Hopp til hovedinnholdet

Den biologiske genseren raknar

genser1_cropped

Illustrasjonsfoto: Ingvill Freland.

Sjå for deg eit strikketøy i regnbogens fargar og med tusenvis av masker. Ein heil genser. Så går det ei maske her, og to der. Vi veit at maskene må plukkast opp for å unngå hol. Genseren må ikkje rakne. Men for tida gjer han akkurat det. Maske for maske. Art for art.

I dag, 22. mai, er det FNs internasjonale dag for biologisk mangfald. Det handlar om det biologiske mangfaldet vi er avhengige av og som naturen er bygd opp av. Mangfaldet som gir oss ressursar å hauste og mat på bordet. Mangfaldet som er usynleg, men heilt nødvendig for at naturen skal fungere. Myriadar av smått og stort liv som verkar saman eller er næring for kvarandre.

For tida raknar det biologiske mangfaldet på fleire stader enn vi klarer å stoppe. Det bekreftar FNs naturpanel.

Mange fagfolk i NIBIO arbeider med biologisk mangfald. Vi har spurt nokre av dei: Kva legg du i biologisk mangfald, og kva betyr det for ditt fagfelt?

Anna Holene_F2235_Foto Kjersti Kildahl
Seniorrådgjevar Anna Holene. Foto: Kjersti Kildahl.


Dei aller minste byggeklossane

Eigenskapane vi får i arv ved fødselen er nokre av naturens aller minste byggeklossar. Dei bestemmer om vi får brune auge eller blå, om vi blir korte eller lange – og veldig, veldig mykje meir. Ei som har genetiske arveeigenskapar som ein del av jobben er Anna Holene ved Norsk genressurssenter:

- Eg tenker beinveges at bevaring av genetisk mangfald i det store biomangfaldet er viktig for å halde oppe livskraft og styrke til å møte endringar.

- Både innan ein rase og mellom rasar trengs det genetisk variasjon for å at dei skal vere robuste.

Holene seier vi må ta vare på det genetiske mangfaldet for å unngå tap av eigenskapar som vi ikkje kjenner til i dag, eller ikkje er opptatt av.

- Vi veit jo ikkje kva eigenskapar som kan bli viktige i framtida. Derfor er mangfald nødvendig  for å vere førebudd i møte med det ukjende, seier ho.

Mangel på genetisk variasjon kan medføre dårleg fruktbarheit, auka førekomst av arvelege sjukdomar og defektar.

- I intensiv avl er det alltid ein risiko for å miste eigenskapar ein ikkje har inkludert i avlsmålet, seier ho.

Holene viser mellom anna til eit doktorgradsarbeid (Sæther et al., 2006) som er gjort på forskjellar i beitepreferansar og framferd mellom gamle og nye, storferasar.

Dette forskingsarbeidet viser at storfe som er selektert – avla fram – for å yte høgt, har andre ernæringsmessige behov og åtferd enn rasar med lågare yting. Det viser og at avlsarbeid må drivast med nennsam hand for ikkje å miste genetisk variasjon.

20170713_181528
Forskar Ellen Svalheim på Svanvollan i Sør-Fron. Foto: NIBIO.


Slåttemark, naturbeite og andre artsrike univers  

Kulturlandskapsforskar Ellen Svalheim skildrar frå sin kant kva vi har mista langs vegen frå ekstensivt til intensivt jordbruk: tradisjonar, kulturarv og naturmangfald.

Medan jordbruket tidlegare brukte heile landet og ressursane der dei var, driv vi i dag eit intensivt jordbruk. Utbytet blir målt i volum per eining areal, kroner og fôr.

Svalheim meiner ikkje vi skal tilbake til tidlegare tiders jordbruk. Men ho meiner vi har noko å lære av det – mellom anna fordi biologisk mangfald har ein verdi i seg sjølv.

- Artsrike slåttemarker, naturbeitemark og kystlynghei er døme på naturtypar vi er i ferd med å miste. På 50 år er arealet slåttemark redusert med 80 prosent. Risikoen for å miste denne naturtypen i løpet av dei neste 50 åra er stor.

- Ja, vi skal halde fram med intensivt jordbruk der vi har moglegheit til det. Samtidig må vi ta større deler av landet vårt i bruk. Nær halvparten av utmarka i er i dag uutnutta. Her har vi eit stort potensial. Ikkje berre for ressursutnytting, men og for å tilføre den type bruk som fører til auka artsrikdom.

Dyra som trakkar, beiter og gjødsler, fraktar også frø og gir grunnlag for biologisk variasjon. Behovet for importert fôr går ned når meir av landets eigne beite- og  grasressursar blir nytta. Og ikkje minst, dyra har det betre når dei kan vere ut og følgje eigne instinkt.

mg201905_DSC_3001
Seniorforskar Erik Joner. Foto: Morten Günther.

Biologisk mangfald i jord

At livet oppå bakken og i lufta er variert kan vi for ein stor del sjå ved sjølvsyn. Det kan vi i mindre grad når det gjeld alt som finst av smått liv nede i jorda.

- Begrepet biologisk mangfald blir verkeleg utfordra når vi begynner å studere livet i jorda, seier jordmikrobiolog og seniorforskar Erik Joner i NIBIO.

- Jord er særleg rikt på mikroliv, det vil seie bakteriar, sopp og eincella dyr. Sjølv i den skrinnaste åker med einsidig og intensiv dyrking av korn vil eitt gram jord innehalde over 5000 arter av mikroorganismar. Ikkje individ, men artar!

