Hopp til hovedinnholdet

Frå larvebæsj til innovativ ressurs

20210323_082816_cropped

I prosjektet 'MultiFuelLarve' skal NIBIO, undersøkje om avfallet frå larvane kan gje betre jord- og plantekvalitet, samt om plantene er betre i stand til å forsvare seg mot skadegjerarar. Foto: Gunnhild Jaastad

Innhaldstoffa i larvebæsj har potensiale både som gjødsel og plantestyrkande middel for hagebruksplanter. No skal forskarar undersøkje om ein kan omdanna avfall frå insektproduksjon til eit høgverdig og multifunksjonelt produkt for planteproduksjon.

I takt med den globale auken i folketalet vil trongen for proteinrik mat og proteinrikt fôr auke. Det same vil problemet med organisk avfall. Insektlarver inneheld opp mot 50 % protein, og dei kan leve på mange ulike avfallsbaserte organiske kjelder.

Dermed kan larvene både dekke eit proteinbehov og vere med på å løyse eit avfallsproblem. I tillegg etterlet insektproduksjonen seg også eit organisk restavfall - avføring, hud og matrestar. Dette avfallet kan også verte ein ressurs.

I prosjektet ‘MultiFuelLarve – frå organisk restavfall til verdfulle larveprodukt’- skal NIBIO undersøkje om avfallet frå larvane kan gje betre jord- og plantekvalitet og om plantene er betre i stand til å forsvare seg mot skadegjerarar. Kan avfallet verte eit multifunksjonelt produkt, og vil marknaden ha det?

Fire insektprodusentar og ein planteprodusent tek del i prosjektet saman med NIBIO.

 

Nyskapande insektnæring

– Avfallet frå larveproduksjon, kalla larvefrass, inneheld restar av larvematen, hud frå skalskifte og insektavføring, forklarar NIBIO-forskar Gunhild Jaastad. Det var ho som hadde ideen til prosjektet.

Jaastad fortel at innhaldsstoffa i larvefrasset har potensiale til å bli brukt på fleire område, mellom anna til gjødsling, og som eit jordforbetrande-, biostimulerande- og plantestyrkande middel for hagebruksplanter.

– Sjukdommar og skadedyr er viktige årsaker til reduserte avlingar i mellom anna frukt-, grønsak-, korn- og fôrproduksjon. Eit middel som kan gjere plantene i stand til å ‘forsvare’ seg kan til dømes redusere trongen for kjemiske plantevernmiddel, seier Jaastad.

Produksjon av insektlarver som proteinkjelde til fiskefôr er ei aukande næring globalt og no også her til lands. I Noreg er både organisk industriavfall og matavfall undersøkt med omsyn til vekst, overleving og kor effektivt avfallet kan bli omdanna til larvar.

– Men effekten av larvefrass på planter og jord er lite undersøkt, seier Jaastad.

Norsk insektnæring er nyskapande og innovativ. Den ønskjer å ha eit produkt utan avfall.

– Vi skal no undersøkje effekten av ulike insektartar, organiske restar (larvemat) og forbehandling av desse restane på næringsstoff og mikroorganismar i larvefrasset. Vi planlegg også å sjå på korleis frasset påverkar jordkvalitet og biologisk aktivitet i jorda, samt plantekvalitet og planteskadegjerarar. Til slutt skal vi vurdera produksjons- og marknadspotensialet for larvefrass, forklarar ho.

Eit produkt med mange funksjonar har potensiale til å ta marknadsandelar frå fleire område. For larvefrass kan dette gjelde gjødsels- og plantevernmiddelmarknaden.

– Å selje og bruke eit produkt basert på matavfall vil vere eit viktig bidrag med tanke på klima- og avfallsproblematikk, trur Jaastad.

B53A4586.JPG
Soldatflugelarvar et kva som helst, og er derfor ein svært god organisme for resirkulering av avfall til fôr. Foto: Ecoprot AS

Nyttig med ny kunnskap

Brørne Ole og Asbjørn Torrisen held til i Meløy i Nordland. Selskapet deira, Ecoprot AS, starta opp produksjon av soldatflugelarvar i 2019. Dei har no fullført utviklingsfasen og produserer det dei treng av egg.

– Vi har lukkast med å utvikle eit produksjonskonsept som gir godt utbytte og store fine larvar, fortel Ole Torrisen.

– Soldatflugelarvar et kva som helst, og er derfor ein svært god organisme for resirkulering av avfall til fôr, seier han.

No har bedrifta gått over i pilotproduksjon på opp til 1000 tonn i året. Dei har som mål å nå 30 000 tonn. Han fortel at dei er svært positive til å få ny kunnskap om avfallet frå larvane.

– Vi vil heilt klart bli kvitt avfallet på ein effektiv måte og vi vil gjerne kunne tene nokon kroner på det. På mange måtar er insektproduksjon ein produksjon utan avfall, berre produkt. Det blir produsert mykje gjødsel og vi håper no at vi kan få dokumentert kva slags effekt gjødsla har og kva slags næringsstoff som er tilgjengelege.

Torrisen fortel at enkelte hevdar at gjødsla gjev spesielt god plantehelse ved at den stimulerer immunforsvaret til plantene og gjer dei motstandsdyktige mot parasittar. I tillegg frigjer den næring over lenger tid. Det betyr at hobby-hagebrukarane ikkje må gjødsle like ofte.

– Eg synes det er svært positivt at heile insektnæringa i Noreg er med på prosjektet. Det er ein felles innsats for ny kunnskap. Dette er nyttig både for oss og dei som kjøper gjødsla, avsluttar Torrisen.

9-11-12.jpg
ecoprot frass.jpg
- Det blir produsert mykje gjødsel og vi håper no at vi kan få dokumentert kva slags effekt gjødsla har og kva slags næringsstoff som er tilgjengelege, seier Ole Torrisen i Ecoprot AS. Foto: Gunnhild Jaastad
TM_frass.jpg
Avfallet frå larveproduksjon, kalla larvefrass, inneheld restar av larvemat, hud frå skalskifte og insektavføring. Foto: Gunnhild Jaastad
Forsøkstre potter.jpg
Innhaldsstoffa i larvefrasset har potensiale til å brukast på fleire område, mellom anna til gjødsling, og som eit jordforbetrande-, biostimulerande- og plantestyrkande middel for hagebruksplanter. Foto: Gunnhild Jaastad

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.