Grunnlaget for jordbruksforhandlingane 2021 er lagt fram

Ænes ved Maurangerfjorden_Hordaland_Foto Kjersti Kildahl

I 1989 var det 99 382 jordbruksbedrifter i Noreg. I 2020 var det 38 633, viser Totalkalkylen, sjå tabell 1.6. for full oversikt. Illustrasjonsfoto frå Ænes ved Maurangerfjorden, Hordaland. Foto: Kjersti Kildahl

Stengte grenser bidrog til gode resultat for mange bønder i 2020. Også kornproduksjonen fekk eit godt år. Gjennomsnittleg bondeinntekt for fjoråret er berekna til 374 200 kroner per årsverk. Det er 49 000 kroner meir enn i 2019 og utgjer ein auke på 15,1 prosent.

Auken frå 2019 til 2020 er forventa å flate ut. Frå 2020 til 2021 er det budsjettert med ein auke på 19 500 kroner i vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, tilsvarande 5,2 prosent.

Tørkeåret 2018 ramma jordbruket hardt. 2019 handla mykje om å kome på plass igjen. Så kom pandemiåret 2020 som gav både positive og negative utslag. For Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) som legg fram grunnlaget for jordbruksforhandlingane, har det vore utfordrande å rekne ut tala som representerer det normale i perioden 2018 -2020. For det er normaliserte tal som blir lagt til grunn i oppgjeret. 

Utslag av variasjon i vêr og tilfeldige økonomiske eller andre forbigåande fenomen skal jamnast ut i dei normaliserte tala.

 

Folk handla norsk mat

Grensehandelen var på null i størstedelen av 2020 og folk handla meir norsk mat. Dessutan auka inntektene frå kornproduksjonen, noko som gir eit positivt bidrag til samla verdiskaping. Korn utgjer om lag 10 prosent av dei samla produksjonsinntektene.

Sjeldan har det vore mindre norsk kjøt på lager enn ved utgangen av 2020. Etterspurnaden etter norske mjølkeprodukt førte til auka behov for mjølk. Også grøntsektoren omsette meir enn forventa.

- Resultatet ser vi i den positive inntektsutviklinga frå 2019 til 2020 der vederlaget til arbeid og eigenkapital auka med 49 000 kroner per årsverk. Husdyrproduksjonane bidrog til auken med 22 000 kroner per årsverk. Korn- og hagebruk, som er blomar, frukt og grønsaker, gav 11 000 kroner, fortel Lars Johan Rustad i NIBIO.

Rustad er avdelingsleiar for Landbruksøkonomisk analyse som er sekretariatet til Budsjettnemnda for jordbruket.

Daglegvarer_illustrasjonsbilde_Foto Kjersti Kildahl.jpg
På grunn av stengde grenser har nordmenn handla meir norsk mat i coronaåret 2020. Foto: Kjersti Kildahl

Nye tal for årsverk gav nedjustert inntekt  

Eit negativt bidrag til vederlaget kom etter at SSB i mars la fram ferske tal om arbeidsforbruk i jordbruket basert på jordbrukstellinga i 2020. Det medførte at vederlaget til arbeid og eigenkapital vart nedjustert med 5 000 kroner per årsverk. Rustad forklarer:

- Tala frå SSB viste eit arbeidsforbruk i jordbruket som tilsa at 42 900 årsverk var i sving i 2020. Det er 1 700 fleire årsverk enn BFJ i fjor la til grunn. Dermed skal samla jordbruksinntekt i 2020 fordelast på fleire enn berekna, og det gir lågare inntekt per årsverk.  

- Ein stor del av forklaringa på høgare arbeidsforbruk kan knytast til koronapandemien. Hagebruk vart særleg ramma av redusert tilgang på utanlandsk innleigd arbeidskraft. Delvis blei mangelen erstatta av uøvd norsk arbeidskraft. Produksjonen heldt seg oppe, men effektiviteten vart nok redusert gjennom større  arbeidsforbruk enn normalt.  

Berekningar nemnda har gjort, indikerer at pandemien resulterte i eit auka arbeidsforbruk innan hagebrukssektoren på ca. 1 000 årsverk.

- Når det gjeld dei neste nær 700 årsverka, er det nok meir generelt at avgangstakten, arbeidsproduktivitetsveksten, har avtatt dei seinare åra. Talet på årsverk som skal til for å oppretthalde produksjonsvolum går ikkje like fort nedover som før, kommenterer Rustad.


Hagebruk og mjølk gjorde det best  

Ser vi på jordbruksåret 2020 basert på registrerte rekneskapstal og samanliknar med 2019, er det gruppene som alt er nemnt som skil seg ut med spesielt stor inntektsauke.

Hagebruksprodukt (blomar, frukt og grønsaker) fekk størst auke frå 2019 til 2020 (både i kroner og prosent). Denne gruppa auka med 443 mill. kroner, frå ein omsetning  på 5,3 mrd. kroner i 2019.

Mjølk auka med 460 mill. kroner, frå knapt 9,0 mrd. kroner i 2019 til vel 9,4 mrd. kroner i 2020.

- Den auka etterspurnaden førte til at mjølkeprodusentane i 2020 fekk høve til å produsere fem prosent meir enn den grunnkvoten dei har. Ved inngangen til 2021 er dette ‘forholdstalet’ oppjustert til sju. Det betyr at mjølkebøndene kan produsere sju prosent over kvoten fordi behovet for mjølk framleis er høgt, seier Lars Johan Rustad.

