau på beite i Vestvågøy kommune. Foto: Lars Sandved Dalen.
Liv Edel Berg 2_Foto Marit Gåre_cropped.jpg
Liv-Edel Berg ved landbruksavdelinga til Fylkesmannen i Troms og Finnmark. Foto: Marit Gåre.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

To document

Abstract

I 2018 var det 1 949 jordbruks-foretak i Nordland som søkte om produksjonstilskudd. I Troms var tilsvarende tall 853 og i Finnmark 286. Fra 2009 er antall foretak redusert med 24, 27 og 21 prosent for henholdsvis Nordland, Troms og Finnmark. I gjennomsnitt for landet er antall jordbruksforetak redusert med 18 prosent i den samme perioden. Arealet i drift er betydelig mindre redusert enn antall foretak. Dette gjør at antall dekar per foretak har økt. I 2018 hadde et jordbruksforetak i Nordland 284 dekar, i Troms 280 dekar og i Finnmark 320 dekar.