Hopp til hovedinnholdet

NIBIO bidreg i nytt europeisk nettverk for overvaking av jorderosjon

mg20260330_125129

EU-prosjektet EUROSION skal utvikle eit felles europeisk system for overvaking og modellering av jorderosjon. Foto: Morten Günther

EU-prosjektet EUROSION skal etablere eit felles system for overvaking og modellering av jorderosjon i Europa. Målet er å gi betre kunnskap om omfang, utvikling og årsaker til jorderosjon, og dermed eit betre grunnlag for meir treffsikre tiltak i landbruket.

Erosjon blir rekna som ei av dei mest alvorlege truslane mot jordressursane i Europa. Når matjord blir vaska eller blåst bort, blir både fruktbarheita i jorda og evna til å produsere mat svekt. Samstundes kan erosjon føre til meir tilførsel av jordpartiklar og næringsstoff til vassdrag, noko som påverkar vassmiljø og økosystem negativt.

Klimaendringar forsterkar problemet. Meir intense regnskyll aukar risikoen for vasserosjon, medan lengre tørkeperiodar kan gi meir vinderosjon. Risikoen for erosjon varierer òg mykje med jordsmonn, topografi og driftspraksis. Dette gjer det krevjande å få eit heilskapleg og oppdatert bilete av situasjonen, både nasjonalt og på europeisk nivå.

 

Skal gi meir heilskapleg og oppdatert kunnskap

Det er denne utfordringa EUROSION skal bidra til å løyse. Prosjektet, som er finansiert gjennom EUs rammeprogram Horisont Europa, skal utvikle eit felles europeisk system for overvaking og modellering av jorderosjon. Ambisjonen er å samle og samordne eksisterande data, metodar og modellar, slik at utviklinga i jorderosjon kan følgjast betre over tid og på tvers av landegrenser.

EUROSION samlar forskingsmiljø og institusjonar frå 13 europeiske land og starta opp hausten 2025. Prosjektet er planlagt å vare i fem år.

Robert Barneveld frå NIBIO er ein av forskarane i EUROSION. Han har mellom anna vore sentral i instituttet sitt arbeid med å utvikle kart og modellar for erosjonsrisiko. Desse blir nytta av forvaltninga og landbruket i planlegginga av erosjonsdempande tiltak. Foto: Anette Tjomsland Spilling
Robert Barneveld frå NIBIO er ein av forskarane i EUROSION. Han har mellom anna vore sentral i instituttet sitt arbeid med å utvikle kart og modellar for erosjonsrisiko. Desse blir nytta av forvaltninga og landbruket i planlegginga av erosjonsdempande tiltak. Foto: Anette Tjomsland Spilling

 

Frå eksisterande data til felles europeiske løysingar

NIBIO deltek i prosjektet si første arbeidspakke, som legg det faglege og metodiske grunnlaget for eit framtidig, dynamisk overvakingssystem for jorderosjon i Europa.

– I denne fasen handlar det om å kartleggje kva slags data og metodar som finst i dag, og korleis desse kan brukast og vidareutviklast i ein felles europeisk samanheng, seier seniorforskar Jannes Stolte, som leier arbeidspakka.

– Skal vi lykkast med betre overvaking av jorderosjon, må vi byggje vidare på eksisterande kunnskap og erfaringar.

 

Langsiktig overvaking gir verdifull innsikt

NIBIO har lang erfaring med overvaking og modellering av jorderosjon i Noreg. Instituttet har mellom anna ansvar for nasjonale program som JOVA (Program for jord- og vassovervaking i landbruket) og JordVAAK, som gir kunnskap om jordas tilstand og utvikling over tid, inkludert erosjon.

I tillegg har NIBIO utvikla kart og modellar for erosjonsrisiko, som blir brukte av forvaltninga og landbruket i planlegginga av erosjonsdempande tiltak.

– Den norske erfaringa med langsiktige dataseriar og kombinasjonen av feltmålingar og modellering er relevant òg i ein europeisk samanheng. Samstundes vil EUROSION gi ny kunnskap som kan styrkje arbeidet med jordhelse og klimatilpassing i Noreg, seier Stolte.

– Målet med prosjektet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget for både landbruksforvaltning og politikkutforming i Europa. Med meir presis og oppdatert informasjon om jorderosjon vil vi bidra til meir målretta tiltak for å redusere jordtap og ta vare på jordressursane på lang sikt.

JOVA JordVAAK
EUROSION

European Soil Erosion Monitoring and Modelling Network for Sustainable Agricultural Land Management (EUROSION) er eit europeisk forskingsprosjekt leidd av Wageningen universitet i Nederland. Prosjektet har 24 partnarar frå 13 land. Målet er å utvikla betre system for å overvaka og forstå jorderosjon, slik at landbruket kan bli meir berekraftig. Prosjektet samlar både forskingsmiljø, næringsliv og organisasjonar, og omfattar både tekniske og samfunnsmessige sider ved erosjon. Det er finansiert av Horisont Europa og varer frå 2025 til 2030.

NIBIO skal mellom anna bidra til å få oversikt over eksisterande data og overvakingssystem for jorderosjon, vurdera metodar for å måla jordtap frå vatn og vind, og sjå på regelverk og landbrukspraksis som kan redusera erosjon.

Nettside: www.eurosion.eu

EUROSION samlar forskingsmiljø og institusjonar frå 13 europeiske land og starta opp hausten 2025. Prosjektet er planlagt å vare i fem år. Foto: EUROSION
EUROSION samlar forskingsmiljø og institusjonar frå 13 europeiske land og starta opp hausten 2025. Prosjektet er planlagt å vare i fem år. Foto: EUROSION

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.