Hopp til hovedinnholdet

Enklare å registrere tørroteobservasjonar i åkeren

DSC_0282

Ein ny forenkla versjon i VIPS lar deg gjere registrering av observasjonar av tørrote i åkeren, fortel forskar Håvard Eikemo ved NIBIO. Foto: Siri Elise Dybdal

I år blir det enklare å rapportere observasjonar og prøvar av tørrote i VIPS. Prøvane vil bli brukt i ei ny kartlegging, som kan avdekkje om vi har meir aggressive eller resistente variantar av sjukdomen i Noreg.

Soppsjukdomen tørrote kan gje total avlingssvikt og store økonomiske konsekvensar for potetbønder. Difor er det viktig å vere godt forberedt før soppen kjem i åkeren. Ein del av det førebyggjande arbeidet er overvaking. Slike tørroteobservasjonar har lang historie i Noreg og er i dag ein del av det europeiske samarbeidet EuroBlight, som blir varsla i VIPS (Varsling Innan Planteskadegjerarar).

No har VIPS oppdatert måten ein kan rapportere tørrote på. All registrering av observasjonar vil kunne gjerast i åkeren. I tillegg kan du leggje inn om det blir tatt ein prøve. Prøvane vil inngå i ei stor kartlegging av genotypar av tørrote i Noreg. Dette er eit samarbeid mellom NIBIO, Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og næringa. Kartlegginga vil gje ei oversikt over tørrotesituasjonen og kan avsløre om vi har nye variantar som kan vere meir aggressive eller resistente mot sprøyting.

 

Kvalitetssikring av overvaking

– I VIPS vil du no også kunne sjå negative funn, forklarar NIBIO-forskar Håvard Eikemo.

– Det vil seie at ein kan sjå ein grøn prikk der nokon har vore ute og leita, men ikkje funne noko. Så sjølv om du har gode tilhøve for sjukdomen, vil du ikkje få det om det ikkje er smitte i ditt område. Difor er den nye funksjonen viktig i tillegg til sjølve varslinga.

Rådgjevarane vil kunne stå i åkeren og gjere registreringar som vil vere synlege med ein gong.

– I tillegg kan du ved funn leggje inn om du tek ein prøve. Desse forenklingane er tidssparande og vil vere ei kvalitetssikring av dokumentasjonen, seier Eikemo.

Tørrote er delt inn i ulike genotypar, og i Danmark blei det i 2018 funne ein genotype (E43) som er resistent mot eit av dei viktigaste plantevernmidlane vi har-  Revus. I Noreg blei det i fjor funne eit isolat i Innlandet som viste seg å vere varianten som er resistent i Danmark. Foto: Erling Fløistad
Tørrote er delt inn i ulike genotypar, og i Danmark blei det i 2018 funne ein genotype (E43) som er resistent mot eit av dei viktigaste plantevernmidlane vi har- Revus. I Noreg blei det i fjor funne eit isolat i Innlandet som viste seg å vere varianten som er resistent i Danmark. Foto: Erling Fløistad

Fare for resistens

NIBIO-forskaren fortel at tørrote er den viktigaste skadegjeraren på potet i Noreg og den sjukdomen det blir sprøyta mest mot uavhengig av kultur.

– Det er eit problem at tørrotesoppen tilpassar seg, og er resistent mot fleire kjemiske midlar. Det gjer det utfordrande å kontrollere den. Tørrote er delt inn i ulike genotypar, og i Danmark blei det i 2018 funne ein genotype (EU43) som er resistent mot Revus - eit av dei viktigaste sprøytemidlane vi har.

– Dette er ein type resistens som er total, det er ikkje slik at middelet verker litt, opplyser Eikemo. Sidan 2018, har genotypen spreidd seg, og i 2022 sto denne genotypen for 45 prosent av tørroten i Danmark.

I Noreg blei det i fjor funne eit isolat i Innlandet som viste seg å vere varianten som er resistent i Danmark.

– Vi veit ikkje om den er resistent, men det er klart at vi er nervøse. Det er alvorleg om denne etablerer seg her. Difor er det nye kartleggingsarbeidet på tørrote som blir gjennomført i år eit svært viktig førebyggjande tiltak, seier Eikemo

– I England har dei hatt liknande problem med resistens, og no har eit regime der dei testar kva slags tørrote dei har i åkeren der og da, for å vite kva slags middel dei kan bruke seier Eikemo.

– Det er meiningslaust å sprøyte med middel som ikkje verkar, påpeikar han.

Eit nytt kartleggeinsarbeid vil samle inn tørrotesporar frå alle potetområde i Noreg. Dette er eit samarbeid med NIBIO, NLR og heile plantevernbransjen. Foto: Erling Fløistad
Eit nytt kartleggeinsarbeid vil samle inn tørrotesporar frå alle potetområde i Noreg. Dette er eit samarbeid med NIBIO, NLR og heile plantevernbransjen. Foto: Erling Fløistad

Prøver frå heile landet

Borghild Glorvigen, fagkoordinator på potet i NLR, seier at vi har hatt noko kartlegging av tørrote i Noreg tidlegare, men at vi i dag ikkje har god nok oversikt:

– Vi fann eit isolat (EU43) i fjor, og vi er veldig redde for at denne genotypen frå Danmark skal utvikle seg og opparbeide resistens i Noreg. No skal vi samle inn tørrotesporar frå alle potetområde i Noreg. Dette er eit samarbeid med heile plantevernbransjen.

Glorvigen fortel vidare at det i fjor var eit forferdeleg år for tørrote i Trøndelag og Midt Noreg, men det gjekk greitt på Austlandet.

– Det varierer veldig frå sesong til sesong. Er det ein blaut sommar kan det bli eit stort problem.

Norsk Landbruksrådgiving ser fram til å prøve ut den forenkla rapporteringa i VIPS.

– Dette ser ut som ei fin løysning og det er positivt at vi kan gjere oss ferdig med å registrere mens vi er i åkeren. Det blir spennande å bruke den og vi håper at den fungerer bra, avsluttar Glorvigen.

2-9-12.jpg

 

Potettørrote

Potettørrote (Phytophthora infestans) er den viktigaste sjukdommen i potet i Noreg. Den kjem av ein soppliknande organisme som angrip både blad, stenglar og knollar.

Skadegjeraren overvintrar i setjepoteter eller i jorda og gjer mest skade i varmt og fuktig vêr. Om lag halvparten av soppmiddelforbruket i landbruket blir nytta til å få bukt med "tørrròtesoppen".

Det har vore varslingsteneste for denne skadegjeraren sidan slutten av 1950-talet.

I fjor var eit forferdeleg år for tørrote i Trøndelag og Midt Noreg, men det gjekk greitt på Austlandet. Dette varierer veldig frå sesong til sesong, er det ein blaut sommar kan det bli eit stort problem.  Foto: Erling Fløistad
I fjor var eit forferdeleg år for tørrote i Trøndelag og Midt Noreg, men det gjekk greitt på Austlandet. Dette varierer veldig frå sesong til sesong, er det ein blaut sommar kan det bli eit stort problem. Foto: Erling Fløistad
Tørrote er den viktigaste skadegjeraren på potet i Noreg og den sjukdomen det blir sprøyt mest mot uavhengig av kultur. Foto: Erling Fløistad
Tørrote er den viktigaste skadegjeraren på potet i Noreg og den sjukdomen det blir sprøyt mest mot uavhengig av kultur. Foto: Erling Fløistad

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.