Joner fortel at i jord med større mangfald av planter og årleg tilførsel av husdyrgjødsel kan talet på artar bli nesten det doble av dette.

- Nær 10 000 artar i ein klump jord stor som ein sukkerbit overgår fatteevna til einkvar. Oppå jordoverflata må ein sjølv i dei mest artsrike økosystema telje artar over fleire kvadratkilometer for å kome opp i liknande tal.

Mange, svært viktige naturgodar er avhengige av jord og organismane der. Det handlar om nedbryting av planterestar, avfall og miljøgifter, reinsing av vatn, resirkulering av næringsstoff og karbonbinding.

I jorda lever og mange andre livsformer enn mikroorganismar. Dei kan vere alt ifrå insekt og tusenbein, til meitemark og moldvarp.

- I Noreg har vi til dømes berre rundt 20 artar av meitemark. Tatt i betraktning kor viktig meitemark er for jord, har vi ikkje ein einaste art å miste, avsluttar Erik Joner.

Nina Trandem_100724_Foto Erling Fløistad
Forskar Nina Trandem. Foto: Erling Fløistad.

- Hærverk i byggevarehuset

- For meg er biologisk mangfald naturens heilt essensielle utval av byggeklossar, seier biolog Nina Trandem. Og for tida driv vi menneske hærverk i byggevarehuset!

Insektforskar Trandem har både helikopterblikk og lupe på smått liv. Nokre organismar er skadegjerar, andre er velgjerarar og nokre kan vere det eine eller det andre – avhengig av situasjon.

- Naturens mangfald sluttar ikkje å utfordre. Det er alltid noko nytt å lære! Ikkje minst når det gjeld variasjon. Også innan ein art i seg sjølv.

Akkurat no er det skadedyret epleviklar som opptar henne. Ho skal ut i frukthagen til NMBU og henge opp ei felle for å fange det vesle insektet – og overvake det.

- På verdsbasis er den vesle sommarfuglen eit av dei alvorlegaste skadedyra for eple. Lenger sør i Europa kan han ha fleire generasjonar i løpet av ein sesong. Her nord klarer han vanlegvis berre ein. Men om klimaet endrar seg her nord, kva da?

Trandem seier det ikkje er gitt at modellar som er utvikla for forholda i til dømes Frankrike, gir korrekte svar her nord sjølv om temperaturen skulle vere den same.

- Temperatur er berre ein faktor. Daglengde er ein annan, og den blir jo ikkje endra av mennesket. Korleis er samspelet mellom desse to faktorane hos norske epleviklarar?

Her finst mange spørsmål utan kjende svar. Mykje for ein forskar å ta tak i, det er tydeleg. Kan det tenkast at genetisk variasjon er ein del av spørsmåla som må undersøkast?

Ivar Gjerde_0413_Foto Kjersti Kildahl
Seniorforskar Ivar Gjerde. Foto: Kjersti Kildahl.

Naturen er alltid i endring

Skogforskaren Ivar Gjerde starta med å forske på storfugl (tiur og røy). Seinare har han samla kunnskap om alt frå snegl, insekt og edderkoppar, til planter og sopp – organismar som lever i skogen og bokstavleg talt av skogen.

- Fordi vi har fått anledning å studere mange organismegrupper  samtidig, dukkar det opp mønster vi ville gått glipp av ved å fokusere på ein art eller ei gruppe om gongen.

Forvaltning inneber prioriteringar av nokre omsyn og areal framfor andre. Berekraftig forvaltning av skogens mangfald kan vere krevjande når ein må vurdere ulike grupper opp mot kvarandre.

- Hadde alt bevaringsverdig vore samla på ein plass, ville det vore enkelt. Men slik er det ikkje. I forskinga vår no ønskjer vi å samle kunnskap som gir overblikk. Vi må forstå samanhengane for å kunne optimalisere forvaltninga og treffe med rette tiltak, på rett stad, til rett tid.

Eit lite hjartesukk glepp ut om at dei i skulen framleis lærer om økologisk balanse, som om  naturen søker og er avhengig av ei bestemt likevekt. Slik er det ikkje.

- Vi ser er at naturen er dynamisk. Og han er i konstant endring, sjølv utan vår påverknad. 

- Det er desse samanhengane vi treng å forstå meir av for å kunne drive god forvalting av skogens mangfald.

14-15.jpg
Den internasjonale dagen for biologisk mangfald

Naturmangfald, eller biologisk mangfald, er eit omgrep som omfattar alle variasjonar av livsformer på jorda. Dette inkluderer millionar av planter, dyr og mikroorganismar, arvestoffet deira og det samspelet dei er ein del av.

Talet artar som lever på kloden blir redusert i eit høgt tempo - på trass av at det er brei semje om at det er viktig å verna naturmangfaldet.

Derfor har FN markert den internasjonale dagen for biologisk mangfald sidan år 2000.

Årets tema

Our Biodiversity, Our Food, Our Health

This year's celebrations of the International Day for Biological Diversity, on 22 May 2019, focus on biodiversity as the foundation for our food and health and a key catalyst to transforming food systems and improving human health. The theme aims to leverage knowledge and spread awareness of the dependency of our food systems, nutrition, and health on biodiversity and healthy ecosystems. The theme also celebrates the diversity provided by our natural systems for human existence and well-being on Earth, while contributing to other Sustainable Development Goals, including climate change mitigation and adaptation, ecosystems restoration, cleaner water and zero hunger, among others.

Kjelde: FN – i anledning den internasjonale dagen for biologisk mangfald, 22. mai 2019.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.