Hopp til hovedinnholdet

NIBIO sine verstasjonar ser sjukdomar før dei angrip

erfl-20180627-151551

NIBIO har eit nettverk av klimastasjonar i viktige jord- og hagebruksdistrikt. Denne stasjonen står på Særheim i Klepp kommune på Jæren. Foto: Erling Fløistad.

Kva får plantepatologar til å samle inn klimadata frå fleire titals målestasjonar, år etter år? Det korte svaret er at veret har alt å seie for om potetplantane rundt om i landet held seg friske eller vert sjuke og dør.

I Irland døyde rundt ein million menneske i perioden 1845-51 av svolt som følge av tørråte som øydela potetavlingane. Sidan den gong har kampen mot tørråte vore ein del av kvardagen til potetbønder over heile Europa.

Men angrepa av sjukdomen var ikkje årvisse, i tørre somrar kunne angrepa komme seint, og i somme distrikt kom dei aldri. Forskarar i Nederland og England fann ein samanheng mellom temperatur, nedbør, luftråme og angrep av tørråte. Modellane deira var ikkje gode nok til å beskrive angrepa i Noreg, men frå 1950-talet starta Statens plantevern omfattande forsøk som kartla samanhengen mellom klima og sjukdom på potet. Våren 1952 vart det satt ut instrument for å måle luftfukt, maksimum-, minimum- og normaltemperatur på ti forsøksstasjonar og fire landbruksskular i sentrale potetdistrikt. Etter kvart blei det laga ein norsk modell for utvikling av potettørråte.

LMT
Angrep av potettørråte kan øydelegge heile avlinga i ein potetåker. Klima i åkeren er heilt avgjerande for når angrepet kjem. Med hjelp frå Landbruksmeteorologisk teneste og www.vips-landbruk.no kan bonden sette inn målretta tiltak før potetplantene vert sjuke. Fotomontasje: E. Fløistad og A. Hermansen, NIBIO.

Historiske klimadata og verprognosar frå Meteorologisk institutt vart kombinert med meldingar frå landbrukskontor, fagskular og andre om utviklinga av tørråta i ulike distrikt. Basert på denne informasjonen vart det sendt ut varslar om fare for tørråtespreiing gjennom Norsk rikskringkasting frå 1957. Daglege tørråtevarsel blei sendt frå Meteorologisk institutt til Norsk telegrambyrå som så formidla dei vidare til Norsk rikskringkasting, lokalaviser og landsdekkande aviser. Etter kvart dukka tørråtevarsla opp saman med verprognosane på fjernsynsskjermen.

Dette systemet for varsling vart i hovudsak brukt fram til 1994. Då tok Statens plantevern sjølv over formidling av tørråtevarsel på ei teletorgteneste, Televis. Sidan 2000 har tørråtevarselet vore tilgjengeleg på internett, på www.vips-landbruk.no.

 

Klimadata og moderne varslingstenester

På VIPS finst også varsel om fare for angrep av ei rekke andre sjukdomar og skadedyr, alt frå epleskurv til håra engtege. Felles for dei fleste varsla er at dei bygger på meteorologiske data. Heilt frå 1987 har Landbruksmeteorologisk teneste, LMT, vore eit prosjekt i Statens plantevern, seinare Planteforsk, Bioforsk og no NIBIO. LMT driv og samlar inn data frå 60 heilårs klimastasjonar (og over 25 sesongstasjonar) i viktige jord- og hagebruksdistrikt. Alle klimastasjonane er godt utstyrt for måling av nedbør, lufttemperatur, bladfukt, globalstråling, vind 2 m over bakken, jordtemperatur og relativ luftfukt. Nokre stasjonar har og spesielle instrument for å måle bladfukt, vinternedbør og anna.

erfl-20190321-113449-2_cropped
Rådgjever Halvard Hole har sikra kvaliteten på klimadata i LMT i over 20 år. Foto: Erling Fløistad.

Høg kvalitet på målingane

- Data i form av timeverdiar vert henta inn frå stasjonane fortløpande. - Med mange stasjonar og mange sensorar per stasjon er det ikkje til å unngå at feil oppstår. Derfor vert alle data kontrollert, systematisert og lagt inn i ein relasjonsdatabase før brukarane får tilgang, seier rådgjevar i NIBIO, Halvard Hole.

- Målestasjonane er utstyrt med moderne teknologi og held høg standard. Stasjonane måler ei lang rekke interessante parametrar. Blant anna har vi det beste nettverket av instrument for måling av globalstråling i Noreg, seier Hole. Vertane for våre klimastasjonar har eigeninteresse av høg kvalitet på målingane. Dei fleste er lokale bønder eller rådgjevarar som sjølv driv, eller er involvert i landbruk. Dette bidrar til å sikre kvaliteten på målingane.

 

Bruksområder for landbruksmeteorologiske data

- Så langt har dei viktigaste brukargruppene vore bønder og hagebrukarar, Norsk landbruksrådgivning og NIBIOs eigne forskarar, fortel prosjektleiar for LMT, Berit Nordskog. Data vert først og fremst nytta i varslinga i VIPS, men og i forsking og utvikling av modellar knytt til biologisk informasjon.

- Landbruksmeteorologisk teneste har eit omfattande datagrunnlag med open tilgang for allmenta. Frå våre heimesider kan historiske data og timeverdiar lastas ned i tilnærma sanntid, held Nordskog fram.

- Måledata frå Landbruksmeteorologisk teneste er gratis tilgjengelige slik dei ligg føre på våre nettsider. Vi leverer data til Bane NOR som nytter dei i overvaking og vedlikehald av sine banestrekningar, seier Nordskog. Andre aktive brukargrupper er Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet, forsikringsselskap, universitet og høgskular, master- og doktorgradstudentar, Norges vassdrags- og energidirektorat og Meteorologisk institutt.

 

Samarbeid med meteorologar i 70 år

Det gode samarbeidet mellom plantehelsemiljøet og Meteorologisk institutt har nå vart i godt over 70 år. LMT sine klimastasjoner leverer data til Meteorologisk institutt, som igjen lagar verprognosar for LMT-stasjonane. Prognosane frå Meteorologisk institutt er sentrale element i varslinga for sjukdomar og skadedyr, slik du finn dei i VIPS. Data frå våre klimastasjonar inngår og i datagrunnlaget for den populære nettstaden www.yr.no

2019-03-12.png
Verdens meteorologidag

Verdens meteorologidag er ein FN-dag som vert arrangert kvart år den 23. mars.

Verdens meteorologiske organisasjon (WMO) blei danna på denne dagen i 1950, og organisasjonen har vore ein del av FN-systemet sidan 1951.

Havstad.jpg
Forskar i NIBIO, Lars Tørres Havstad, ved LMT-klimastasjonen på Landvik ved Grimstad. Her målte dei i år ny varmerekord for februar månad i Agder. Foto: Erik Holand, Agderposten.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.