Utsyn over jordbrukslandskap i Skaun, Trøndelag_Foto Frode Bentzen .JPG
Kornarealet i Noreg var i 2020 på 2,9 mill. dekar. I 1999 var det 3,3 mill. dekar. Illustrasjonsfoto frå Skaun i Trøndelag. Foto Frode Bentzen

Hovudproduksjonar med samla inntekter og kostnader  

Tabellen nedanfor viser registrerte rekneskapstal for samla produksjonsinntekter og kostnader innan hovudproduksjonar og kostnadsgrupper i åra 2018 – 2021 (budsjett).

Oversikten viser at samla produksjonsinntekt i jordbruket, inkludert tilskot, er 2,2 mrd. høgare i 2020 enn i 2019, med 48,5 mrd. kroner i 2020. Samla vederlag til arbeid og eigenkapital vart på 16,0 mrd. kroner, mot 14,3 mrd. kroner i 2019.

Tabell 3_1.JPG
Samanlikning av åra 2018 – 2021, basert på registrerte rekneskapstal og budsjett (2021).

 

KONTAKTPERSON

Leiar av Budsjettnemnda for jordbruket:

Ekspedisjonssjef Knut Børve, Kunnskapsdepartementet

e-post: Knut.Borve@kd.dep.no

(+47) 917 93 965

Grunnlagsmateriale til jordbruksforhandlingane Budsjettnemnda for jordbruket Totalkalkylen Driftsgranskingar i jordbruket
KVEN ER BUDSJETTNEMNDA?

Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) er sett saman av representantar for partane i oppgjeret, det vil seie staten og bøndene. Nøytrale medlemmar frå SSB (Statistisk sentralbyrå) er og med, i tillegg til leiaren for nemnda som no er ekspedisjonssjef Knut Børve i Kunnskapsdepartementet.

AVGRENSINGAR OG BEREKNINGSPRINSIPP I TOTALKALKYLEN

Hovudprinsippa for grunnlagsmaterialet for jordbruksoppgjera som Budsjettnemnda utarbeider, blir fastsette gjennom Stortingets handsaming av meldingar om landbrukspolitikken og, innanfor desse rammene, ved avklaringar mellom avtalepartane.

I forhandlingane blir Totalkalkylens normaliserte rekneskapar brukte for å samanlikne inntektsutviklinga i jordbruket med inntektsutviklinga for andre grupper i samfunnet. Totalkalkylen er ein sektorrekneskap som vise totalverdiane som blir skapte i norsk jordbruk ved utnytting av jordbrukets produksjonsressursar, herunder jord. Sektoren «jordbruk» er definert ut frå dei varer som er rekna som jordbruksvarer.

Andre inntekter i jordbrukshushaldningane er ikkje inkludert. Det gjeld til dømes lønns- og kapitalinntekter, inntekt frå skogbruk eller andre næringar, eksempelvis turisme.

Verdiskapinga blir i Totalkalkylen målt gjennom «Vederlag til arbeid og kapital» og «Vederlag til arbeid og eigenkapital».

Kjelde: Jordbrukets totalregnskap 2019 og 2020 og budsjett 2021

TIDSLINJA FOR JORDBRUKSFORHANDLINGANE

16. april: Grunnlaget for jordbruksforhandlingane blir lagt fram av BFJ

27. april: Krava frå partane i jordbruket blir lagt fram

4. mai: Tilbod frå Staten blir lagt fram – og forhandlingane begynner

15. mai: Forhandlingane skal etter planen vere avslutta. Nokre gonger blir det brot.

Slutten av mai: Jordbruksoppgjeret skal vere klart i form av proposisjon som går til Stortinget for handsaming rundt midten av juni. Ved brot i forhandlingane er det tilbodet frå staten som blir sendt til Stortinget. Handsaminga i Stortinget blir avslutta med eit vedtak om ny jordbruksavtale for neste periode.

 

TRE DELAR I FORHANDLINGSGRUNNLAGET

Totalkalkylen-
viser inntektsnivå og inntektsutvikling i jordbruket, og gir eit samla bilde av verdiskapinga i sektoren for heile landet. Kalkylen viser totalverdiane som er skapt i norsk jordbruk ved utnytting av produksjonsfaktorane i jordbruket. Blir mellom anna brukt for å samanlikne bøndenes inntektsutvikling med andre grupper i samfunnet.

Utgreiinga viser revidert rekneskap for 2019, foreløpig rekneskap for 2020 og budsjett for 2021.

Referansebruka -
viser økonomiske resultat for 27 referansebruk, som representerer ulike driftsformer, storleikar og geografi. Referansebruka blir under forhandlingane brukt til å rekne på utslag av krav og tilbod for ulike typar bruk.

Berekningane byggjer på talmaterialet frå 739 av jordbruksbedriftene som inngår i driftsgranskingane for jordbruket.

Resultatkontrollen -
er ei samanstilling av data som belyser utvikling og måloppnåing i jordbruket. Her får ein fram verknaden av jordbrukspolitikken gjennom utvalde måleparametrar, og endringane i desse.

For eksempel kan strukturutvikling bli synleg gjennom endringar i storleik på bruka og i talet på dyr.

Geografisk fordeling av jordbruksproduksjonen blir og dokumentert gjennom resultatkontrollen.

Jæren_Rogaland_Foto Kjersti Kildahl.jpg
Eng- og beiteareal var 4,8 mill. dekar i 2020 og 4,9 mill dekar 1999, iflgj. tabell 1.8 i Totalkalkylen. Bildet er frå Jæren i Rogaland. Foto Kjersti Kildahl

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.