Hopp til hovedinnholdet

Nye utfordringar når potettørråten endrar seg

erfl-20190827-132756

Håvard Eikemo og Svein Håkon Wennersgård er nøgde med potetriset bak låven på Wennersgård i år, men dei er usikre på korleis det vil sjå ut neste år.  Foto: Erling Fløistad.

Ein ny genetisk variant av tørråte, kalla EU_41, er no etablert i Noreg. Denne har høgare sporeproduksjon og er meir aggressiv enn dei tørråtesoppane vi er vande med. No vert det endå viktigare å vera i forkant av tørråtevarsla for å lukkast med behandling av åkeren.

Travel sommar

For bonden Svein Håkon Wennersgård har det ikkje vore mange pausar frå kampen mot tørråte denne sommaren. Wennersgård dyrkar potet, kålrot og korn på 600 daa i Ås i Akershus. Prognosane i VIPS har varsla fare for angrep de fleste vekene i sommar, men med gode råd frå lokal rådgivar i Norsk landbruksrådgjeving (NLR) har han halde tørråten i sjakk med tilgjengelege plantevernmiddel. No er riset svidd på dei felta som skal inn på lager, berre eit felt til industri står grønt igjen.

 

Europeisk forskingssamarbeid mot tørråte

Forskar i NIBIO, Håvard Eikemo, har akkurat avslutta arbeidet med eit europeisk prosjekt for kartlegging av genetisk variasjon i potettørråte frå Noreg og fire andre europeiske land. Dei undersøkte om innsamla tørråte høyrer til ein spesiell genotype, kor alvorlege symptom den gir, tørråten sin evne til å bryta resistensgen i potetsortane og eventuell resistens mot kjemiske tørråtemiddel.

VHL_8039_utsn
Slik vert testing av ulike tørråteisolat for resistens mot tørråtemiddel gjort. Dei ulike rekkene med blader er behandla med ulike preparat. Foto: Vinh Hong Le.

Den norske tørråten

Eikemo forklarer at tørråten i Norden alltid har hatt større genetisk variasjon enn sørover i Europa. I tidlegare undersøkingar har det aldri blitt funne bevis for etablering av genotypar med til dømes auka aggressivitet eller redusert sensitivitet for kjemiske middel i Noreg. Slike klonar finns det fleire av rundt om på kontinentet.

Spreiing av ein ny tørråtetype til eit område kan føra til at ein tidlegare resistent potetsort vert mottakeleg, eller at eit plantevernmiddel ikkje lenger kan brukast. Dei siste åra med data har avslørt spreiing av nye genotypar i fleire delar av Europa, og no har også EU_41 nådd Noreg.

EU_41-spredning
Ein ny tørråteklon, EU_41, blei for første gong funnen i Danmark i 2013. Tre år seinare vart den funnen i tre ulike felt i Noreg. Karta over viser klonens utbreiing i 2014, 2015 og 2017.

Betyr EU_41 noko for tiltak mot tørråte? 

Testing viser at det er store skilnader mellom EU_41 og den vanlege tørråten i Noreg. Den har svært høg sporeproduksjon og kan angripa fleire potetsortar med resistensgen mot tørråte.

–Sjølv om klonen ikkje er resistent mot kjemiske middel kan eit angrep av denne genotypen verta meir alvorleg enn me er vande med, fortel Håvard Eikemo. I Danmark vart det sterke angrep av denne genotypen trass intensiv bruk av kjemiske middel i 2017. 

 

Vegen vidare

I Ås klara Svein Wennersgård å halde tørråten i sjakk også denne sommaren. Men, om tørråten vert meir aggressiv, eller om det vert færre middel å ty til, må han legge om drifta. I år er til dømes siste året han kan nytta Reglone til nedsviing av potetriset, eit særs viktig tiltak for å hindre knollsmitte om hausten. Om det ikkje kjem eit godt alternativt middel vurderer han å slutte med potet for lagring. Det vert for risikabelt slik han ser det.  

Fagkoordinator for potet i NLR, Borghild Glorvigen, peiker på at det er viktig å ha ulike plantevernmiddel å veksle mellom for å unngå utvikling av resistens. Om smittepresset aukar med endra klima og med nye tørråteklonar vert dette endå viktigare.

- Med forbud mot Reglone frå 2020 kan ein og rekna med auka bekjemping av tørråte fram mot hausting, seier Glorvigen.

2.jpg
ef-20080903-100309.jpg
Tørråte på blad. Foto: Erling Fløistad.
ef-20080918-143815.jpg
Tørråte på potet. Foto: Erling Fløistad.
EU-prosjektet IPM Blight 2.0

Prosjektperiode: 2016 – 2019

Bygger på Euroblight-samarbeidet: www.euroblight.net

Samanliknar tørråte frå ulike distrikt i fem land.

Utviklar nye verktøy for integrert plantevern i potet

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.